JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nav

Er du misnøgd med behandlinga hos Nav? Sjå råda frå eksperten

Jahn-Tore Fjeldstad har gode tips til deg som ikke er fornøyd med utfallet av Nav-saken.

Jahn-Tore Fjeldstad har gode tips til deg som ikke er fornøyd med utfallet av Nav-saken.

Kjell Inge Søreide

Nav-ombodet avslører sine beste knep.

2023051609490020230727144201

agnes.bridge.walton@fagbladet.no

Jahn-Tore Fjeldstad er Nav-ombod i Agder, og den einaste av sitt slag i Noreg. Sjølv om han er tilsett for å støtte og rettleie befolkninga i nettopp Agder, får han telefonar og førespurnadar frå heile landet. 

Her deler Fjeldstad sine beste råd til dei som har ei sak hos Nav som ikkje går slik dei hadde håpa. 

Dette er det aller viktigaste å hugse på, ifølge Fjeldstad: 

– Det er ikkje slik at 19.000 tilsette på Nav har som mål å gjere akkurat ditt liv vanskeleg. Dei aller fleste Nav-tilsette gjer faktisk sitt ytste innanfor regelverket for å hjelpe brukarane. Sjølvsagt kan feil oppstå, men da må ein gjere sitt for å rette opp feilen. 

Over halvparten av befolkningen fikk penger fra Nav i 2022

Ta kontakt med Nav

Fyrst må du logge inn på nav.no og skrive spørsmålet ditt. Det er viktig å gjere dette skriftleg, slik at svaret blir lagra. Dersom du er ueinig i svaret, bør du be om skriftleg grunngjeving. 

Nav vet fortsatt ikke hvor mange som mistet AAP i et helt år

Les all dokumentasjon i saka 

I tillegg til å ta skriftleg kontakt med Nav og stille konkrete spørsmål bør du lese all dokumentasjon som ligg til grunn for eit vedtak – nøye. 

Ei legeerklæring speglar legen si oppfatning av helseutfordringane dine. Les denne for å sjekke om legen har forstått alt du ville formidle. 

Er det laga ei arbeidsevnevurdering? Dette dokumentet er eit godt innblikk i korleis Nav har sett på saka di. Det er ei vurdering av moglegheitene dine på arbeidsmarknaden. Vurderinga vil vise kva slags opplysningar Nav har lagt vekt på og korleis dei har tolka desse. Her kan du til dømes sjekke om legen er samd i den medisinske tolkinga til Nav. Har Nav tolka konsekvensane av ein sjukdom eller symptom korrekt opp mot arbeidsmarknaden? 

Så mange Nav-ansatte har millionlønn

Ny rettleiar? 

Det er nok ikkje personleg når saka ikkje går som ein brukar hadde tenkt. Dersom du likevel kjenner at kommunikasjonen mellom deg og rettleiaren ikkje er god, er det lurt å bruke funksjonen «skriv til oss» og lage eit referat frå møtet. Her er eit eksempel: 

«Hei [rettleiar], eg viser til møte [dato]. Eg oppfatta at eg skulle gjere [...] og at [...] var det viktigaste i møtet. Er dette korrekt? Du sa til dømes at eg måtte [...]. Har du moglegheit til å forklare kvifor eg må gjere dette?».

Dersom du ofte får svaret «nei det er feil» eller «du har misforstått», kan du bruke det som grunnlag for å be om å byte rettleiar: Da har du dokumentert skriftleg at dialogen ikkje er god, og Nav kan vurdere om eit bytte er nødvendig.

Nav-ansatte ga politikerne klar beskjed: – Dere bestemmer stønadsnivået og vi får hets for det

I tvil om du skal klage eller ikkje? 

Dersom du ikkje er sikker på om du vil klage på eit vedtak kan du be (skriftleg) om utsett klagefrist for å undersøke. 

Har Nav gjort ein feil? 

Dersom du har lese all dokumentasjon nøye og meiner at Nav har gjort ein feil i behandlinga, kan du klage.

Det er mogleg å bruke «serviceklage» og be om skriftleg svar. Da burde du skrive kort og konsist kva du meiner er feil og kom gjerne med eit løysingsforslag. 

Nav presiserer ovanfor Fagbladet at vanleg klageprosess skal brukast i staden for serviceklage dersom det er innehaldet i vedtaket du vil klage på, ikkje behandlinga.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy