Regjeringa til kommune-ansatte: – I dag er ein gledas dag for dei som er urolege for å miste jobbane
MEIR PENGAR: Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) lova fem milliardar kroner ekstra i år og neste år til kommunane.
Øystein Windstad
Dei som jobbar i kommunar og fylkeskommunar, må ikkje frykte at økonomien i kommunen skal gå ut over dei, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna. – Om noko treng vi fleire fagfolk, seier ho.
oystein.windstad@fagbladet.no
I dag kom nyheita om at regjeringa gjev 4,3 milliardar kroner til kommunane og 700 millionar til fylkeskommunane. På ei pressekonferanse fredag utdjupa arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna og kommunal og- distriktsminister Erling Sande kva dei ekstra pengane betyr.
Kommunane har fått mindre inntekt frå skatt og auka utgifter til blant anna pensjon. Fleire stadar i landet må kommunar spare og kutte. Fagbladet stilte dette spørsmålet til Brenna og Sande:
– Kva vil du seie til dei som jobbar i kommunar og fylkeskommunar, som er redde for jobbane eller er redde for kva innsparingane fører til for dei?
• Regjeringa med fem milliardar til hardt pressa kommunar
Minister: – Vi treng fleire fagfolk
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna seier at kommunane vil trenge fleire hender på dekk:
– Med å bidra noko til at budsjetta i kommunane og fylka er litt mindre pressa, er dette ein gledas dag for dei som er urolege for å miste jobbane. Fordi no vil kommunane ha litt meir armslag for å ta vare på folk og utvikle tenestene sine vidare. Eg håpar at alle som jobbar i dei ulike tenestene rundt i landet tek til seg: Vi treng fleire folk. Vi treng nettopp fleire fagfolk, svara Brenna på pressekonferansen til regjeringa.
Brenna, som tidlegare var kunnskapsminister, har blant anna bakgrunn som ungdomssekretær i LO og som generalsekretær i AUF. Ho er no nestleiar i Arbeidarpartiet.
• Kommunar må ta drastiske penge-grep
– Ein litt lettare jobb
Kommunalminister Sande frå Senterpartiet starta sitt svar med eit anerkjennande nikk:
– Eg vil seie til alle tilsette i kommunane og fylkeskommunane at dei gjer ein veldig viktig jobb. Som ikkje alltid blir lagt merke til, men som er heilt essensiell i liva våre. Det blir gjort ein stor og solid jobb rundt i norske kommunar, sa Sande.
Regjeringa sitt mål, ifølgje Sande, er å gi kommunane litt pusterom.
– I dag prøvar regjeringa å bidra i det som er ein krevjande situasjon i kommunane. Der tilsette føler seg utrygge grunna dei økonomiske rammene. Vi bidreg med noko meir midlar inn slik at kommunane får ein litt lettare jobb enn dei ville hatt. Når dei skal planlegge sine budsjett for neste år og dei komande åra, sa kommunalminister Sande.
Han har bakgrunn blant anna som strategidirektør i kraftproduksjon.
• Stor auke i kommunar som har havna på robek-lista
NESTE ÅR: Kommunal og- distriktsminister Erling Sande (Sp) seier at dei ekstra pengane kjem i år og neste år, og at målet er at dei skal fortsette. Men at det er opp til budsjettforhandlingane å avgjere.
Øystein Windstad
Fagforbundet: – Har høyrt medlemmane våre
Fagforbundet og leiar Mette Nord meiner regjeringa har lytta. Det skriv Fagforbundet i ei pressemelding:
– Vi er glade for at regjeringa no har lytta til dei tydelege meldingane både frå medlemmar og frå kommunane. Våre medlemmer i dei kommunale velferdstenestene har veldig tydeleg fortalt om ein fortvila situasjon som følge av dårleg kommuneøkonomi. Arbeidet dei gjer, blant anna i barnehagar, skular og eldreomsorg, har blitt enno tøffare grunna budsjettkutt og låg bemanning. Dette er ein situasjon som truar velferdstilbodet og gjer at medlemmane våre må springe endå raskare på jobb, seier Nord.
Ho åtvarar politikarar om skattekutt:
– Kommunepolitikarane har eit stort ansvar. Kommunane må sørge for at folk får dei velferdstenestene som dei treng. Som barnehage, tekniske tenester og eldreomsorg. Dei må prioritere gode velferdstenester. Og legge vekk forslag gom kutt i eigedomsskatt og privatisering. Dette vil gje mindre velferd og dårlegare løns- og arbeidsvilkår til dei tilsette, seier Nord, som og er medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet.
Fagforbundets arbeidsgjevarmotpart, organisasjonen KS, går ikkje fullt så langt.
– Auka bevillingar vil lette situasjonen for mange kommunar og redusere behovet for dramatiske kutt. Det er samtidig viktig at alle er ærlege på at det framleis vil vere behov for tøffe prioriteringar framover, seier KS-styreleiar og Høgre-politikar Gunn Marit Helgesen i ei pressemelding.