JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Sår tvil om «det høgaste sjukefråveret» i verda

SKEPTISK: Forskar Ivar Lima i Arbeids- og velferdsdirektoratet er ikkje einig i at vi har eit høgt sjukefråver.

Nav

Forskar Ivar Lima er skeptisk til påstanden om at sjukefråveret i Noreg er høgare enn i andre land.

2024122710470520241227104705

oystein.windstad@fagbladet.no

I haust har sjukefråvær og sjukeløn blitt heftig diskutert. Nyleg gjekk Ivar Lima, forskar ved Analyseseksjonen i Arbeids- og velferdsdirektoratet ut med denne kronikken i Aftenposten. Han meiner det er fleire påstandar som er feil i sjukelønsdiskusjonen:

– Eg må innrømme at eg er litt skeptisk til den påstanden at sjukefråværet i Noreg er utvilsamt høgare. Det er i samanheng med at vi har ei betre ordning enn mange andre. Du kan kanskje få utbetalt sjukelønn lenger. Og det er ein høgare kompensasjonsgrad.

Nav: Auka sjukefråvær kan kome av covid-seinfølger

KUTT: Venstre vil kutte i sjukepengane etter seks månader. Frp er open for at du ikkje får løn første dagen du er sjuk. Oslo Høgre vil også kutte i sjukeløna.

Kasper Holgersen

Har andre ordningar

I Sverige er det til dømes slik at foreldre har 100 dagar i året dei kan vere heime med sjukt barn:

– Det er andre typar ordningar i ulike land og det gjer at det er vanskeleg å samanlikne. Dette er noko vi treng meir forsking på, seier Lima.

NYE TAL: Kreft merkbar grunn til langtidssjukmelding

Blir rekna som arbeidsledige

Lima viser blant anna til forsking av Statistisk sentralbyrå:

– SSB har sett på høgare sjukefråvær i Noreg og konkluderer med at ein årsak er at i Noreg blir ein gåande lenger med sjukeløn når ein er sjuk. Medan i andre land er ein oftare rekna som arbeidsledig medan dei er sjuke, seier forskaren.

Han peikar også på at det auka sjukefråveret ikkje er eit særnorsk fenomen. Han viser til at sjukefråveret har gått opp i Tyskland, England, Danmark og Sverige.

Høgre vil ikkje frede sjukeløna

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy