Høgre har ikkje som politikk å kutte sjukelønna – men vil ikkje gi ein garanti
BEVARE: Henrik Asheim er 1. nestleiar i Høgre og seier dei vil bevare sjukepengane.
Jan-Erik Østlie
Høgre ønsker ikkje å kutte i sjukeløna, seier parti-nestleiar Henrik Asheim. Men han lovar ikkje eit sjukeløn-ultimatum om Venstre og Frp vil ha eit kutt etter valet. – Vi vil jobbe for gjennomslag for vår politikk, så er det veljarane som avgjer kor mykje innflytelse vi får.
oystein.windstad@fagbladet.no
Frp er opne for å kutte i sjukeløna og Venstre vil kutte etter seks månader. NHO er opne for svensk sjukeløn i Norge. Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran seier partiet garanterer for sjukeløna om dei får fortsette i regjering (ingen av deira potensielle støtteparti er heller for eit kutt, red.anm.) – og meiner Høgre «mumlar i munnvika» om saka.
– Vil bevare sjukepengane
Nestleiar og arbeidspolitisk talsperson Henrik Asheim svarar slik på utfordringa frå Skjæran: Han vil ikkje komme med ein klar garanti om at ei regjering Høgre tar del i, ikkje kan ende med å kutte i sjukeløna, men han seier Høgre er mot eit slikt kutt:
– Høgre er ikkje for å kutte i sjukepengane, så får Frp og Venstre svare for sin politikk. Vi vil jobbe for gjennomslag for vår politikk, så er det veljarane som avgjer kor mykje innflytelse vi får, svarar Asheim på epost. Det største fylkeslaget i Høgre, Oslo Høyre, er for kutt i sjukeløna.
• Sjekk kva parti som vil kutte i sjukeløna her
Meiner Ap bygger valkamp på løgn
Bjørnar Skjæran i Ap seier han meiner ei ny regjering med Høgre, Frp og eventuelt Venstre vil før til kutt i sjukeløna.
Det meiner Asheim er feil:
– Arbeidarpartiet må slutte å bygge valkampen sin på løgn. Det er ikkje Høgre sin politikk å kutte i sjukepengane til arbeidstakarane. Det har det heller ikkje vore i over 20 år, svarar Asheim som er arbeidspolitisk talsperson for Høgre.
I dag er han 1. nestleiar i partiet og var blant anna kunnskapsminister og arbeids- og sosialminister i Solberg-regjeringa.
• Ap: – Høgresida planlegg kutt i sjukeløna
Vil at arbeidsgjevarar skal gjere meir
Høgre har i sitt program at dei vil sjå på om arbeidsgjevarane kan ta ein del av rekninga når folk er vekke lenge frå jobben. I dag er de slik at arbeidsgjevarane betaler sjukepengar dei første 16 dagane. Etter tek staten over rekninga:
– Høgre sin programkomité foreslår ikkje kutt i sjukepengane, men vi ønsker å sjå på kostnadsfordelinga mellom Nav og arbeidsgjevarar for å styrke deira insentiv til å få langtidsjukemelde raskare i jobb, skriv Asheim.
• Finn ut kor mykje du vil tape på svensk sjukeløn
Meiner karensdag er urettferdig
Blant andre NHO opnar for at alle som er sjuke, får null kroner første dagen dei er vekke frå jobben. Såkalla karensdag.
Dette har ikkje Høgre og Asheim trua på:
– Heile offentleg sektor og mange leiarar og funksjonærar i privat sektor har tariffesta full løn under sjukdom. Reduserer vi sjukepengane, vil det føre til at det blir store forskjellar mellom yrkesgrupper. Innfører vi karensdagar vil det berre gå utover dei som ikkje kan ha heimekontor. Den urettferda er eg mot, seier Asheim.
PS: Høgre-leiar Erna Solberg ga i 2018 ein garanti om at sjukeløna skulle bestå. Ho har ikkje sagt noko så langt i år. I ei KI-produsert oppsummering av eit intervju ho og Sylvi Listhaug hadde med VG tirsdag 17. desember, sto det at ho lova at det ikkje vart eit kutt med Høgre – det punktet var ikkje omtala i sjølve teksten og er fjerna frå saka etter at Fagbladet har vore i kontakt med både Høgre og VG.