DYRT: Det kan koste arbeidsgjevarar fleire hundre tusen kroner i bot, om dei får tilgang til epost dei ikkje har lov til. Datatilsynet har sett eksempel på arbeidsgjevarar som fekk tilgang til privat epost til tilsette.
Colourbox
oystein.windstad@fagbladet.no
Nyleg skreiv Fagbladet om at sjefen reint teknisk sett kan finne ut nesten alt om deg, om du har jobbtelefon som du brukar privat. Datatilsynet fortel dei har fått inn ein del saker som handlar om ulovleg overvaking av e-postane til tilsette.
•Dette har sjefen lov til å sjekke på jobbtelefonen din
Har delt ut bøter for over 700.000 kr
Tilsette har eit sterkt personvern og regelen er at leiinga berre kan sjekke epost eller jobbtelefon i samband med sikkerheit, for eksempel ved hacking. Eller om det er mistanke om noko kriminelt. Jeanette Dyrkorn er juridisk seniorrådgjevar i Datatilsynet:
– Vi har fleire eksempel på at arbeidsgjevar har skaffa seg kontinuerleg tilgang til tilsette sine e-postar ved å bruke automatisk vidaresending, og desse sakene fører ofte til gebyr, skriv Dyrkorn i ein epost til Fagbladet. I fjor og i år har Datatilsynet delt ut 700.000 kr i gebyr for ulovleg vidaresending av mail.
•Sjekk kor mykje prisveksten et av løna di
Sjefen fekk tilgang til privat epost
Dyrkorn fortel at i nokre av sakene der Datatilsynet har delt ut bot, har arbeidsgjevar fått tilgang til privat epost til den tilsette. I alle dei tre eksempla dreier det seg om automatisk vidaresending av epost når den tilsette er sjukemeldt, eller har slutta.
Den største bota gjekk til ei verksemd der sjefen skrudde på automatisk vidaresending av mail, der den tilsette var sjukmeldt og vekke i ein månad. Den tilsette oppdaga vidaresendinga, klaga og det førte til ei bot på 400.000 kroner. Verksemda fekk også vedtak om å utbetre dei skriftlege rutinane for innsyn i epost. Datatilsynet har ikkje gått ut med namnet på verksemda, for å skjerme identiteten til den tilsette. Les meir her om verksemdene som fekk 100.000, 200.000 og 400.000 kr i gebyr.
VERN: Eirik Randsborg Lie er personvernombod i Fagforbundet og fortel at personvernet til tilsette står sterkt. Det er vareteke av både forskrift og GDPR.
Øystein Windstad
Mange veit ikkje rettane sine
Eirik Randsborg Lie er personvernombod i Fagforbundet. Han fortel at personvernet til arbeidstakarar er godt verna i lovene:
– Mange tenkjer at dette er arbeidsgjevars utstyr og datasystem. Det betyr ikkje at du er utan rettar.
– Kva skal du gjere om det er mistanke om ulovleg sjekking av jobbtelefonen eller epost?
– Ein del arbeidsplassar har personvernombod. Det har au kommunane. Dei kan kontaktast og har teieplikt. Eg ville tenkt at det er nært og trygt å gå til ein tillitsvalt. Og få dei til å snakke med arbeidsgjevar. Du kan au kontakte Datatilsynet. Også er det sjølvsagt viktig å vurdere om konveksvensene av overvakinga for deg er så store at du bør slutte å bruke jobbtelefonen til private ting, seier Lie. Han understrekar at du har krav på å få vite:
– Er du i tvil om korleis opplysningane dine blir brukt, er det eit lovbrot i seg sjølv. Du har rett til informasjon. Informasjonen skal vere tilgjengeleg. Kva eit system gjer og korleis opplysningane blir brukt. Er du i tvil, er det nokon som skal kunne svare på det. Er det ikkje nokon som kan svare på det, er det eit problem i seg sjølv, seier personvernombod Lie i Fagforbundet.
Les meir om når sjefen kan gå inn i e-posten din her.
Les meir om når sjefen kan gå inn på jobbtelefonen din her.
Barnetrygden øker med 2400 kroner i året for barn over seks år.
Martin Guttormsen Slørdal
NY RAPPORT: Fagbladet har fått innsyn i en spørreundersøkelse som 221 av landets 260 Nav-kontorer har svart på.
Ørn E. Borgen / NTB
NY UTSIKT: – At jeg tar ting med humor, er bare en overlevelsesgreie, sier Berit Hafsmo, som ble kastet ut fra Skitbyen og nå bor her, i en lavblokk et annet sted i Trondheim.
Berit Baumberger
HTV: Erik Borgersrud er hovudtillitsvald for Fagforbundet på Nav Gamle Oslo. – Dyrtid i samfunnet fører til auka utgifter til sosialhjelp. Samtidig kjem det mange flyktninger som treng vår assistanse, dette utfordrar oss. Vi må jobbe effektivt og godt innan dei økonomiske rammene vi har.
Anita Arntzen
RETTFERDIG FORDELING: – Det er veldig store kvinnedominerte yrker i offentlig sektor, og veldig mange i de lavere lønnsjiktene. Et ekstra fokus på lavlønn vil derfor også gi gunstig effekt på likelønn, sier Mette Nord.
Werner Juvik
KUNNSKAP: Som pårørende visste Henriksen at morens atferd var svært avvikende.
Kathrine Geard