JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Slik fekk dei sjukefråværet nesten halvert

RESULTAT: Oppfølging og tilrettelegging er noko av stikkorda for at dei tilsette ved Kantarellhjemmet i Oslo har fått ned sjukefråveret. Frå venstre Shammim Andreassen Shahid, Birthe Wold Myhre, Evangeline Morales, Mustapha Yacoubi, og Ewa Adamski.

RESULTAT: Oppfølging og tilrettelegging er noko av stikkorda for at dei tilsette ved Kantarellhjemmet i Oslo har fått ned sjukefråveret. Frå venstre Shammim Andreassen Shahid, Birthe Wold Myhre, Evangeline Morales, Mustapha Yacoubi, og Ewa Adamski.

Øystein Windstad

På Kantarellhjemmet har dei nesten halvert sjukefråveret på under eit år. Eit av tiltaka møtte stor skepsis i starten, men er no akseptert blant dei fleste.

2024100210461920241002133642

oystein.windstad@fagbladet.no

Debatten rasar, og det verkar nesten som ei uløyseleg gåte: Kva skal vi gjere med sjukefråveret?

Noreg har lenge hatt skyhøgt sjukefråvær, og nivået held fram med å auke. Særleg etter pandemien har sjukefråværet skote i vêret.

På Kantarellhjemmet i Oslo går dei mot straumen. Medan folk generelt har vore meir borte frå jobben i Noreg etter pandemien, har dei tilsette og leiinga på Kantarellhjemmet funne svaret.

Frå 2023 til i år har sjukefråveret gått ned frå 13,3 prosent til 8,7 prosent i snitt.

I desse yrka ramlar flest ut av arbeidslivet etter sjukdom.

 

Frå «kjip» til omsorgsfull telefon

På eit rom sit nokre av dei som har vore med på snuoperasjonen.

Birthe Wold Myhre er konsulent, Mustapha Yacoubi er serviceleiar, Evangeline Morales er leiar for post 2 (somatisk avdeling), Shammim Andreassen Shahid er avdelingsleiar for post 3 (skjerma avdeling), og Ewa Adamski er institusjonssjef.

Eit tiltak som overraska mange, er telefonen som kjem etter tre dagar.

– Vi ringer for å høyre korleis det står til, korleis det går, og når ein tenkjer å kome tilbake. Og kva planen vidare er, fortel Wold Myhre.

I starten opplevde ho og avdelingsleiarane motgang. Dei som vart ringde opp, blei sure og sinte i byrjinga fordi dei tok kontakt.

– Det gjekk litt tid, men etter kvart følte vi at folk synest dette var greitt, fordi dei kjende seg både sett og høyrde.

Avdelingsleiar Morales seier at dei ringer for å ta vare på dei tilsette.

– Eg ringer deg ikkje for å kontrollere deg. Eg ringer fordi eg vil følgje deg opp, og det handlar om omsorg, seier ho.

I år er korttidsfråværet 2,5 prosent og langtidsfråværet 6,1 prosent ved Kantarellheimen.

Hjelpepleiar Unni kom på jobb då ho var sjukemeldt. Då skjedde det noko.

KONSULENT: Birthe Wold Myhre er Fagforbundet-medlem, tidlegare tillitsvald og jobbar som konsulent ved Kantarellhjemmet. Ho har jobba tilsaman 25 år ved Kantarellhjemmet og har fokusert spesielt på korleis følge opp tilsette og minske sjukefråveret dei siste åra.

KONSULENT: Birthe Wold Myhre er Fagforbundet-medlem, tidlegare tillitsvald og jobbar som konsulent ved Kantarellhjemmet. Ho har jobba tilsaman 25 år ved Kantarellhjemmet og har fokusert spesielt på korleis følge opp tilsette og minske sjukefråveret dei siste åra.

Øystein Windstad



Tilrettelegging

Det jobbar til saman rundt 240 ved Kantarellheimen, som har 96 bebuarar og 35 dagsenterplassar. Tiltaka har vore alt frå søknader som førte til innkjøp av moppande robotar for å avlaste reinhaldarane, til samarbeidsprosjekt med Nav som stilte med rettleiarar.

Avdelingsleiar Shahid fortel at dei fokuserer på tilrettelegging og dialog. Dei har tett oppfølging med dei tilsette som har vore fråverande.

– Vi har blant anna etterspurt dialogmøte med fastlegen. Der har vi vore opne om kva som skal til for å halde den tilsette i jobb, kva moglegheiter som finst her, og kva utsikter den tilsette har, samt at ein er open om det.

Shahid er ærleg på at det kan vere sårt for mange, fordi dei har eit yrke dei brenn for, men som kroppen ikkje lenger toler.

– Samtidig finst det andre alternativ, seier ho.

Ho og dei andre understrekar at jo meir open den tilsette er om kva som står på, jo meir kan leiinga, fastlegen og Nav bidra med tiltak.

– Vi har dialog om kva dei tilsette kan gjere og ser om det er mogleg å finne andre arbeidsoppgåver eller om eit miljøskifte kan vere aktuelt, seier Shahid.

TILRETTELEGGING: Shammim Andreassen Shahid er leiar for post 3 som er skjerma avdeling med mange demenspasientar. Ho seier det er viktig å vise at leiinga ser dei tilsette og viser dei vil gjere mykje for å tilrettelegge.

TILRETTELEGGING: Shammim Andreassen Shahid er leiar for post 3 som er skjerma avdeling med mange demenspasientar. Ho seier det er viktig å vise at leiinga ser dei tilsette og viser dei vil gjere mykje for å tilrettelegge.

Øystein Windstad

Forskar: Må regne med høgare sjukefråvær innan helse.

Tiltak mot sjukefråver på Kantarellhjemmet

• Søkte og gjekk til innkjøp av moppande robotar som avlasta reinhaldar

• Ringer dei som er sjuke etter dag tre og fire

• Alle tilsette blir informert om fråversrutiner og oppfølging og signerer på at dei kjenner til dei

• Har fått inn praktikantar via Nav som kan avlaste slik at personell kan fokusere på bebuarane

• Nav-veiledarar har halde kurs om arbeidsgjevar sine plikter og medvirkningsplikta for tilsette

• Tilsette som ikkje har vore vekke i løpet av eit år blir også sett og får ein liten premie

• Brukar avventande sjukemelding med dialog og tilrettelegging

• Tilrettelegging for at tilsette kan bruke bassenget i arbeidstida

• Det blir lagt vekt på avdelingsvise sosiale arrangement for at tilsette skal føle seg sett og verdsatt

Kan møte på jobb i lurvete form

Styrar Adamski fortel at dei har hatt fleire avdelingssamlingar der dei har diskutert arbeidsmiljø, trivsel, samarbeid, fordeling av oppgåver, kompetanseheving og meistring.

– Vi har tilsette som kjem med forslag til tiltak sjølve, og dei ser viktigheita av å vere til stades, sjølv om dei ikkje er på topp.

– Om du kjem på jobb og ikkje er heilt i form, skal vi gje deg lettare oppgåver, seier institusjonssjefen.

Leiarane fortel at den opne diskusjonen mellom dei tilsette har ført til at det no er aksept for å kome på jobb, sjølv om ein ikkje er heilt hundre prosent. Andre tilsette stiller opp for å avlaste og hjelpe når dei veit at kollegaen ikkje er heilt i slaget:

– Vi er der for å løfte kvarandre gjennom arbeidsdagen, seier Morales.

 Evangeline Morales er leiar for post 2 (somatisk avdeling)

Evangeline Morales er leiar for post 2 (somatisk avdeling)

Øystein Windstad

– Mindre pengar når du er sjuk hjelper deg ikkje.

Brukar Nav og andre støtter aktivt

Serviceleiar Yacoubi fortel at dei på avdelinga hans har gode erfaringar med å søkje lønstilskot frå Nav.

– Den tilsette kjem på jobb og får hjelp av ein annan som følgjer han eller ho og hjelper til med dei tyngste oppgåvene. No har vi null fråvær. Den hjelpa vi får frå Nav er kjempeviktig.

Ein av nøklane til at Kantarellheimen har fått ned sjukefråværet, er at dei har nytta mange av dei moglegheitene som finst i systemet, seier styrar Adamski.

– Blant anna jobbar vi for å få ekstra ressursar frå Nav, arbeidssenter, vi har første- og andreklassingar frå vidaregåande, Unge i jobb og Menn i helse, blant anna.

Barnehage testar sekstimarsdag - Spent på kva som skjer med sjukefråveret.

Ewa Adamski er institusjonssjef ved Kantarellhjemmet i Oslo.

Ewa Adamski er institusjonssjef ved Kantarellhjemmet i Oslo.

Øystein Windstad

Kaptein på dekk

Noko anna dei trekkjer fram som viktig, er at leiarane er tilgjengelege og er med på å ta i eit tak sjølve.

– Leiaren kan vere eit godt eksempel for dei tilsette, seier serviceleiar Yacoubi.

Ho har ei lita avdeling med reinhald på berre seks årsverk.

– Vi har jobba med tanken om å gje og få. I dag er du dårleg, då jobbar du med det du får til, og så kan du gå heim. Og eg takkar for at du har vore her likevel. I morgon tek eg ikkje inn nokon vikar.

– Når dei ser at leiaren sjølv jobbar, tenkjer folk seg om hundre gonger før dei ringer og melder seg sjuke, meiner Yacoubi, som sjølv stiller opp med reinhald når det er sjukdom.

Han får støtte frå avdelingsleiar Shahid, som seier at det er viktig med ei synleg leiing. Ho fortel at alle i leiinga er ute på avdelingane og hjelper til dersom det er sjukdom.

– Vi sender tilsette på kurs, og då stiller leiinga opp og tek seg av brukarane, skyt institusjonsleiar Adamski inn.

Ho understrekar at arbeidet med å få ned sjukefråværet er ein prosess. Dei er godt i gang, men har framleis ting å jobbe med.

Ein av tre er sjukmeldt på grunn av forhold på jobben.

Øystein Windstad

Leiar av post 3, Shahid, fortel at innsatsen for å få ned sjukefråværet har ført til ei endring i måten mange tenkjer på:

– Vi har gått frå «kvifor kjem du på jobb om du har vondt i hovudet» til «så bra at du er her, då kan du hjelpe oss litt. Ikkje stress». Den kulturen har vi bygd, og vi jobbar vidare med den.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy