HTV: Erik Borgersrud er hovudtillitsvald for Fagforbundet på Nav Gamle Oslo. – Dyrtid i samfunnet fører til auka utgifter til sosialhjelp. Samtidig kjem det mange flyktninger som treng vår assistanse, dette utfordrar oss. Vi må jobbe effektivt og godt innan dei økonomiske rammene vi har.
Anita Arntzen
oystein.windstad@fagbladet.no
Nav Gamle Oslo i bydelen Tøyen er det største Nav-kontoret i landet. Mange av dei som går inn dei glidande dørene og forbi dei røslege vektarane her, møter Erik Fjellberg. Han og to kollegaer tek i mot mellom 15–25 personar om dagen. Tiltaket heiter «Jobbfinneren». Det samlar ei gruppe som i tre timar får hjelp av tre rettleiarar.
– Vi ser at no får vi i større grad litt tyngre brukarar som har ekstra behov. Og at det er litt færre stillingar der ute. Det igjen gjer det vanskelegare å kome ut i jobb, seier Fjellberg.
Han fortel at det er endå vanskelegare for dei som står utanfor arbeidslivet:
– Vi trur dette kan ha samanheng med økonomien i marknaden. Renteoppgangen har effekt, husleiga går opp og alt blir dyrare. Dei som har slite, slit meir no, seier han.
• Dei gode tipsa: Slik kan du spare tusenlappar i månaden
{u1}
Fleire med «vanlege jobbar»
Dei som jobbar på Nav, merkar at det har skjedd noko det siste året.
– Det er noko meir av dei som har vanlege jobbar. Særleg enkelthushaldningane, som treng litt ekstra hjelp, seier Erik Borgersrud.
{s1}
Han er hovudtillitsvald ved Nav Gamle Oslo. I fjor fekk dei tilsette på landets største Nav-kontor eit nyoppussa bygg med alt frå opne kontorlandskap til stillerom.
Samtidig fekk dei etterdønningane etter ein pandemi, krig og dyrtid i fanget: Frå januar til september i år har sosialhjelpsutbetalingane auka med 344 millionar kroner i Oslo.
Det er ei auke på 35 prosent. Veksten er størst blant brukarar under 30.
{f1}
• Sjekk kor mykje meir du får utbetalt på konto i desember
Brukar meir tid
Fjellberg og rettleiarane på Jobbfinneren hjelper med alt frå CV, korleis skrive søknad og til blant anna jobbintervju-trening. Fjellberg og kollegaene ser ein tendens:
– Vi merkar at dei som kjem til oss, brukar lenger tid. Frå dei kjem inn døra til dei går ut den andre døra i jobb. Dei brukar meir og meir innsats på dei same sakene, seier han. og legg til:
Det betyr meir jobb for Nav-rettleiarane og.
JOBBFINNEREN: Kvar dag får rundt 25 personar hjelp på Nav Gamle Oslo til jobb nummer ein, å finne arbeid. Kursdeltakarane får alt frå jobbintervjutrening til tips til korleis lage ein god CV. Prosjektet heiter Jobbfinneren.
Anita Arntzen
– Vi må vere endå meir på ballen og forvente at vi må legge ned ekstra innsatsar. Og vere førebudd på at det er komplekse saker som treng fleire tenester på ein og same gong. Vi må samarbeide i større grad også, seier Fjellberg.
TETT PÅ: Erik Fjellberg (t.v.) og Jesper Steine (i midten) er tett på dei som ser etter ny jobb. Fjellberg jobbar som veiledar og Steine er er ansvarleg for jobbsøk-teamet.
Anita Arntzen
• Har du feriedagar til overs? Dette må du gjere
Ser lengre matkøar
Teikna på at det blir meir å gjere for dei Nav-tilsette såg ein allereie i tal frå 2021 til 2022. Då auka andelen som fekk sosialhjelp med 10 prosent nasjonalt. Oversikta frå SSB viser også at det blei 1700 fleire i full jobb som fekk sosialhjelp i 2022. Hovudtillitsvalde Borgersrud har jobba på Nav sidan 2012.
– Korleis er det å jobbe her når det meste blir dyrare?
– Det er sjølvsagt krevjande, men også gjevande. Vi ser at det økonomiske spelerommet til dei vi hjelper, har blitt redusert. Då blir det meir krevjande og meir stressande å leve.
Veteranrådgjevar: – Har stått i kriser før
Sjølv om folk kan kjenne skvisen, kunne det ha – og har – vore verre, seier rådgjevar-veteran Snorre Visnes.
Det er ikkje berre i Oslo at fleire får trongare økonomi. Til dømes i Kristiansund, som har ei arbeidsløyse på to prosent, er det fleire både unge og gamle som søker sosialhjelp, fortel Nav-rådgjevar Snorre Visnes til Fagbladet.
Men for den erfarne rådgjevaren er det viktig å få fram at Nav har stått i kriser før. Som for rundt 30 år sidan, då Visnes nettopp hadde bytta jobb frå bank til offentleg gjeldsrådgjeving.
– Då møtte eg stadig unge folk, også dei som hadde jobba i bank, kom med sine gjeldsproblemer samstundes som dei mista arbeidet sitt. Botnen i boligmarknaden falt ut. Kundane blei sittande att med boliggjeld som dei ikkje greidde å handtere, og mange måtte gå frå hus og heim. Av denne gruppa etablerte unge med jobb og eigen bustad, bil og kanskje hytte, og med økonomiske problem, har vi fram til no ikkje sett så mange som tek kontakt, seier Visnes.
Den finansielle faren er ikkje over. Han viser til at på to år har mange med bustadlån fått 3,5-4 gonger meir i renteutgifter:
– Det kan kome ei auke etter kvart, dersom renta bit seg fast på et forholdsvis høgt nivå, og fleire mistar arbeidet sitt, seier Visnes.
Fakta om dyrtid
• Sosialhjelp-utbetalingane har auka med 35 prosent frå sepember 2022 til september 20223.
• I kroner er auka på 344 millionar.
• I snitt har de blitt 13 prosent fleire mottakarar det siste året.
• Den gruppa som vekst mest er unge under 30.
• Det var 32 prosent fleire under 30 som fekk sosialhjelp i Oslo det siste året.
• Dei nyaste nasjonale tala er frå 2022.
• I snitt blei det 10 prosent fleire som fekk sosialhjelp frå 2021 til 2022.
• Høgare rente, dyrare straum og generell privekst blir peika på som årsak til dyrtid.
(Kjelder: SSB og Oslo kommune)
Det er noko meir av dei som har vanlege jobbar. Særleg enkelthushaldningane.
Erik Borgersrud, hovudtillitsvald i Nav Gamle Oslo
DUO: Mette Nord og Jørn Eggum leder de to største LO-forbundene. Representanter fra ledelsen og fagfolk i begge forbund har møttes for å snakke om AFP i privat sektor.
Jo Straube/Håvard Sæbø
Håvard Sæbø
RESULTAT: Oppfølging og tilrettelegging er noko av stikkorda for at dei tilsette ved Kantarellhjemmet i Oslo har fått ned sjukefråveret. Frå venstre Shammim Andreassen Shahid, Birthe Wold Myhre, Evangeline Morales, Mustapha Yacoubi, og Ewa Adamski.
Øystein Windstad
Bensinavgiftene blir relativt sett lavere neste år.
Beate Oma Dahle / NTB
ØNSKE: Det vi trenger er å få økt fribeløpet før trygda til uføre blir redusert, mener Elisabeth Thoresen (i midten).
Simen Gald, Arbeids- og inkluderingsdepartementet
ØKT LØNN: Helsefagarbeiderne i Røyrvik skal få høyere lønn.
Gorm Kallestad / NTB