Færre tek influensavaksine
Stor nedgang i helsepersonell som tek vaksine
Helsemyndigheitene er uroa.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
– Me er urolege. For få helsepersonell har vaksinert seg fram til no, det seier Bjørn Guldvog, direktør i Helsedirektoratet til NRK. I fjor tok halvparten av dei som jobbar i helsevesenet influensavaksine. I år er det litt under ein av tre, viser tal frå FHI.
• Slik kan du få mykje fri neste år

Færrast i primærhelse
Dei som jobbar i primærhelsetenesta er minst vaksinerte mot influensa. Der har 24 prosent teke vaksinen. Helsemyndigheitene håpar på ei dekningsgrad på 75 prosent. I Troms og Finnmark er det færrast som har vaksinert seg, med 18 prosent dekning.
• Fagforbundet-støtta menneskerettsforkjempar mot fotball-boikott
Viktig for å beskytte sårbare
Nye tal frå FHI viser at 55 prosent av alle over 65 år har teke influensavaksina. Til saman har over ein million nordmenn teke vaksinen. I veke 46 var 53 personar lagt inn på sjukehus med influensa. Det er ei dobling samanlikna med veke 44. Guldvog seier vaksinering av helsepersonell er viktig for å verne om dei mest sårbare brukarane av helsevesenet:
– Dei som har kontakt med sårbare pasientar bør bli vaksinert. Det er blant anna alle i den kommunale helse og omsorgstenesta, seier Guldvog til NRK.