ADVOKATEN: Morten Mønnich vant tidlegare ei liknande rettssak på vegne av medlemmar. Bildet er teke då han saman med advokatkollega Kjetil Edvardsen vant over Stendi.
Ola Tømmerås
oystein.windstad@fagbladet.no
Eidsivating lagmannsrett slo fast at dei tre medlemmene hadde gått glipp av retten til sjukepengar, feriepengar og overtid.
Fordi Recoveryakademiet leide dei tre inn som sjølvstendig næringsdrivande og ikkje faste tilsette. Lagmannsretten konkluderer med at medlemmane hadde krav på å bli faste tilsette og at innleie var i strid med Arbeidsmiljølova.
• 194 omsorgsarbeidarar krev feriepengar og går til sak
I RETTEN: Morten Mønnich i ei lignande rettssak mellom medlemmar og Aleris.
Ola Tømmerås
Leier inn konsulentar, taper i retten
Recoveryakademiet er ikkje det første private omsorgsselskapet som har leid inn folk som konsulentar. Dei er heller ikkje dei første som har tapt i retten etter at medlemmane gjekk til Fagforbundet.
Fagforeininga vant på vegner av 22 medlemmer over omsorgsselskapet Stendi. Selskapet måtte betale 24 millionar kroner i etterbetaling. Kort tid etter samla 90 medlemmer seg med eit nytt søksmål og liknande krav.
Fagforbundet vant også over selskapet Baos, som blei dømt til å betale sju medlemmer 12 millionar kroner. Til saman har Fagforbundet hjelpt rundt 200 medlemmer i liknande saker.
• Vann i Høgsterett og får 24 millionar i erstatning
Selskap i trøbbel
Recoveryakademiet la ned ein psykiatriklinikk i år. Dagbladet har sett kritisk søkelys mot selskapet i ein serie gravesaker. I dommen kjem det fram at dei tre medlemmene jobba opptil fleire veker i strekk utan at det var ei lovleg arbeidstidsordning.
Slik fekk dei utbetalt mindre enn dei skulle. Saka blei ført av forbundsadvokat Morten Mønnich. Dommen i Eidsiva lagmannsrett var einstemmig.
Ankefristen er ikkje ute enno, dermed er domen ikkje rettskraftig og saka kan bli sendt vidare til Høgsterett.
Pensjoner og trygder i Norge blir endret i mai hvert år. Mange lurer på hvor mye uføretrygda øker.
Hanna Skotheim
Per Flakstad
HELE LAGET: – Det har vært viktig for LO Kommune å sikre at hele laget får et godt lønnsoppgjør, ikke bare enkeltgrupper, sier Mette Nord.
Per Flakstad
PEKER PÅ DE MEST LAVTLØNTE: – Alle pensjonister må få en inntekt som er tilstrekkelig til å leve verdige liv, sier Mette Nord.
Per Flakstad
VIL OPP: De to første lønningene fra nyjobben gikk i stor grad med til å betale regninger og inkassokrav, forteller Malin Sandvik Bergdal.
Glen Musk
Årets lønnsoppgjør startet med kravoverrekkelsen mellom Jørn Eggum i Fellesforbundet og Knut E. Sunde Norsk Industri.
Håvard Sæbø