Vil ha same pensjon som i andre barnehagar
Tvungen mekling i barnehagestreiken i dag
STØTTE: Fagforbundet mobiliserte med støttemarkering for dei streikande barnehagetilsette onsdag 15. mars på Youngstorget i Oslo. Rundt 100 tilsette som er organisert i NHO-barnehagar ønsker no same type pensjon som i det store fleirtalet av andre private barnehagar.
Madeleine Schultz/Fagforbundet
I dag kan det bli avgjort om rundt 100 barnehagetilsette får same pensjon som andre.
oystein.windstad@fagbladet.no
Fagforbundet streikar for at rundt 100 medlemmar i barnehagar skal få den same pensjonen som andre. Til no er om lag 60 medlemmar tekne ut i streik.
{f2}
Klokka 15 i dag må Fagforbundet og NHO møtest hos Riksmeklaren til tvungen mekling, fordi streiken har gått i 30 dagar:
– For oss er dette ein svært viktig streik som vi ikkje kjem til å gje oss på. Taper vi her, kan andre barnehagar også prøve seg på tariffhopping og gå tilbake på dårlegare pensjon, seier Anne Green Nilsen som er forhandlingsleiar for Fagforbundet.
• Fagforbundet om pensjonen: – Kvinner kjem dårleg ut
LEIAR: Anne Green Nilsen er forhandlingsleiar om pensjonen til dei 100 medlemmene som er organiserte i NHO-barnehagar. Her frå eit bilde frå ein streik i fjor.
Birgit Dannenberg
– Eigarane har pengane til pensjon
Nilsen viser til at det store fleirtalet av andre private barnehagar som Norlandia, FUS og medlemmar av Private barnehagers landsforbund (PBL) allereie har hybridpensjon:
– Denne ordninga liknar mest på den offentlege pensjonen. Det er viktig å merke seg at eigarane får dekt det denne pensjonsordninga kostar av staten. Dette vil altså etter vårt syn ikkje bli dyrare for dei private barnehagane: Dei må betale ut den pensjonen det offentlege allereie har betalt dei for.
{f1}
• NHO: – Vårt tilbod om pensjon er like bra
Streiken kan bli større
– Kva skjer om de ikkje blir einige i dag på den tvungne meklinga?
– Då fortset streiken. Vi har ikkje tenkt å gje oss. Går vi ut i ein streik, skal vi ha resultat, seier forhandlingsleiar Nilsen i Fagforbundet. Til no er det streik i barnehagar i Oslo, Trondheim, Stord, Stavanger og Bergen blant anna.
Dette er hybridpensjon
• Livsvarig: Pensjonsutbetaling så lenge du lever. Med innskuddspensjon får du berre utbetalingar i noen år, som regel ti.
• Kjønnsnøytral: Arbeidsgiver betaler et kvinnetillegg for sine kvinnelige ansatte, som fører til at kvinner ikke får lavere pensjonsutbetalinger enn menn, selv om de har høyere forventet levealder.
• Mindre risikop for arbeidstaker: Med innskuddspensjon bærer arbeidstaker all risiko, og kan ende opp med å tape pensjon dersom aksjemarkedet går dårlig. Med hybridpensjon er risiko fordelt mellom arbeidstaker, arbeidsgiver og pensjonsforsikringsselskapet.
• Dør du tidlig, går pengane til andres pensjon: Dør du før du har fått utbetalt hele pensjonsbeholdningen din, går pengane til barna dine dersom du har innskuddspensjon. Har du hybridpensjon, går pengane til høyere pensjon for de andre i ordninga.
Kilde: Fagforbundet
Her er det streik
• Solgry, Frelsesarmeens barnehage i Drøbak
• Auglendsdalen, Frelsesarmeen barnehage i Stavanger AS
• Trollstua, Frelsesarmeens barnehage i Asker AS
• Teisentoppen, Frelsesarmeens barnehage i Oslo AS
• Birralee internasjonale Kindergarten, Trondheim
• Ås barnehage, Stord
• Velle Træleborg barnehage, Tønsberg
• Fremtiden barnehage, Bergen