JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vil at sjefen skal betale for kledene dine

STUNT: Fagforbundet stilte i arbeidsklede på landsmøtet til Ap før helga. Frå venstre: Mette Nord, Marie Alver, Ramani Nordli og Helene Harsvik Skeibrok. Bak: Glenn Vidar Øines. 

STUNT: Fagforbundet stilte i arbeidsklede på landsmøtet til Ap før helga. Frå venstre: Mette Nord, Marie Alver, Ramani Nordli og Helene Harsvik Skeibrok. Bak: Glenn Vidar Øines. 

Renate Tårnes

I helga vil Arbeidarpartiet gå inn for at alle skal få gratis klede på jobben. – Dette er ikkje noko dei tilsette skal betale for, seier Truls Vassvik, mannen bak forslaget og helsepolitisk talsperson for Ap.

Publisert 04.04.2025 kl 10.22

Etter alle solemerke vil Ap sitt landsmøte snart stemme for at sjefen skal betale for arbeidskledene. I alle sektorar.

Det fell i god jord hos Fagforbundet-leiar Mette Nord:

– Langt frå alle arbeidstakarar får egna arbeidsklede. Det er store forskjellar frå kommune til kommune og mellom arbeidsplassane. I heimetenesta får for eksempel dei aller fleste berre tynne bomullsskjorter og bukser. Og kanskje enkle jakker. Medan i meir mannsdominerte yrke ser vi at dei får alt frå arbeidsgjevar, bortsett frå trusa, seier Nord.

Ho har bakgrunn som hjelpepleiar og stilte på Ap-landsmøtet i arbeidsuniform.

 

Støre: – Naturleg at også dei i helsesektoren får gratis klede på jobb

 

– Resultat av samarbeid

Fagforeiningsleiaren stod torsdag kveld skulder til skulder med både medlemmar og forslagsstillaren i ei pause i Ap-landsmøtet på Oslo kongressenter:

– Vi glade for at Ap i sitt partiprogram er tydelege på at egna arbeidstøy er noko du skal få utdelt på arbeidsplassen, seier Nord. 

KLAR: Ap-helsepolitikar Truls Vasvik stiller seg bak forslaget.

KLAR: Ap-helsepolitikar Truls Vasvik stiller seg bak forslaget.

Ole Berg Rusten, NTB

Truls Vasvik er stortingsrepresentant frå Vestfold, siviløkonom og helsepolitisk talsperson for Ap. Han har vore ein pådrivar for forslaget.

– Dette forslaget er resultatet av godt fagpolitisk arbeid. Det er urettferdig at tilsette, mange av dei i Fagforbundet, ikkje har riktig og godt nok arbeidstøy, seier han.

Han legg til:

– Arbeidsklede er ein naturleg del av jobben og dei tilsette skal ikkje betale for dette. Difor meiner Arbeidarpartiet at tilsette skal få dekka kostnadene til egna og nødvendig arbeidstøy.

 

Tilsette i heimesjukepleia fekk gratis klede: – Endeleg!

 

Kven skal betale?

Forslaget som er venta å få fleirtal på Ap-landsmøtet i helga skal etter plana bli teke opp på Stortinget.

Vidare skal politikarane finne ut om det vil kome ekstra pengar til kommunane frå Stortinget, om det blir opp til kommunane å dekkje kostnadane sjølve – eller om det blir ei deling.

Tidlegare har KS sagt at dekking av ytterklede til heimesjukepleiarane ikkje er urimeleg. Og at partane lokalt bør finne ut av det med arbeidsklede, ikkje politikarane nasjonalt.

KS har peika på at kommunane slit med dårleg råd.

 

Styreleiar i KS: – Ein veldig dårleg ide med gratis arbeidsklede

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy