Vil bevare banda mellom Sp og LO: – Vi må sjå stort på samarbeidet
ARBEIDARVEN: Lundteigen har bakgrunn som gardbrukar og stortingsrepresentant. Han seier dette om LO og Sp: Det er alle gode grunnar til å forsterke samarbeidet mellom fagrørsla og Sp. Vi samarbeider med dei som vil utøve systemkritikk og få velferdstaten til å fungere betre. Og for at arbeidslivet skal bli meir velorganisert, seier Lundteigen. Han meiner LO og Sp blant anna kan samarbeide om tillitsreform i det offentlege.
Jan-Erik Østlie
Kva skjer med Sp og fagrørsla etter regjeringsbrotet? Meir samarbeid, seier Sp-veteran Per Olaf Lundteigen.
oystein.windstad@fagbladet.no
Senterpartiet trakk seg frå regjeringa med Ap etter splid om EU og energipolitikk. Medan LO-stiller seg undrande til regjeringsbrotet, lurar fleire på kva som vil skje med fagrørsla og Sp.
Vil LO gje pengestøtte til valkampen til Senterpartiet i år? Vil det politiske samarbeidet mellom Sp og LO få seg ein bulk?
Nei, seier stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen, som av mange blir regna som ein fagforeiningsvenn. Han trur by og land hand i hand kan vinne valet til hausten:
– Eg trur ikkje regjeringsbrotet vil spela ei avgjerande rolle. Vi må kome vidare til eit tillitsfullt samspel til fordel for begge partar, seier han.
• Dette meiner dei tre store i LO om at Sp trakk seg frå regjeringa
– Gnagsår mellom Sp og Ap
Lundteigen peikar på «gnagsår» mellom dei to tidlegare regjeringspartnarane:
– Det har vore to gnagsår mellom Sp-folk og regjeringa. Det er straumprisane og ærlege tal i jordbruket. Desse to sakene har teke vekk begeistringa for og tilliten til regjeringa i flokken som støttar Sp, seier Lundteigen som er arbeids- og sosialpolitisk talsperson for Sp.
Han seier vidare at han trur desse sakene har teke merksemda vekk frå alt det gode og tryggande som regjeringa har gjennomført.
• Sp vil framleis ha Støre som statsminister
Vil ha raud-grønt plaster
Trass gnagsår trur Lundteigen det er på tide med plaster og eit nytt raudgrønt samarbeid til hausten. Han seier det er «alle gode grunnar til å fortsette samarbeidet» og utdjupar:
– Vi må sjå stort på samarbeidet mellom Sp og LO. Vi må jobbe for felles mål om å vinne det komande stortingsvalet. Senterpartiet må jobbe for å heile tida fremme tiltak for eit meir velorganisert nærings- og arbeidsliv. Trygge løns- og arbeidsvilkår er ein føresetnad for trygt familieliv, seier Sp-veteranen.
Men han har nokre krav:
– For at alliansen skal vere slitesterk og langsiktig, må også fagrørsla støtte ærlege tal som viser at inntektsnivået for jordbruksarbeid. Dette inntektsnivået må bli jamstilt med lønsmottakarane si arbeidsinntekt. Dette er ein føresetnad for at ungdom går inn i yrket og gjer dette viktige beredskapsarbeidet å produsere mat.
(Utrekninga av bondeinntekt er kompliserte greier. Norsk institutt for bioøkonomi gjer eit forsøk på å forklare det.)
• SV truar med å trekke seg frå pensjonsforliket
Vil ikkje til høgre
Lundteigen meiner trygge velferdstenester er eit prosjekt som Sp og LO har felles.
Han åtvarar mot at den høgreorienterte vinden i Europa og USA også kan kome hit:
– Dei siste 13 åra har eg sitte i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. Det har eg bevisst gjort for å utvikle alliansen mellom gardbrukar og arbeidar. Det har eg fått mange positive ord om at har vore positivt for fagrørsla. Det har også vore positivt ved at det blitt ei større forståing for lønsmottakarane sin situasjon i heile Senterpartiet, seier Lundteigen.
Skeptisk til dei blågrøne
Lundteigen har partileiaren i ryggen i spørsmålet om den raudgrøne framtida til partiet. I eit intervju med Klassekampen nevner Trygve Slagsvold Vedum fem saker han meiner syner kor Senterpartiet høyrer heime:
• Landbruk
• Kommunalt sjølvstyre og kommunestruktur
• Distriktspolitikk og sentralisering
• Kraftpolitikk
• Sosiale forskjellar
På alle desse felta meiner han at Venstre, Høgre og Framstegspartiet står lengst unna hans eige parti.