NTL Ung: – Prisar ute av kontroll stenger unge ute frå boligmarkedet

Vil ha boligskatt for å hjelpe unge - og får støtte av forskarar

VIL SKATTE: Sahar Azari er leiar av NTL ung og ser at stadig fleire av hennar medlemmar er stengt ute av boligmarkedet, på grunn av aukande boligprisar. Ho meiner det må skatt på sekunderbolig til for å senke prisane og gjere det mogleg for nyutdanna å ha råa til eigen bustad.

VIL SKATTE: Sahar Azari er leiar av NTL ung og ser at stadig fleire av hennar medlemmar er stengt ute av boligmarkedet, på grunn av aukande boligprisar. Ho meiner det må skatt på sekunderbolig til for å senke prisane og gjere det mogleg for nyutdanna å ha råa til eigen bustad.

Øystein Windstad

I dag er unge utan rike foreldre stengt ute av boligmarkedet. NTL ung vil innføre skatt på bolig nummer to og får støtte frå forskarar.

2017011111300020170111133230

oystein.windstad@lomedia.no

Er du nyutdanna, singel og ønskar å kjøpe bolig i dei norske byane, har du eit problem i dag:

– Då kan du rett og slett gløyme å få kjøpt eigen bolig, fortel Sahar Azari som er leiar av NTL ung.

Ho får tilbakemeldingar frå mange av hennar medlemmer som ikkje har ein sjanse til å få sitt eige tak over hovudet. Konsekvensane av dei norske boligprisane er no at stadig fleire er stengt ute av boligmarkedet:

– Det må skje noko med prisane. Det er langt frå berre single som slit med å kunne kjøpe bustad. Dei aller fleste nyutdanna par som ikkje har rike foreldre slit også i dag. Vi er på veg inn i eit meir klassedelt samfunn og det er bakgrunnen for at vi meiner at staten må gripe inn og bruke skatt som verktøy, fortel Azari.

Da Ingrid og Ragnar kjøpte leilighet på Grünerløkka kostet den 310.000 kroner - nå koster den over fem millioner

Annaleislandet Norge

Dei norske boligprisane har auka med over 200 prosent sidan midten av 90-talet. I fjor steig prisane i Norge med 12 prosent og heile 23 prosent i Oslo.

Samtidig med at prisane har stige kraftig, har Norge mindre skatt på bolig enn knapt noko anna land i verda. Det er skatt på løn, det du tjener på aksjesalg og på formue.

Det er samtidig ingen skatt på det du tener på salg av bolig, om du har budd i bustaden sjølv i 12 månader. Staten subsidierar boliglåna våre, med å gje oss mindre skatt ved rentefrådrag.

Fordi staten set ligningsverdien til 25 prosent av marknadsverdien, slepp veldig mange å betale formueskatt. Dei som må betale, må ut med vesentleg mindre formueskatt på bolig samanlikna med andre verdiar.

Boligprisane i Oslo har auka med over 20 prosent i  2016.

Boligprisane i Oslo har auka med over 20 prosent i 2016.

Øystein Windstad

Video: Høyr argumentane

Vil skatte bolig nummer to

I motsetning til dei aller fleste andre land, er det i Norge veldig vanleg å kjøpe bolig nummer to og tre.

I dag finst det 288.000 slike sekundærboliger i Norge. Ligningsverdien av desse er på over 300 milliardar kroner. Marknadsverdien er truleg på over 420 milliardar.

NTL ung og Sahar Azari meiner at så mange har investert i sin andre eller tredje bolig er eit problem:

– Vi vil ha ein meir aktiv tomte- og utbyggingspolitikk, men samtidig meiner vi at det bør kome full formuebeskatning på bolig nummer to. Det bør også bli auka skatt på det ein tener av selge sekundærboligen. Kombinert med dette vil vi ha fleire kommunale boliger og fleire ikkje kommersielle utleigeboliger, fortel fagforeningsleiaren.

Roger Bjørnstad: – Boligskatt er god samfunnsøkonomi, men få politikere vil snakke om det

NTL Ung får støtte frå forskarar

NTL ung har med seg fleire på laget som meiner at skatt på bolig kan løne seg for samfunnet.

Erlend Eide Bø er forskar ved Statistisk Sentralbyrå. I 2015 publiserte han ei analyse av det norske boligmarkedet og kom med forslag til kva som kan gjerast.

I modellen og forslaga til skattlegging av norske bustader, estimerar han at boligprisane vil synke med 18 prosent og at staten vil få 40 milliardar kroner meir i inntekter:

– Skal ein innføre dette bør det skje som ei reform over litt tid, paralellt med at ein senkar andre skattar. Skatt på bolig vil minske skilnadane i det norske samfunnet. Det vil redusere prisane og gjeldsnivået. Det vil også auke produktiviteten i Norge. Og ein vil få inn ein god del pengar ein kan bruke på formål som helse, eller kutte i andre skattar, fortel økonomen. Også NTL ung er opne for å kutte i andre skattar, tilsvarande det ein får meir i boligskatt.

VIL KUTTE SKATTAR: Erlend Eide Bø er forskar og økonom i Statistisk Sentralbyrå. Han har studert det norske boligmarkedet og kva som kan gjerast for å bremse den enorme prisvekstne. Han foreslår ei skattereform der ein aukar skattane på bolig, og kuttar andre skattar tilsvarande.

VIL KUTTE SKATTAR: Erlend Eide Bø er forskar og økonom i Statistisk Sentralbyrå. Han har studert det norske boligmarkedet og kva som kan gjerast for å bremse den enorme prisvekstne. Han foreslår ei skattereform der ein aukar skattane på bolig, og kuttar andre skattar tilsvarande.

Øystein Windstad

Eide Bø si studie foreslår å gå lengre i skattlegginga enn det NTL ung gjer. I analysa han laga, opererte han med å skattlegge bolig på same måte som ein skattlegg aksjeutbytte og formue.

Student Uzma Rana tjener penger på å leie ut leiligheten

Norge på gjeldstoppen

Norge er eit av dei landa med mest gjeld i heile verda. På oversikta over land med høgast gjeld ligg Norge på 14. plass.

Til forskjel frå andre land er det er hushaldningane og privatfolk som har mykje gjeld, og ikkje staten. Då Hellas gjekk meir eller mindre konkurs i 2015, hadde staten ei gjeld tilsvarande tre gonger inntektene. Husstandane i Norge nærmar seg no det gjeldsnivået Hellas var på då landet ikkje greide å betale låna sine. Den private gjelda i Norge er i dag på 280 prosent av brutto nasjonalprodukt. Både Den Norske Bank, IMF og Verdsbanken har fleire gonger ropt varsku om at nordmenn har for mykje gjeld, og at mange vil slite tungt når renta går opp. Dei åtvarar om at desto meir boligprisane i Norge stig, jo meir aukar sjansane for eit krakk og gjeldskrise.

– Bør heller investere i verdiskaping

NTL ung og Erlend Eide Bøe i SSB er ikkje dei einaste som meiner at det bør kome skatt på bolig. Også NHO, fleirtalet av dei norske økonomane, Finans Norge, SV og det regjeringsnedsette Scheel-utvalet meiner det bør kome meir skatt på bolig. Ein konsekvens av den norske boligpolitikken som blir lite disktutert i den politiske debatten, er kva nordmenn heller kunne ha investert i. Vi har investert 1,200 milliardar i bolig nummer to. Desse pengane kunne heller vore investert i nyskapande bedrifter, fortel Eide Bø:

– At så mykje pengar er investert i bolig er ikkje ideelt for produktiviteten. No er det ein fordel å investere i bolig, istadan for å investere i bedrifter og gründerar som vil starte opp. Det gjer at ein puttar for mykje pengar i bolig, og for lite i det som vil skape verdiar og nye arbeidsplassar. Dette gjev lågare vekst og ein reduksjon i velstanden i Norge, seier forskaren. Dette er også grunnen til at NHO meiner at det bør kome skatt på bolig.

PÅ VEG MOT BOBLE?: Norges Bank, fleirtalet av dei norske økonomane, IMF og Verdsbanken åtvarar mot at det kan kome eit krakk og at den norske boligbobla kan sprekke, om prisane fortset å stige. Alle meiner at det må kome tiltak som kan bremse prisveksten og meinar at norske husstandar har for mykje gjeld.

PÅ VEG MOT BOBLE?: Norges Bank, fleirtalet av dei norske økonomane, IMF og Verdsbanken åtvarar mot at det kan kome eit krakk og at den norske boligbobla kan sprekke, om prisane fortset å stige. Alle meiner at det må kome tiltak som kan bremse prisveksten og meinar at norske husstandar har for mykje gjeld.

Øystein Windstad

Nokon vil tape

NTL ung og Eide Bø i SSB meiner at samfunnet som heilheit vil tene på eit anna skattesystem for bolig. Samtidig er det nokon som vil tape på ei slik omlegging.

– Kva med dei som har spart og investert pengane sine i bolig?

– Det er viktig å innføre ei reform gradvis, slik at eksempelvis dei som nylig har kjøpt bolig ikkje mistar for mykje verdi og at dei får tid til å tilpasse seg. Men ein skatt vil bli ei overføring frå dei som eig bolig, til dei som ikkje eig bolig. Det er ein fordel med tanke på ulikheiter og skeivheiter i samfunnet. Det vil nok samtidig redusere verdiane til dei som har investert i bolig.

– Kva med pensjonistar med låg inntekt som samtidig har eigedom?

– For dei kan boligskatt bli eit problem. Ein ønskar jo ikkje å tvinge gamle minstepensjonistar til å flytte. Ein moglegheit då er for visse grupper å gjere slik at skatten først skal betalast når boligen skal selgast, seier økonom Eide Bø.

Torer politikarane?

Av partia på Stortinget er det så langt berre SV som torer å disktuere skatt på bolig høgt. Å forandre skattane på ein måte som folk faktisk vil merke, er eit tema dei aller fleste partia ikkje vil ta i med ildtang. Samtidig startar den norske boligmodellen der alle skal eige å sprekke, fordi stadig fleire unge ikkje har råd til å kjøpe. Det kjem årleg åtvarslar frå norske økonomar om at skattesystemet og prisveksten sender skuta stadig nærare isfjellet. Fortset prisane å vekse i himmelen, ventar segregering og ein stadig veksande klasse som ikkje har råd til bustad. Vidare risikerar ein krakk og ei gjeldkrise som garanterar at dei fleste som har investert i bolig vil tape det meste.

Les også:

Blei nekta å leige bolig – fordi ho heiter Sahar

Skatt og bolig i Norge

• NTL ung vil ha formueskatt og skatt på forteneste av sal av på bolig nummer to
• Nordmenn eig 288.000 bolig nummer to og verdiane av desse er på over 420 milliardar kroner

• Norge ligg på 14. plass blant land med mest gjeld

• Norske husstandar har nesten tre gonger meir i gjeld enn inntekt

• IMF, Verdsbanken og Norges bank åtvarar mot farer for boble i det norske boligmarknaden

• Boligprisane i Norge har auka med 200 prosent sidan 1995

• NTL ung, NHO, Finans Norge og SSB anbefalar boligskatt

• Norge er blant landa i verda med minst skatt på bolig

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy