Werner tok eit val: Det enda med tre brannbilar og 11 tonn utstyr
Werner Solberg lurte på om det var noko han kunne gjere då han såg bilda av dei første bombene over Ukraina. Sjå kva han gjorde.

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Til vanleg jobbar Werner Solberg med å hindre flammar frå å spreie seg og hente folk trygt ut. Då han såg dei første bilda på nyheitene av eit heilt land i brann blei han både sint, sjokkert og i tvil. Om det var noko han kunne gjere til for å hjelpe brannkonstabel-kollegaer og eit demokrati sett i flammar. Etter ei runde med seg sjølv tok Afghanistan-veteranen eit val:
– For meg var det uaktuelt å sitte stille å sjå på. Kan du gjere noko, skal du gjere det, fortel Solberg som jobbar ved Molde brannstasjon.

Den store overraskinga
Solberg visste ikkje kva han skulle starte med og møtte noko han ikkje hadde venta då han starta å banke på dører:
– Eg kontakte det private kontaktnettverket mitt og alle tenkjelege tekniske bedrifter. Dei som sel utstyr og verktøy som eg brukar i mi teneste som redningsmann. Eg sa at eg veit ikkje heilt kva eg treng, men spurte kva har du i di bedrift som me kan sjå på, fortel Solberg. Då kom det uventa:
– Eg opplevde at me nesten berre kunne gå og plukke. Det har vore på det nivået at me har fått inn utstyr i takt med kor fort eg har greidd å springe, fortel Fagforbundet-medlemmen. Saman med kollegaene i Molde brann- og redningsteneste fekk dei inn alt frå varmeomnar, aggregat, spett, spade og slegger. Eller klede som vernar mot flammar når redningsarbeidarar skal hente ut folk frå bygg sett i brann av bomber.
•Micha (12) og Vika (10) hørte lyden av skyting på barneheimen

Køyrde mot krigsrøyken
Solberg fortel at leiinga i brannvesenet har vore velvillige og lagt til rette for at han kunne samle inn utstyr. Og ta seg fri frå jobben for å få utstyret til Ukraina. Etter at Solberg med støtte frå kollegaer og andre medhjelparar var ferdig med innsamlinga, var resultatet: Tre brannbilar og ein lastebil med 11,5 tonn med utstyr.
Solberg og kollegaene i Molde fann saman med andre brann- og redningsfolk som au fekk tak i gratis utstyr. I april samla dei seg i ei kolonne med til saman åtte brannbilar og ein fullasta semitrailer. Før følget på 19 frivillige starta turen mot Ukraina i april, møttest dei alle i Drammen. For å laste opp meir utstyr samla inn av Norsk Ukrainastøtte, leda av Arnstein Tranøy.
Rett før dei skulle sette seg inn i brannbilane og vri om nøkkelen, viste ein frivillig brannkonstabel ein video på mobilen. Svart tjukk røyk velta opp frå eit oljelager som var blitt bomba av russiske fly. Brannen og angrepet skjedde nær den ukrainske grensa til Polen og dit følget skulle levere brannbilane.
• Brannkonstabel Gunnar såg to kollegaer bli skotne av brannstiftar

– Håp for menneska
Krig og bombing til trass, turen inn i Ukraina gjekk bra og Solberg fekk overlevert brannbilane og utstyret til ukrainske kollegaer. Solberg kom heim til Molde 11. april. No ventar ei ny runde. Fredag 13. mai skal han igjen klyve opp og inn i førarhuset til ein norsk brannbil som blir gjeve til kollegaer i Ukraina. Denne gongen er det andre som har stått for innsamlinga og Solberg er med som frivillig sjåfør.
– Kva tenkjer du om den folkelege mobiliseringa som me har sett?
– Det er tydeleg vis håp for menneska. Eg har vore kritisk til menneska dei siste åra. Det har verkar som ein del har vore mest opptatt av å ta selfies, for å sette det litt på spissen, seier brannkonstabelen.
• Straumprisen dreg prisveksten rett opp

Har trua på det mellommenneskelege
Dei 19 frivillige som blei kjent med kvarandre på køyreturen til Ukraina har no starta ein eigen organisasjon: Norsk Ukrainsk brann- og ambulansestøtte. Gruppa består av folk som jobbar innan brann, ambulanse og politi. Dei har samla inn 80.000 kroner samt 10 nye brannbilar som Solberg og gruppa køyrer mot Ukraina med fredag 13. mai.
– Det er tydeleg at når ting skjer, trer det urnorske i oss fram. Det er eit veldig engasjement på mellommenneskeleg nivå. Så kjem myndigheitene og regjeringa skranglande etter med buksa på knea og prøvar å gjere det dei eigentleg skal ligge i forkant med å gjere. Sånn er det og det kjem truleg til å vere slik, fordi det er for mykje folk i sving. For mykje politikk. Det er ikkje mitt felt.
• Katrine får 1,7 mill i erstatning etter 13 års kamp

Den enkelte kan gjere ein forskjell
Solberg har gjort seg opp nokre tankar om kva som har skjedd etter han tok valet om å ikkje sitte stille:
– Plutsel ser du folk som kastar seg rundt. Dei leier bussar, organiserer, samlar inn pengar, køyrer til grensa og hentar ukrainarar. Dette blir gjort av privatpersonar. Det er berre engasjementet til ein enkelt person som skal til for at ballen begynner å rulle. Det har me eit klokkeklart eksempel på med meg, seier han og viser til alle tonna med utstyr han fekk samla inn. Brannkonstabelen peikar på at situasjonen i Europa no er mindre føreseieleg enn før:
– Me må berre gjere det me kan og stå på litt ekstra. Det kan kome den dagen me i Noreg treng hjelp. Og me får håpe at folk kjem for å hjelpe oss.