INDUSTRIUTVIKLING: Staten må gå meir aktivt inn for å sikre norsk klimavennleg industriutvikling, meiner konserntillitsvald Atle Tranøy i Aker.
Erlend Angelo
tormod@lomedia.no
I eit opprop som Klassekampen omtaler fredag, tar fleire tillitsvalde i Fellesforbundet til orde for eit valteknisk samarbeid mellom SV og Raudt. Det vil seie felles vallister ved neste stortingsval. Listene skal også ha plass til faglege tillitsvalde og uavhengige representantar.
• Ny måling: Krise for Erna og regjeringen
Grunnen er partia sitt standpunkt om at staten må bidra meir aktivt i klimavennleg industriutvikling.
«Rollen som industriparti har historisk sett tilhørt Ap. Vårt standpunkt er at Ap må utfordres fra venstre, om en ny regjering virkelig skal bety ny politikk», heiter det i oppropet.
Samtidig meiner dei SV og Raudt er «for små til å fungere som effektivt politisk redskap». Ein risikerer at partia ikkje får inn mandat frå fylke der ein saman kunne vunne fram eller at Raudt hamnar under sperregrensa, skriv dei vidare.
• –Regjeringen prioriterer skattekutt framfor velferd
Regjeringsskifte
Blant dei som har skrive under på oppropet, er Atle Tranøy. Han er konserntillitsvald i industribedrifta Aker, for 2000 Fellesforbundet-medlemmer og til saman 4500 LO-medlemmer.
– Det er viktig å sikre eit regjeringsskifte i 2021, av omsyn til å få fart på ny industriutvikling og av omsyn til klima. Det heng saman. Då er det viktigare å fokusere på det ein faktisk er einig om, enn å vere opptatt av det som skil, seier Tranøy til Magasinet for fagorganiserte.
• Fagforbundet krever at MDG slutter å elske bomringen hvis de vil inn i varmen
Ståle Johansen er leiar for klubben på Kværner Verdal, med oppunder 500 Fellesforbundet-medlemmer, og er ein av dei tillitsvalde som har signert oppropet. Saman med Tranøy er han medlem i Industriaksjonen som på tvers av fagforbund- og foreiningar jobbar for ein meir offensiv industripolitikk.
– Vi ser at Raudt og SV begge har gode tankar når det gjeld industripolitikk. Då bør dei sette seg i ein posisjon der dei får til å utøve denne politikken. Det trur vi dei har større moglegheit til om dei har eit eller annan samarbeid innanfor viktig kjernesaker.
– Så kan dei ha andre saker som gir partia særpreget som veljarane forventar dei skal, seier Johansen til Magasinet.
Saka held fram under bildet.
MAKT: SV og Raudt har ein klimavennleg industripolitikk, men det hjelper lite dersom dei ikkje får makt. Det meiner tillitsvald Ståle Johansen på Kværner Verdal.
Erlend Angelo
– Utan eit samarbeid på ein eller annan måte mellom Raudt og SV, blir det sentrumspolitikk, og vi får ikkje ei dreiing over til klima-, arbeidslivs- og industripolitikken vi ønsker, meiner han.
Bruke oljefondet
– Ein ser eit engasjement i begge parti når det gjeld å bygge ny industri på grunnlaget av den gamle, for å komme inn i nye marknadar. Vi er opptatt av at ein bruker kompetansen som er opparbeida innanfor olje og gass, innanfor for eksempel havvind. Det vil også vere god klimapolitikk, seier Johansen.
Blant krava frå dei tillitsvalde, er at delar av oljefondet må brukast på klimainvesteringar på ein måte som sikrar arbeidsplassar. I tillegg krev dei nasjonal kontroll på norsk kraft, for å styrke norsk industriutvikling.
– Skal ein lukkast med ei offensiv satsing på klimavennleg industriutvikling, må staten bli ein aktiv bidragsytar. Fleire av moglegheitene som ligg der er ikkje lønnsame for bedriftene på kort sikt, og det er behov for statleg risikoavlasting. Dagens regjering lener seg på marknadsmekanismar. Det er den passive doktrine og trua på at marknaden ordnar opp, seier Atle Tranøy.
– Fyller ikkje Arbeidarpartiet sin politikk dette behovet?
– Arbeidarpartiet viser tydelege teikn på å bevege seg i rett retning, men har behov for å bli utfordra. Arbeidarpartiet klarer uansett ikkje å sørge for eit regjeringsskifte aleine. Vi treng ei allianse med heile den raudgrøne sida. Då bør ein ikkje posisjonere seg sånn at sperregrensa blir årsaka til at ein ikkje lukkast i å få gjennomslag.
p
Vil ikkje ha listesamarbeid
Til Magasinet avviser leiinga i SV og Raudt eit valteknisk samarbeid i form av felles stortingslister neste år.
Torgeir Knag Fylkesnes, nestleier i SV, er einig i mykja av analysen i oppropet frå dei tillitsvalde, men seier partiet ønsker ei breidare allianse enn ei mellom SV og Raudt:
– Du har venstresida i Arbeidarpartiet, Miljøpartiet, heile SV og Raudt. Det er i dette området ei allianse bør etablerast. Samtidig er ein viktig forskjell mellom SV og Raudt, at det er aktuelt for oss å delta i regjering dersom vi får betydeleg gjennomslag for politikken vår. Det er noko Raudt ikkje ønsker.
Nestleiar i Rødt, Silje Kjosbakken, ser heller ikkje for seg noko valteknisk samarbeid, men understrekar:
– Dei tillitsvalde som har signert oppropet representerer miljø vi har stor respekt for og vil jobbe saman med. Vi vil gjerne komme engasjementet i møte. Vi er avhengig av fagrørsla for å utarbeide og drive fram god politikk, seier Kjosbakken.
REFSER: – Først og fremst er det Ap som må ta seg inn over seg at så mange LO-medlemmer ikke ser på oss som det naturlige valget, sier Trond Giske.
Ole Martin Wold
Barnetrygden øker med 2400 kroner i året for barn over seks år.
Martin Guttormsen Slørdal
NY UTSIKT: – At jeg tar ting med humor, er bare en overlevelsesgreie, sier Berit Hafsmo, som ble kastet ut fra Skitbyen og nå bor her, i en lavblokk et annet sted i Trondheim.
Berit Baumberger
NY RAPPORT: Fagbladet har fått innsyn i en spørreundersøkelse som 221 av landets 260 Nav-kontorer har svart på.
Ørn E. Borgen / NTB
HTV: Erik Borgersrud er hovudtillitsvald for Fagforbundet på Nav Gamle Oslo. – Dyrtid i samfunnet fører til auka utgifter til sosialhjelp. Samtidig kjem det mange flyktninger som treng vår assistanse, dette utfordrar oss. Vi må jobbe effektivt og godt innan dei økonomiske rammene vi har.
Anita Arntzen
KUNNSKAP: Som pårørende visste Henriksen at morens atferd var svært avvikende.
Kathrine Geard