JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lærlingar: Dei er framtida i Flora

Lærlingane sikrar kommunen kompetanse i framtida. Dessutan er det lærerikt for verksemda å få inn ein lærling. Difor vel Flora å ta inn fleire lærlingar enn dei fleste kommunane gjer.

2007012116213620131216035021

Av om lag ti elevar på helse og sosial ved Flora vidaregåande skule var det to som fekk læreplass i kommunen. Hege Ryland var ei av dei heldige, og er nøgd med kommunen som læreplass. Men ho tykkjer det er synd at ikkje fleire i klassen fekk tilbod om læreplass, og at fleire difor gjekk over til allmennfag. – Eg har vorte veldig godt motteken her, seier Ryland. Ho har vore eit halvt år på omsorgssenter og like lenge på ein pleieinstitusjon. No arbeider ho som heimehjelp. Etter endå eit halvår i heimesjukepleia er Ryland ferdig omsorgsarbeidar.

God læreplass

Flora kommune har om lag 11.500 innbyggjarar, og tek kvart år inn nye lærlingar slik at dei alltid har mellom 16 og 18 ungdomar i lære. Kommunen er godkjend som læreplass innan kontorfag, institusjonskjøken, barne- og ungdomsarbeid, pleie og omsorg i tillegg til at dei kan ta inn framtidige aktivitørar og feiarar. – Me satsar ikkje berre på å bruke lærlingar, men også på å gje dei ei god læretid, seier Trond Ramstad Olsen, personalkonsulent i Flora kommune. Han er fullt klar over at den fyrste tida kan bli hektisk for han eller ho som er ansvarleg for opplæringa, men meiner verksemda seinare har stor nytte av innsatsen til lærlingane.

Lang erfaring med §20

For om lag ti år sidan byrja Flora kommune satsinga på vaksne tilsette og vikarar utan formell kompetanse. Særleg innafor helsesektoren var det mange som fekk rett til opplæring gjennom paragraf 20, vaksne sin rett til vidaregåande utdanning. – Me ynskte at dei som allereie var i systemet, og som venteleg skulle arbeide i kommunen endå nokre tiår, skulle få heva kompetansen og ta fagbrev. Det er ein stor føremon for den einskilde tilsette, men òg for arbeidsgjevaren. Utan fagbrev er ein ofte låst til ein bestemt arbeidsplass. Med fagbrev følgjer kompetanse til å arbeide fleire stadar. Kommunen, politikarane og fagforeiningane vart einige om å prioritere paragraf 20-gruppa ved ledige stillingar. – Kanskje var det ein hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar som ynskte å gå opp i stillingsbrøken, men me vart likevel einige om å prioritere praksis til dei ufaglærte når det var mogleg, seier personalkonsulenten.

Alle i lære

Røynslene er at det ikkje er berre lærlingane som har nytte av læretida, meiner Ramstad Olsen. – Når det kjem ein lærling inn på arbeidsplassen, er det tre partar som går inn i ein læringsprosess; den ansvarlege for opplæringa i verksemda, me i kommunen og lærlingen sjølv. Ein ungdom under utdanning verkar vitaliserande på miljøet. Me må tenkje gjennom det vi gjer, og svare på spørsmål om kvifor vi gjer ting slik eller slik. Politikarane og administrasjonen i Flora er i følgje Ramstad Olsen medvitne om føremonene ved å ta inn lærlingar. Difor er inntak av lærlingar teken inn i handlingsplanen for kommunen.

Tek ansvar

– Rekrutteringsproblema vil kome i helsesektoren. Då kan ikkje ein kommune overlate til andre å gje ungdommane ein læreplass, meiner personalkonsulenten. Ved sida av låg rekruttering er også tidleg uførepensjon ein fare for mellom anna eldreomsorgen i kommunen. Flora kommune har svært lågt tal på uførepensjonistar. – Me har mange tilsette med gradert uførepensjon. Det er betre at dei arbeider det dei er i stand til enn at dei forsvinn heilt frå arbeidsmarknaden, meiner Ramstad Olsen. Personalkonsulenten kan også fortelje om ei lang historie som IA-bedrift. – Me har alltid eit par lærlingar som treng spesiell oppfølging. Av og til er det problematisk. Då er det godt at me har utvikla eit godt samarbeid med arbeidskontoret og trygdeetaten. Ungdomen kan vise seg fram, og eg trur vi får igjen for å gje dei den sjansen. Ei god læretid kan verke førebyggjande og kommunen får utvikla nyttig kompetanse.

Arbeidsmiljøpris

Flora kommune fekk KLP sin arbeidsmiljøpris for 2004. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at «kommunen viser at de klarer å tenke langsiktig og helhetlig». Juryen la mellom anna vekt på nedgangen i sjukefråveret og det låge talet på uførepensjonistar.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy