JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Krev fleire tiltak frå Støre og regjeringa

– Det skulle vere vanlege folk sin tur

MATKØER: Pål Andreas Christiansen fortel han ser tydelege teikn på at vanlege folk har fått mykje dårlegare råd det siste året.

MATKØER: Pål Andreas Christiansen fortel han ser tydelege teikn på at vanlege folk har fått mykje dårlegare råd det siste året.

Øystein Windstad

– I dag må folk velje mellom å bruke pengar på mat eller straum. Og køane for dei som treng gratis mat blir lengre, fortel tillitsvalde Pål Andreas Christiansen. – Alle våre tiltak er spesielt for å hjelpe dei som har det tøffast, svarer statsministeren.

2022101917073820221019170737

oystein.windstad@fagbladet.no  

Etter at Jonas Gahr Støre held tale for Fagforbundet sitt landsmøte, gjekk Pål Andreas Christiansen opp på talarstolen. Han tok opp dyrare mat, straum og høgare rente og sa med eit nikk mot statsministeren at no skulle det vere vanlege folk sin tur.

Christiansen er hovudtillitsvalt, nestleiar i Fagforbundet Fredrikstad og miljøarbeidar.

– Kva legg du i at det skulle bli vanlege folks tur?

– Vi har nok forventa meir når det kjem til mindre skatt og at dei rører ved dagpengar. Det er bra at det kjem skattenedgang for dei som har normale inntekter. Men mange har forventa meir. Det kjem endringar, og eg trur ikkje budsjettet slik det ser ut no.

• Sjekk kor mykje mindre det vil koste å vere medlem her

Medlemmer med dårleg råd melder seg ut

– Du nemnde auka fattigdom, kva er det du ser?

– Som lokalforeining merkar vi at folk melder seg ut på grunn av kostnaden. Det er positivt at Fagforbundet har vedteke billigare kontingent på årsmøtet. Det har blitt så tøft at det å kunne spare 400 kr for ei aleinemor, det er dei nøydd til, seier Christiansen som representerer Fagforbundet Viken på landsmøtet. Han er uroa at i heimbyen hans veks eitt av fem barn opp i fattigdom:

– Blir ikkje denne skuta snudd, vil det kome store utfordringar om nokre år, fortel miljøarbeidaren.

• Spørreundersøkjing: Fleirtalet støttar betre barnehagepensjon

KRAV TILTAK: Pål Andreas Christiansen er miljøarbeidar og nestleiar i Fagforbundet Fredrikstad. Han utfordra statsminister Jonas Gahr Støre frå talarstolen og krev strakstiltak mot aukande fattigdom.

KRAV TILTAK: Pål Andreas Christiansen er miljøarbeidar og nestleiar i Fagforbundet Fredrikstad. Han utfordra statsminister Jonas Gahr Støre frå talarstolen og krev strakstiltak mot aukande fattigdom.

Øystein Windstad

– Vanlege folk i matkø

Tillitsvalde Christiansen fortel at det er ei ny utvikling i køane med folk som ventar på å få gratis mat:

– Det at folk må velje mellom straum og mat, det er ganske mange år sidan folk har måtte gjere i Norge. Og dei matkøane eg har sett. Der ser eg meir vanlege folk og den meinige mann som står i matkø. Det er nytt.

– Kva tenkjer du om dette?

– Eg tenkjer at Fagbevegelsen har ein misjon, og det å tilhøyre ei fagforeining er viktigare enn nokon gong. Å ha den typen forsikring med tanke på jobb og alt det andre.

– Har det blitt vanlege folk sin tur?

– Vi er på veg. Vi har tre år til, og så får vi sjå og konkludere. Det har ikkje blitt vanlege folk sin tur til no, men det har blitt ei endring. Vi er på riktig veg. Det er grenser for kva som er mogleg å få til på eit år.

Statsministeren: – Tøffare å jobbe i offentleg sektor

UTFORDRA: Statsminister Jonas Gahr Støre fekk varm applaus då han talde på Fagforbundet sitt landsmøte. Samtidig blei han også utfordra på straumprisen, billigare tannhelse og at folk får dårlegare råd.

UTFORDRA: Statsminister Jonas Gahr Støre fekk varm applaus då han talde på Fagforbundet sitt landsmøte. Samtidig blei han også utfordra på straumprisen, billigare tannhelse og at folk får dårlegare råd.

Øystein Windstad

Støre: – Vi stiller opp i vanskelege tider

Frå talarstolen viste statsminister Jonas Gahr Støre at regjeringa har sørga for fleire trygge jobbar. Med å fjerne den generelle moglegheita for midlertidige tilsettingar og sikre fulle stillingar. På spørsmål frå Fagbladet om kva han tenkjer om at Fagforbundet-medlem Christiansen etterlyser fleire tiltak for vanlege folk, svarar Støre:

– Vanlege folks tur handla om kven er det politikken skal virke for. Det trur eg blei forstått etter at dei med mest hadde bestemt kva som skulle vere dei viktige sakene. Og kor dei store ressursane skulle gå. Vi har snudd på dette, seier Støre.

– Politikk for vanlege folk

Statsminister Støre seier han og regjeringa har hovudfokus på dei som har det vanskelegast:

– No er det rettferdig fordeling og dei med lågare inntekt som får skattekutt. Vi gjennomfører reformer i arbeidslivet som er viktig for folk som lever av sitt vanlege arbeid. Når straumkrisa, pandemien eller inflasjon rammar. Då innrettar vi politikken for å best mogleg ta vare på vanlege folk, seier Støre og legg til:

– Det er klart at dei som har dei største utfordringane i kvardagen – dei merkar prisstiginga tøffast. Alt vi set inn av tiltak er meint for å kome særleg denne gruppa til unnsetning. Det handlar om korleis vi prioriterer i vanlege tider. Men også korleis me stiller opp i vanskelege tider som ligg til grunn. 

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy