Dømt til å betale omsorgsarbeidarar sju millionar kroner
Advokat: – Høgsterettsdom er endeleg slutt for innleie i staden for fast jobb
IGJEN: Kjetil Edvardsen og laget med Fagforbundet-advokatane vann igjen i Høgsterett. Dette bilder frå Aleris/Stendi-rettsaka som Edvardsen og teamet også vant.
Werner Juvik
Gode nyheiter for alle som jobbar i kommersiell velferd og vil ha fast jobb. Eller for dei som har vore innleigde og vil ha etterbetalt pengar, seier Fagforbundet-advokat Kjetil Edvardsen.
oystein.windstad@fagbladet.no
Nyleg vann tre Fagforbundet-medlemmar i Høgsterett. Dei var tilsette i det kommersielle omsorgsselskapet Recoveryakademiet. Stridens kjerne var blant anna kor mykje pengar dei skulle få etterbetalt, fordi dei skulle ha vore fast tilsette og ikkje innleigde konsulentar.
Då saka kom opp i Høgsterett hausten 2024 granska dommarane kor langt tilbake i tid medlemmane skulle få etterbetalt for overtid og feriepengar. Fleirtalet av dommarane landa på at dei tre skal få etterbetalt sju millionar kroner.
Kva betyr eigentleg denne dommen for dei som jobbar i kommersiell velferd?
To ting, seier Fagforbundet-advokat Kjetil Edvardsen som førte saka saman med Morten Mønnich og Thea Rabe i dei ulike rettsrundane.
• Omsorgsarbeidar Gry fekk millionerstatning.
PUNKTUM: Kjetil Edvardsen og kollega Morten Mønnich i ei pause i retten. Dei har begge over fleire år jobba med mange saker som handlar om fast jobb og etterbetaling av overtid og feriepengar.
Kristin Svorte
Fast jobb
Edvardsen seier det ikkje lenger er rom for den minste tvil, folk skal ha fast jobb i kommersiell velferd:
– Høgsterettsdommen er sluttstreken for alle dei sakene vi har hatt over mange år, som dreier seg om feilklassifisering i den private helse- og omsorgsbransjen.
– Domen har stor betydning i heile arbeidslivet for feilaktig bruk av oppdragstakarar. Høgsterett sitt fleirtal er tydelege på at ansvaret ligg hos arbeidsgivar, seier Edvardsen.
Styreleiar i selskapet Recoveryakademiet, Sverre Koch, seier at dei ikkje ønskjer å kommentere saka og spørsmål om domen er endeleg punktum i spørsmål om innleige.
• Omsorgsarbeidarar vann i Høgsterett og får 24 millionar i erstatning.
Store utbetalingar
Det andre som Edvardsen seier dommen set presedens for og konkluderer med er: At dei som har feilaktig blitt innleigde, skal få fult etterbetalt for både feriepengar og overtid:
– Domen slår fast kor mange år tilbake ein kan krevje betalt feriepengar som ein ikkje har fått. Spørsmålet blir løyst til vår fordel med vår metodikk, som Høgsterett seier er riktig, og som lagmannsretten òg har støtta seg i. Det gir ganske store utbetalingar til våre medlemmer, seier Edvardsen.
Recoveryakademiet meinte at dei skulle betale feriepengar tre år tilbake i tid og at krav etter det var forelda. Høgsterett landa på Fagforbundet sitt syn om at selskapet må betale krav tolv år tilbake i tid.
I retten kom det fram blant anna at ein av omsorgsarbeidarane jobba over 4000 timar i løpet av eit år. Eit vanleg årsverk og arbeidsår er på rundt 1700 timar.
Edvardsen tenkjer at domen motiverer selskapa:
– Dei økonomiske konsekvensane kan bli store ved denne typen lovbrot for selskapa. Det er Fagforbundet veldig glad for – det motiverer til å følge lova. Høgsterettsdommen er endeleg punktum og no er vi ferdige med dette. No må berre arbeidsgjevarane innrette seg og følge lova, og betale det som skal betalast, seier Fagforbundet-advokaten.
Kan sitje igjen med mykje mindre
Saka til dei tre medlemmane er likevel ikkje over.
Sjølv om Høgsterett har dømt selskapet til å betale dei tre sju millionar kroner, kan det hende dei endar opp med berre 30 prosent av dette. Fordi selskapet seier dei har dårleg råd og vil gå konkurs om dei må betale alt dei skuldar. Dei har og har om rekonstruksjon.
Les meir om det her.