JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ansatt eller oppdragstaker?

Kan miste millionar i ubetalt løn: – Får dei til dette, vil mange andre velferdsselskap kunne bruke den same metoden

KAN MISTE MILLIONAR: Frode Jacobsen jobba tidlegare som konsulent for Recoveryakademiet. I november skal Høgsterett avgjere om han har krav på rundt 4 millionar kroner. Domen frå Høgsterett kan bli utan verdi, om ein anna kjenning om rekonstruksjon i ein anna domstol går igjennom.

Øystein Windstad

Velferdsselskapet Recoveryakademiet skuldar tre tidlegare konsulentar fleire millionar. No vil selskapet bruke ei midlertidig ordning for å krympe denne etterbetalinga med 70 prosent.

2024103110355820241031103557

oystein.windstad@fagbladet.no

Dei tre Fagforbundet-medlemmane trudde dei hadde vunne: Både tingrett og lagmannsrett gav dei medhald i at dei hadde vore fast tilsette – ikkje konsulentar – hos arbeidsgjevaren Recoveryakademiet. Etterbetalinga dei var skulda utgjer med renter no ti millionar kroner.

Sjølve saka skal opp i Høgsterett i november. Men allereie før det skjer, kan dei i praksis ha tapt store delar av millionsummen: Styret i Recoveryakademiet har søkt om såkalla rekonstruksjon.

Ordninga vart innført av Stortinget under koronapandemien. Ho er i utgangspunktet berre gjeldande til juni 2025, men kan bli varig.

Ordninga gjer at ei bedrift kan få unntak frå vanlege reglar for handtering av gjeld ved konkurs og kome fram til ei ordning som unngår konkursen.

I dette tilfellet inneber rekonstruksjon at eit fleirtal av kreditorane til Recoveryakademiet, målt i kor stor gjelda til dei er, i praksis har vedtatt at alle kreditorar må ettergje 70 prosent av gjelda til selskapet.

– Dei gjer dette for å lure frå oss millionar, seier Frode Jacobsen, ein av dei tre tidlegare tilsette.

Sverre Koch, styreleiar i Recoveryakademiet, seier grepet er nødvendig for å unngå konkurs. Bedrifta driv bu- og omsorgssenter innan rusomsorg og psykisk helse.

BURETTSLAG: Recoveryakademiet driv blant anna Stensbyhagen Recoverybaserte Borettslag i Minnesund.

Recoveryakademiet

Åtvarar om ringverknad

Jacobsen meiner altså at velferdsselskapet misbruker ei korona-ordning for å lure seg unna krava frå dei tre.

– Det kan føre til eit stort økonomisk tap. Eg sitt igjen med ei følelse av at leiargruppa og styret med ein samarbeidspartnar lurer og stel mykje pengar frå oss, rett og slett. Får dei til dette, vil mange andre velferdsselskap kunne bruke den same metoden for å unngå krav frå folk som skulle ha vore fast tilsette, seier Jacobsen.

Han risikerer å miste rundt 2,8 millionar kroner av etterbetalinga på 4,1 millionar som han har fått tilkjent av retten.

RAMMMA: Frode Jacobsen seier han fryktar at andre som har jobba som innleigde i Recoveryakademiet og andre velferdselskap kan gå glipp av store krav for etterbetaling om rekonstruksjonen i selskapet han jobba i går igjennom.

Recoveryakademiet tapte i retten: Må betale tidlegare konsulentar

Yvonne Skjellin har også jobba som innleigd konsulent i Recoveryakademiet. Om rekonstruksjonen blir godkjent, kan ho miste rundt 2,1 millionar kroner av sitt krav på 3 millionar:

– Eg vil sitte igjen med ein følelse at heile poenget med dommen er borte. Dei klarar på ein måte å snike seg unna at dei er dømt til å betale oss. Det sender eit signal om at det er ingen vits i stå på krava om det skal vere så enkelt å sleppe unna å betale, seier Skjellin, som i likskap med Jacobsen er Fagforbundet-medlem.

Dømt til å betale konsulentar, slo selskapet konkurs

RUSOMSORG: Dette bygget er Ørmen Recovery i Fredrikstad er eit tverrfagleg bu- og omsrogstilbod for personar over 18 år som slit med rus eller psykiske helseproblem.

Vurderer anke

Ein rekonstruksjon går ut på at i staden for konkurs, går kreditorane med på å få tilbake mindre. Selskapet skal gjere forandringar på drifta for å bli meir lønsamt og kan fortsette utan å gå konkurs – med mindre gjeld. Tanken er at det i det store bildet er betre for kreditorane å få tilbake litt enn å risikere alt om det blir konkurs.

16. oktober godtok Romerike og Glåmdal tingrett rekonstruksjonen av Recoveryakademiet. Fleirtalet av kreditorane – inkludert eit av dei tre Fagforbundet-medlemmene – stemte ja til å få tilbake 30 prosent av krava sine. Står dette resultatet, vil dei tre medlemmane ikkje få rundt ti millionar kroner, som tingrett og lagmannsrett slo fast, men tre.

Dei tre Fagforbundet-medlemmane er i denne samanhengen å rekne som kreditorar. Samla sett hadde dei tre rundt 40 prosent av stemmene til kreditorane ved rekonstruksjonen.

Rettsslutninga er ikkje rettskraftig enno, fordi dei som eventuelt ikkje er einige, kan anke innan ein månad.

Frode Jacobsen seier han no vurderer anke. Dei tre har fått advokathjelp frå Fagforbundet i alle rettssakene.

Stendi dømt til å betale millionar innleigde av Høgsterett

Styreleiar: – Nær konkurs

Styreleiar for Recoveryakademiet Sverre Koch viser til at selskapet gjekk med 24 millionar kroner i minus i fjor. I 2022 gjekk selskapet med 34 millionar i minus, i 2021 blei resultatet 5 millionar i minus og året før gjekk dei 10 millionar kroner i pluss.

Koch avviser at selskapet prøver å lure seg unna:

– Recoveryakademiet har kome i eit uføre som følgje av pandemien. Vi fekk betydelege tap blant anna grunna korttids-sjukefråvær. Eigaren tilførte 30 millionar nye kroner i 2022. Vi gjorde kutt, men gjekk framleis med underskot. Vi har bokstaveleg talt hangla vidare. Vi valde å oppretthalde drift fordi vi såg at det begynte å gå mot overskot etter kvart, seier Koch.

Han legg til at rettssaka gjorde situasjonen ekstra vanskeleg.

– Så kom krava frå rettssaka, og vi hadde ei gjeld på rundt 40 millionar kroner. Vi vurderte om det var fornuftig å fortsette drifta. Vi forsøkte å selje verksemda, og vi forsøkte å få inn nye eigarar. Vi forsøkte å få lån, men ingen ville ta i oss. Alternativ til rekonstruksjon hadde vore konkurs, hevdar styreleiaren. 

194 innleigde vann knusande dom

Krava mot Recoveryakademiet – kort fortalt

• Frode Jacobsen har eit krav med sakskostnader på 4,1 millionar kroner.

• Yvonne Skjellin har eit krav på rundt 3 millionar kroner med sakskostnader.

• Ein tredje saksøkar har eit krav på 3,2 millionar kroner med sakskostnader.

• Både tingrett og lagmannsrett har dømt Recoveryakademiet til å betale dette.

• Dei tre medlemmane risikerer no å sitte igjen med til saman 3 millionar, i staden for 10.

• Dette fordi om tingretten godtek rekonstruksjonen, får kreditorane 30 prosent av krava.

• Den totale gjelda som det er søkt rekonstruksjon om er på 25,4 millionar kroner.

Desse har dei største krava mot Recoveryakademiet AS og kunne stemme ved rekonstruksjon:

• Dei tre saksøkarane og Fagforbundet-medlemmane, 10,2 millionar kroner.

• Hurdal Eiendom, eigd av Carl Erik Krefting med familie blant andre, 8,8 millionar kroner.

• Skatteetaten, 3 millionar kroner.

• Stensbyhagen AS, 1,2 millionar kroner, også eigd av Carl Erik Krefting med familie.

• Skjeppsjøen Eiendom AS, 554.000 kr, også eigd av Carl Erik Krefting med familie.

Går mot millionoverskot

Krava frå dei tre har vore ein klar faktor i rekonstruksjonsprosessen. I dokumenta frå retten og rekonstruksjonen står det:

«Det har ikke lykkes å hente inn ny kapital i RA pga den usikkerheten som rettsaken der 3 tidligere konsulenter vant fram med i lagmannsretten med et betydelig erstatningskrav. Dette til tross for at saken skal prøves i Høyesterett.»

Vidare peikar styret på at ein av dei viktige årsakene til rekonstruksjonen er å unngå framtidige krav frå andre som har vore innleigde. I ein protokoll frå eit styremøte i Recoveryakademiet 28. juni står det:

«For å begrense mulige tilsvarende erstatningskrav, har styret kommet frem til at selskapet må begjære rekonstruksjon iht den midlertidige loven.»

I dokumenta som selskapet har sendt inn til retten, kjem det fram at selskapet per august i år gjekk med 26 millionar kroner i overskot:

– Dette viser at selskapet har pengar og kan betale krava våre, seier Frode Jacobsen.

Han ventar at Recoveryakademiet i år kan gå mot eit overskot som er like stort som eller større enn, dei samla krava.

Vann på alle punkt i retten: Gry får betalt fleire millionar kroner

Avviser misbruk av rekonstruksjon

Styreleiar Sverre Koch, som også jobbar som skatteadvokat, seier at krava kan velte selskapet:

– Noko av overskotet er at vi har oppløyst premiereservar i forsikringa. Og det som er vår situasjon, er at fordi vi har merknader grunna vår dårlege økonomi, så får vi ikkje vore med på nye anbod til kommunar. I september er det tre bebuarar som er blitt borte, som vi da ikkje klarer å få erstatta. Når kommunane kjem med sine anbod om rammeavtaler, så fell vi utanfor. Fordi vi ikkje fyller dei økonomiske kriteria. Og det vil vi forhåpentlegvis gjere når rekonstruksjonen er i mål.

– Frode Jacobsen meiner at rekonstruksjon er eit misbruk av ei korona-ordning for å sleppe unna krava om etterbetaling?

– Nei, det stemmer ikkje. Om vi ikkje hadde fått på plass ti friske millionar kroner og denne avtalen med kreditorane, er det ikkje sikkert vi hadde eksistert lenger, seier Koch.

Vann i Høgsterett og får millionerstatning

Meiner husleigegjeld blir brukt som verkemiddel

Jacobsen meiner at selskapet har fått det til å sjå ut som det er større problem for selskapet enn det eigentleg er:

– Dei har unnlate å betale husleige til ein forretningspartnar av styreleiar. Sånn sett har dei klart å opparbeide seg ein del gjeld, slik at dei også kan sikre seg fleirtal i stemminga i rekonstruksjonen, seier den tidlegare innleigde konsulenten.

Skal eit selskap søke om rekonstruksjon, må over 50 prosent av kreditorane, målt etter størrelse på gjeld, stemme for. Saksøkarane kontrollerte samla rundt 40 prosent av gjelda og stemmene.

Ein av dei tre saksøkande Fagforbundet-medlemmene stemte for rekonstruksjonen. Avstemminga enda med at 78 prosent av kreditorstemmene ville ha rekonstruksjon.

Betalar gjeld til seg sjølve

Ein stor del av kreditorane er knytt til husleige. Jacobsen peikar på at den nemnde husleigegjelda er til Carl Erik Krefting, som er ein forretningspartnar av styreleiar Sverre Koch.

Koch og Krefting eig delar av selskapet Carucel Investor AS i lag. Krefting stadfestar også at Koch har jobba som advokat for han nokre gonger.

– Det er desse to som skal skyte inn mesteparten av dei friske pengane det er snakk om. Delar av desse pengane skal gå til å betale ned husleigegjelda. Dei skal betale gjeld til seg sjølve, seier Jacobsen.

I eit dokument sendt inn til tingretten om rekonstruksjon står det at leiinga i Recoveryakademiet og selskap eigd av Sverre Koch med familie (Oscar Finans AS, red.anm.) og Carl Erik Krefting med familie (Carucel Invest AS, red.anm.) er dei som skal betale kreditorane etter rekonstruksjonen. 

Dagbladet med graveserie om Recoveryakademiet

Seier tala viser situasjonen som han er

Fagbladet spurte styreleiar Sverre Koch om husleiga har blitt brukt som verktøy for gjeld og sikre eit stemmefleirtal ved rekonstruksjonen. Koch avviser dette:

– Om ikkje Recoveryakademiet hadde fått utsett husleiga og andre løpande krav, ville selskapet vore konkurs for over eitt år sidan. Då ville ikkje kreditorane fått ei krone. 78 prosent av kreditorane, i beløp, har stemt for, også Skatteetaten. Det viser seg at bortsett frå dei to saksøkarane, er det eit ønske om at verksemda skal fortsette, seier Koch.

Selskapet Carucel Eiendom eigd av Carl Erik Krefting kontrollerte 40 prosent av stemmene ved rekonstruksjonen.

Både Jacobsen og hans tidlegare kollega Yvonne Skjellin, som framleis jobbar i Recoveryakademiet, avviser at dei ønsker konkurs:

– Vi vil berre ha dei pengane både tingrett og lagmannsrett har slått fast at vi har krav på. Dette har selskapet fint råd til å betale oss, seier Jacobsen.

I tillegg til rekonstruksjonen har Recoveryakademiet anka Høgsterett-spørsmålet om kor mykje dei skal etterbetale dei tidlegare konsulentane. Denne saka er altså skal behandlast til november.

SAME ETASJE: Styreleiar Sverre Koch sitt advokatselskap Advokat Koch AS og kreditor Carl Erik Krefting sitt eigedomselskap Carucel AS som leiger ut bygg til Recoveryadkademiet har same kontor-adresse på Fridtjof Nansen plass i Oslo.

Privat

Avviser at dei er forretningspartnarar

Advokatselskapet til styreleiar Sverre Koch, Advokat Koch AS og eigedomsselskapet til Carl Erik Krefting, Carucel Eiendom AS (som leier ut bygg til Recoveryakademiet, red. anm), har kontorlokale i same bygg og same etasje i Oslo.

Carl Erik Krefting har Ifølge Kapital ein formue på 2,6 milliardar kroner. Han avviser at han og Koch er forretningspartnarar, men bekreftar at dei to jobba i lag i advokatfirmaet Thommesen for over 15 år sidan. Han avviser også at husleigegjeld har blitt brukt som verktøy for å få igjennom rekonstruksjon:

– Husleige er ikkje betalt, då det ikkje har vore pengar til å betale ho. I sommar var det heller ikkje pengar til å betale blant anna lønn, og Recovery fekk ikkje forlengt sin faktoringavtale (pengar raskare inn på konto). For å unngå konkurs måtte vi som utleigar og i samråd med bustyrar låne inn 10 millionar kroner til betaling av løn, svarar Krefting på epost til Fagbladet.

Advokat Koch har uttalt seg i Finansavisen som advokaten til Krefting tidlegare. Fagbladet stilte spørsmål på epost til Krefting om kva relasjon dei to har, ettersom dei har same kontoradresse:

– Carucel leier kontor av Eiendomsspar. Vi framleiger til fleire firma, blant andre Koch. Det har vore naturleg å nytte dei juridiske tenestene hans i eit par enkeltsaker. Det er i denne samanheng at Koch har uttalt seg, svarar Krefting.

– Rekonstruksjon eller konkurs

På spørsmål om Krefting i realiteten betalar ned gjeld til seg sjølv, svarar han:

– Vi stemte saman med blant andre Skatteetaten, og det var berre Skjellin og Jacobsen som stemte imot, svarar Krefting.

Det var til saman 28 kreditorar. Dei største var altså Krefting med sitt utleigeselskap som gjennom fleire underselskap hadde rundt 40 prosent av stemmene, og dei tre saksøkande Fagforbundet-medlemmane, som også hadde rundt 40 prosent av gjelda og stemmene. At Skatteetaten stemte med Krefting, avgjorde saka.

Han skriv vidare at selskapet treng pengar for å få til rekonstruksjonen. Og at leiinga og styret i Recoveryakademiet er villige til å gå inn med pengar i form av eit lån som kan bli omgjort til eigardelar i selskapet. Og at det same er utleigeselskapet hans Carucel Eiendom villig til, som største enkeltkreditor:

– Det blir feil å seie at pengane går til å nedbetale husleige. Pengane går til å nedbetale alle kreditorane, også Jacobsen, på lik linje. Det er ikkje noko forskjellsbehandling her. Vi taper alle 70 prosent av våre krav. I tillegg går lånet til å dekkje drift som løn framover, skriv Krefting.

Han meiner at utan rekonstruksjonen vil selskapet gå konkurs.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
KAN MISTE MILLIONAR: Frode Jacobsen jobba tidlegare som konsulent for Recoveryakademiet. i november skal Høgsterett avgjere om han har krav på rundt 4 millionar kroner, slik som tingrett og lagmannsrett. Domen frå Høgsterett kan bli utan verdi, om ein anna kjenning om rekonstruksjon i ein anna domstol går igjennom.