JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Reallønnsnedgang og prisvekst

Dårlegare råd? Dette har tre år med dyrtid gjort med lommeboka di

Jøran Grønstad

Dei tre siste åra har prisane ete opp den auka løna. Du har blitt fleire tusen kroner fattigare.

2023121911312220231219131548

oystein.windstad@fagbladet.no

Kvart år har lønningane våre gått opp. Men, det har også prisane. Blant anna høgare renter og dyrare straum gjorde at prisane steig meir enn lønningane i fjor. Og no som 2023 nærmar seg slutten, ser det ut som prisveksten vil ete opp lønsauken tredje året på rad. Vi har sett på kva dei tre siste åra med dyrtid har gjort med lommeboka di.

Tener du mindre enn kollegaene? Sjekk snittløna i 350 yrke

– Blir verre før det blir betre

Magne Gundersen har jobba med folk som slit med økonomien i 15 år. Til dagleg jobbar han som forbrukarøkonom i Sparebank 1. Men han er også kjent for mange som programleiar og ekspert i Luksusfellen på TV3 sidan oppstarten i 2008. Han trur det er lurt å stålsette seg for neste år:

– Vi må vere klare for at det blir verre før det blir betre. Og renteutgiftene blir høgare neste år. Det vil bli endå trongare i 2024. Det er lurt å gjere det vi kan no og vere klar for at det blir ein endå dårlegare økonomisk situasjon. Sjå kva tips forbrukarøkonom Gundersen kjem med og når han ventar vi skal få betre råd, lenger ned.

{u1}

sparebank1/Jonathan Vivaas Kise

Slik kan du spare tusenlappar i månaden

Kva betyr reallønsnedgang?

Svaret er tusenlappar. Mange av dei. I snitt har det nesten ikkje vore reallønsauke sidan 2015. Fordi prisane har gått opp meir enn lønningane i 2021 og 2022. Og ser ut til å gjere det i år. Har du eit lån på rundt to millionar kroner, har du samla sett dei tre siste åra fått godt over ei månadsløn mindre å rutte med. Korleis? Sjekk ut reknestykka og oversikta nedanfor. Så mange tusen mindre sit du igjen med om …

Kristin M. Johansen

Du har 720.0000 i årsløn

Sidan 2021 sit du igjen med 16.087 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 40.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 46.195 kroner.

Brian Cliff Olguin

Dei bestemte løna di, sjå kva toppane tener

Du har 648.000 i årsløn

Sidan 2021 sit du igjen med 15.443 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 35.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 45.551 kroner.

Så mykje aukar pensjonane og trygdene i år

Du har 564.000 i årsløn

Sidan 2021 sit du igjen med 14.574 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 30.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 44.682 kroner.

SV og regjeringa: Aukar barnetrygda og minstesats uføre

Du har 468.000 i årsløn

Sidan 2021 sit du igjen med 12.594 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 25.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 42.702 kroner.

Rekordstor lønsauke i år, men prisane et opp alt

Du har 384.000 i årsløn

Sidan 2021 sit du igjen med 10.097 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 20.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 40.205 kroner.

OBS: Snittal

Til orientering er det store variasjonar mellom yrkesgruppene. Nokon har fått ein god del dårlegare råd enn andre under dyrtida. Reknestykket er basert på gjennomsnittstal. Det vil seie at gjennomsnittslønsaukene for dei tre åra er lagt til grunn (3,5 prosent i 2021, 4,3 prosent i 2022 og 5,2 i år). Tala for reallønsutviklinga er basert på statistikk frå Teknisk beregningsutvalg for inntekstoppgjørene (TBU). Obs, det er også verdt å merke seg at det er lagt til grunn for reknestykket at reallønsnedgangen i år blir på 0,4 prosent. Det er ikkje sikkert vi landar der, men det var estimatet tidlegare i år. Det er også andre ting som spelar inn på kor mykje du sit igjen med. Det er også verdt å merke seg at i dei eksempla med lågast inntekt, vil ein normalt sett ikkje kunne få eit lån på to millionar kroner. Har du eit lån på over to millionar kroner, vil du følgeleg ha fått enno mindre å rutte med dei tre siste åra enn i dette eksempelet.

Fleire med vanlege jobbar på sosialhjelp

Reknestykket for dei ulike lønene

Bakgrunnen for tala er kort fortalt lønsauken dei tre siste åra, minus prisveksten. Og dessutan kostnaden av stigande rente.

Det er verdt å merke seg at summane i denne artikkelen er basert på snittal og er estimat. Dei er ikkje hundre prosent presise, men gjev ein estimert peikepinn på stoda til fem ulike løner.

Framgangsmåten var å finne ut effekten dyrtida hadde på lønningar, år for år. La oss sjå på eksempelløna på 564.000.

I år blir lønsveksten på 5,2 prosent. Prisveksten ser ut til å lande på 5,6 prosent. Det gjev ein reallønsnedgang på 0,4 prosent. Først trekker vi frå løna 35 prosent skatt. Då sit vi igjen med ei nettoløn på 366.600.

I modellen har vi estimert at den høgaste løna brukar 75 prosent på forbruk og den lågaste 95 prosent. I denne graderinga vil ei årsløn på 564.000 kroner bruke 85 prosent av nettoinntektene på forbruk. 85 prosent av 366.600 kroner er 311.610. Til slutt har vi trekt frå dette beløpet reallønsnedgangen på 0,4 prosent. Det blir 1246 kroner.

Den same utrekninga har vi gjort for kvart av dei tre åra. Og lagt inn at det har vore lønsauke kvart år. Tener du 564.000 kroner i år, tente du 536.121 i fjor og 517.991 i 2021. Kor mykje du sit igjen med, år for år ser då slik ut:

2023

Lønsauke på 5,2 prosent. Reallønsnedgang på 0,4 prosent.

75 prosent til forbruk, årsløn 720.0000: 1404 kroner

80 prosent til forbruk, årsløn 648.000: 1347 kroner

85 prosent til forbruk, årsløn 564.000: 1246 kroner

90 prosent til forbruk, årsløn 468.000: 1095 kroner

95 prosent til forbruk, årsløn 384.000: 948 kroner

2022

Lønsauke på 4,3 prosent. Reallønsnedgang på 2,1 prosent.

75 prosent til forbruk, årsløn 684.410: 7006,629 kroner

80 prosent til forbruk, årsløn 615.969: 6726,363 kroner

85 prosent til forbruk, årsløn 536.121: 6220,326 kroner

90 prosent til forbruk, årsløn 444.866: 5465,166 kroner

95 prosent til forbruk, årsløn 365.019: 4733,379 kroner

2021

Lønsauke på 3,5 prosent. Reallønsnedgang på 2,4 prosent.

75 prosent til forbruk, årsløn 656.193: 7677,216 kroner

80 prosent til forbruk, årslån 590.574: 7370,352 kroner

85 prosent til forbruk, årsløn 517.991: 7108,944 kroner

90 prosent til forbruk, årsløn 429.822: 6034,68 kroner

95 prosent til forbruk, årsløn 352.675: 5226,624 kroner

 

Renta som et av løna di

Utgangspunktet for gjeld falt på eit bustadlån på to millionar kroner. Her har vi rekna ut kor mykje eit lån på to millionar kroner vil koste i året, ut frå den gjennomsnittlege renta.

Rente-snittet for i år er estimert til 4,63 prosent, 2,70 prosent i 2022 og 1,78 prosent i 2021.

I 2021 var renta på sitt lågaste og lånet var då 6396 kroner billigare enn året før. I 2022 blei lånet 14.352 kroner dyrare. Og i år enda lånet med å bli 30.108 kroner dyrare. Samla sett har eit lån på to millionar kroner blitt kostande 38.064 kroner meir sidan 2021. I desse tala er det rekna med eit skattefrådrag på 22 prosent for rente på bustadlån.

Kjelder: SSB om løn og prisvekst, Smarte Penger om pris på lån (basert på SSB-tal), Smarte pengar sin rentekalkularor.

Då trur han vi får betre råd

HJELPER: Magne Gundersen har hjulpe folk med å spare og kutte unødvendige utgifter sidan 2008 i Luksusfellen. Han forbrukarøkonomen rådar deg no til å lage ei penge-plan for 2024.

HJELPER: Magne Gundersen har hjulpe folk med å spare og kutte unødvendige utgifter sidan 2008 i Luksusfellen. Han forbrukarøkonomen rådar deg no til å lage ei penge-plan for 2024.

sparebank1/Jonathan Vivaas Kise

Forbrukarøkonom og Luksusfellen-programleiar Magne Gundersen deler når han trur dyrtida vil snu. Og kva du sjølv kan gjere og kva stor utgift myndigheitene bør gjere noko med. 

Forbrukarøkonom og Luksusfellen-ekspert Magne Gundersen trur at vi får betre råd i 2025:

– Eg trur trenden med reallønsnedgang vil snu i 2024. Samtidig vil vi ha høge renter som gjer at det vil bli trongare. Slik sett endå trongare neste år. Eg trur folk vil oppleve at det blir slakkare i 2025, seier Gundersen.

Dette kan du gjere

Gundersen meiner overgangen til det nye året er ein bra sjanse. Til å sette seg ned å lage ei plan:

– Det er lurt å lage ei plan for økonomien til neste år. De kan vere eit fint nyttårsforsett. Set opp ei plan for kor mykje du har å rutte ned. Dette er dei nødvendige utgiftene. Pass på å sikre at du ikkje brukar meir enn du har råd til. Ta høgde for at bustadlånet vil stige også neste år. Det er viktigare enn nokon gong å få kontroll på økonomien, seier forbrukarøkonomen. Sjekk ut Gundersen sine 13 sparetips her.

Dette bør politikarane gjere

Auka renter og spesielt straumpris er viktigaste grunn til at vi har fått dårlegare råd i det siste, ifølgje SSB. Forbrukarøkonom Gundersen er kritisk til den politiske handteringa av straum, som han meiner har feila:

– Sjølve prisen i seg sjølv er ille nok. Det blir ekstra ille når prisen er så uforutsigbar og svingar frå dag til dag og time til time. Både bedrifter og personar veit ikkje kva straumen endar på neste månad, seier Gundersen og legg til:

– For nokre månader sidan var det nesten gratis straum i ei periode. Eg treng ikkje gratis straum, men føreseielege prisar utan dei skyhøge toppane. Vi har eit straumsystem som fører til jojo-prisar som vi ikkje er tente med. Vi må få på plass nye mekanismar som sikrar meir stabile prisar, seier Gundersen med ei oppfordring til regjeringa og Stortinget.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy

Mats Løvstad

Jøran Grønstad