3000 I STREIK: Rundt 3100 lærar streikar no over heile landet. Det er varsla opptrapping av streiken om ikkje KS går med på krava til Utdanningsforbundet. Utdanningsforbundet har over 180.000 medlemmar. Også LO-tilslutta Skolenes landsforbund som har 7000 medlemmar er med i streiken.
Gorm Kallestad / NTB
oystein.windstad@fagbladet.no
Over 3000 lærarar streikar ved skular over heile landet. Fagforbundet har mange medlemmer i skuleverket. Pål Skarsbakk er leiar for LO kommune og leiar for lov- og avtaleverk i Fagforbundet. Han fortel kva som vil skje om lærarane vinn streiken litt lenger ned i artikkelen. Og han deler kva det er viktig at Fagforbundet sine medlemmene passar på under streiken.
• Eig du hus i sør kan straumen koste 33.000 kr i månaden
Kan hamne i gråsoner
Skarsbakk i Fagforbundet seier det viktigaste medlemmane gjer, er å ikkje gjere læraroppgåver:
– Medlemmane må passe på at dei ikkje overtek jobben og arbeidsoppgåver til dei som er i streik.
– Kva slags gråsoner kan medlemmane hamne i?
– Det kan vere ved disponering av folk og spørsmål om kva som kan gjerast. Undervisning er uaktuelt, seier han.
STREIKERÅD: Pål Skarsbakk er leiar av LO kommune og leier avdeling for lov og avtaleverk i Fagforbundet: – Medlemmane må passe på å ikkje overta arbeidsoppgåvene til lærarane. Om dei blir pålagt noko som er i strid, skal dei ta kontakt med tillitsvalt-apparatet, som igjen kan ta kontakt med kompetansesentera.
Martin Guttormsen Slørdal
• Ein av fem i vikarbyrå jobbar i skule eller barnehage
Er du i tvil: – Spør tillitsvalt
– Kva skal medlemmane i skuleverket gjere om dei er i tvil?
– Det er viktig at dei aktiv seier ifrå at dette er eg ueinig i, men dei gjennomfører jobben. Om ikkje kan det vere ein ordrenekt. Det har konsekvensar.
– Er det nokon plassar medlemmane kan gå til med spørsmål?
– Ja, då kan medlemmane gå til det nærmaste tillitsvalt, som igjen kan gå til kompetansesenteret med spørsmål.
• Gründer i barnevernet: Tiltalt for å kjøpe seg fri frå overgrep-skuldingar
Kan bli nye store rundar med forhandlingar
Om KS, som er kommunanes interesse og arbeidsgjevarorganisasjon, går med på lærarane sine krav, vil det opne døra for mange andre nye pengekrav:
– Det er ein reforhandlingsklausul i protokollen med KS om andre får meir. Då skal vi sette oss ved forhandlingsbordet, og då opnar vi for forhandlingar igjen.
– Så om lærarane vinn fram, blir det ei ny runde med forhandlingar og krav frå Fagforbundet?
– Ja, slår Skarsbakk fast.
TROR PÅ NESTE GENERASJON: Den tidligere sykepleieren mener mulighetene for endring av syn på seksualitet, parforhold og intime behov hos eldre med demens ligger i neste generasjon helsepersonell. - Det nytter ikke å endre de som allerede er der ute. Vi må gripe fatt i de som er under utdanning og sørge for at de får den kompetansen som trengs.
Anita Arntzen
ETTERLYSER OPPKLARING: Tydeligere retningslinjer ville vært bra både for ansatte og brukere ved sykehjem, mener professor i sykepleie Siren Eriksen.
Martin Lundsvoll / Aldring og helse
RETTEN TIL PRIVATLIV: Fag- og kvalitetsrådgiver Melita Lustica (f.h) og hjelpepleierne Rabia Erdemir og Kari Trosholmen ved Mariehaven sykehjem i Bærum sier de tilrettelegger så mye de kan for at beboerne skal ha et privatliv.
Anita Arntzen
HYLLET FOR ÅPENHET: F.v. Hjelpepleier Elisabeth Andersson, og sykepleierne Svanhild Furre Johannessen og Linda Hellesø fikk Flaviusprisen under Åpenhetsseminaret på Pressens Hus i Oslo torsdag 21. september.
Marte Bjerke
– Det er ingen naturlov at Arbeiderpartiet bare kan ta noen grep og bli største parti igjen. Men det er heller ingen naturlov at partiet skal gjøre dårlige valg, sier partisekretær Kjersti Stenseng. (Arkivfoto)
Jan-Erik Østlie
NÆRHET: Fysisk berøring er viktig også for personer med demens, men kan misforstås.
Colourbox