JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fagforeiningsleiar åtvarar mot denne typen kontor

KOMPLEKTST: Roger Kristensen er leiar av Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet Oslo. Han ser at ABW er "det nye", men beir leiarar om å ta med dei tilsette på råd når nye kontor skal utformast.

Øystein Windstad

Mange fleire vil i framtida bli kjent med omgrepet ABW: – Ei løysing som langt ifrå passar alle, seier fagforeiningsleiar Roger Kristensen som kjem med ny rapport.

2024062110562420240624135303

oystein.windstad@fagbladet.no

Torsdag lanserte Yrkesseksjon kontor og administrasjon (YKA) i Fagforbundet Oslo rapporten «Sånn vil vi ha det – På kontoret».

Rapporten tek pulsen på kva som rører seg blant dei som jobbar på kontor. Han ser også framover og seier noko om kva tusenvis av kontortilsette kan vente seg. Og det er eit omgrep som stikk seg ut i tida som kjem: «Activity Based Work» (ABW) eller aktivitetsbasert løysing, på godt norsk.

Det inneber at tilsette skal kunne sitte på ulike rom etter kva type arbeid dei skal gjere.

– «Dette er det nye og det unge vil», fortel mange leiarar til meg når eg er rundt omkring på arbeidsplassane. Samtidig veit vi ikkje om denne typen kontor vil ha ei positiv eller negativ effekt, eller om det vil bli noko endring i det heile. Det anar vi ikkje, seier Roger Kristensen, leiar av YKA i Fagforbundet i Oslo.

Dette er aktivitetsbasert kontorlandskap

• Trenden er at det blant anna skal erstatte opne landskap.

• Tilsette skal kunne sitte på ulike rom etter kva type arbeid dei skal gjere.

• Opne rom er for samarbeid.

• Stille rom er for konsentrasjonsarbeid.

• Møterom for diskusjon.

• Du har ikkje faste plassar og kan velje kva rom du vil ha alt etter arbeidet du skal gjere.

Overraskande funn: Dette er den mest sosiale kontorløysinga

– Passar for nokon, men ikkje for alle

Kristensen viser til eit pilotprosjekt med aktivitetsbasert kontor i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD).

Fafo såg blant anna på kva som skjedde med arbeidsvanane til dei tilsette då dei fekk den nye kontorløysinga og kom med denne rapporten.

Studia fann at sjølv om kontoret var forma som eit aktivitetsbasert kontor, jobba ikkje folk slik, peikar Kristensen på:

– Nokon irriterte seg kanskje over småstøy i landskapet. Dei enda med å sitte på eit multirom åleine. Dei som jobba med sakshandsaming treng ikkje å ha like mykje samarbeid med kollegaene. Den avdelinga eller gruppa som har sagt at aktivitetsbasert løysing fungerer kjempebra, er dei som driv med lønsforhandlingar. Dei jobba saman på prosjektrom. Likevel er dette noko dei treng å gjere rundt fire veker i året. Denne kontorløysinga passar for nokon, men langt ifrå alle, seier Kristensen i Fagforbundet Oslo.

Heimekontor på heiltid gav depresjon

Nesten fire av ti utan skriftleg avtale

I undersøkinga blant over 800 av Fagforbundet i Oslo sine medlemmar som jobbar på kontor, melder nesten 70 prosent at det er planlagt underdekning. For få plassar til alle tilsette med andre ord.

Rapporten og funna kan du lese her. Han blei lansert torsdag 20. juni på fagdagen til YKA Oslo. Eit anna funn frå spørjeundersøkinga er at 37 prosent av dei som jobbar på heimekontor framleis ikkje har skriftleg avtale, sjølv om det er lovpålagt:

– Det er kjempeskummelt blant anna om du blir skada på heimekontor, seier Kristensen.

Han meiner ein skriftleg avtale om heimekontor gjer at den tilsette har meir å vise til om det om det oppstår ein yrkesskade.

Les meir om korfor Fagforbundet meiner alle som jobbar på heimekontor bør ha avtale her.

MEST LEST:
FALLER UTENFOR: – Rusavhengige faller litt utenfor når de blir gamle. Mange har ikke evne til å bo på steder uten tilsyn hele døgnet, sier Ellen-Mari Olsson, spesialhjelpepleier med videreutdanning i psykiatri.

Kathrine Geard

Her kan beboere drikke alkohol og røyke hasj: – De får et litt annet liv

Helsefagarbeidere og hjelpepleiere, renholdere og sykepleiere har i dag særaldersgrense. Arbeidsgiverorganisasjonene Spekter og Virke mener denne ordningene ikke bør videreføres fullt ut.

Frøydis Falch Urbye

Har du rett til særaldersgrense? Nå vil arbeidsgiverne fjerne hele ordningen

OMSKOLERT: Rune Lundquist gikk fra bruker til medarbeider på Sagatun. – Jeg ble bedre av å hjelpe andre, sier han.

Werner Juvik

Rune skrev avskjedsbrev til barna: – Jobba bort både familie og venner

KOM TILBAKE: – Ja, jeg var syk, men jeg trengte å være blant folk, sier Katherine Carroza-Roos.

Tre ting hjalp Katherine tilbake på jobb: – Jeg må innrømme at jeg var skeptisk

MISNØYE: Sammen med sine kolleger står Inger Marie Hagen ved OsloMet bak Medbestemmelsesbarometeret. Den viser at mer enn hver femte arbeidstaker gir uttrykk for misnøye med ledelsen.

Kasper Holgersen

Hva er det største problemet på jobben? Jo, det er sjefen

PÅ BØLGJELENGDE: Dei to kollegaene Anne Gro Olesrud Rugaas (36) og Nina Helen Haugan Hansen (38) og er samde om det meste. Og viktigast for begge er at brukarane har gode dagar og opplever meistring når dei er på dagavdelinga.

Marianne Otterdahl-Jense

Full jobb og høgare vidareutdanning: Slik får helsefagarbeidarane Anne Gro og Nina kabalen til å gå opp

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy