JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Dei kontortilsettes dag

Dette er den mest sosiale kontorløysinga: – Litt overraskande

FORSKAR: Randi Hovden Borge ved STAMI studerer kva kontormiljø som gjev best resultat.

FORSKAR: Randi Hovden Borge ved STAMI studerer kva kontormiljø som gjev best resultat.

Øystein Windstad

Kor er det vi snakkar mest med kollegaene våre, i ope landskap eller på einekontor? Funnet vil overraske mange.

2024042615162520240427090220

oystein.windstad@fagbladet.no

Dei to plassane du brukar mest tid i livet ditt er i senga og på jobb. Akkurat som senga er viktig for søvnen, er jobben avgjerande for kor godt du har det i livet.

Ei ny undersøking gjort av Fagforbundet tyder på at fleire kan vente seg ein kontorarbeidsplass der det er bevisst lagt inn for få plassar, slik at fleire må jobbe på heimekontor. Og ei anna studie viser kor vi som jobbar på kontor, møter kollegaene våre fjes til fjes.

Heimekontor på heiltid gav depresjon og angst

Vi snakkar mindre saman i ope kontorlandskap

– Eg trur at noko av grunnen til at den studien er så fascinerande å høyre om, er nettopp at det er litt overraskande. Fordi vi har ei slags førestilling om at fysisk openheit automatisk gjev meir og betre sosial interaksjon, seier Randi Hovden Borge ved STAMI.

Ho er doktorgradsstipendiat og har mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi, og var ein av foredragshaldarane på fagdagen «Fremtidens kontor» som blei arrangert av Fagforbundet 25. april.

Forskarane ville finne ut kva som skjer når folk som jobbar i einekontor og små delekontor blei flytta over i ope kontorlandskap.

Funna var at folk snakka 70 prosent meir med kvarandre då dei sat på einekontor samanlikna med kontorlandskap. Samtidig gjekk den elektroniske kommunikasjonen som chat og epost opp tilsvarande det ansikt til ansikt-pratinga gjekk ned.

• Dette er den vanlegaste løna i Norge

Korfor?

– Er det slik at vi trekker oss meir inn i oss sjølve når vi sit meir synleg og eksponert i ope landskap?

– Det kan vere éin mogleg respons når du føler deg overeksponert, det å trekke seg tilbake. Det er ikkje eit veldig overraskande funn for oss med litt innsikt i psykologi, seier Hovden Borge.

KONTORTILSETTE: Det var full sal under Fagforbundet sin fagdag «Fremtidens kontor» 25. april. 27. april mrkerar dei kontortilsette si dag.

KONTORTILSETTE: Det var full sal under Fagforbundet sin fagdag «Fremtidens kontor» 25. april. 27. april mrkerar dei kontortilsette si dag.

Øystein Windstad

Yrkesskade på heimekontor kan bli dyrt, slik stiller du sterkare

Avgjerande for trivsel

Ho legg til at det er svært viktig at arbeidsgjevarar ikkje berre tenkjer på korleis kontora er forma ut som ein utgiftspost:

– Det er veldig viktig å tenkje på kontorløysingar som eit viktig premiss for arbeidsvilkåra til dei tilsette. Det er eit perspektiv ein bør ha med når ein går over til nye kontorløysingar, seier STAMI-forskaren.

Vidare fortel ho at noko av dei aller viktigaste funna frå forsking på arbeidsliv, er at dei tilsette føler dei har noko dei skulle sagt. Autonomi, at vi kan vere med å bestemme over kva som skal skje i eigen arbeidskvardag. Jo meir arbeidstakarane opplever at dei har å seie, jo meir trivsel.

Folk i opne kontorlandskap meir sjukemelde

– Eit gigantisk usikkert eksperiment

Roger Kristensen er utdanna tømrar, jobbar som hovudtillitsvald i Boligbygg i Oslo kommune og er leiar av Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet Oslo. Han presenterte funna frå ei spørjeundersøking blant over 800 kontortilsette i Oslo på fagdagen.

Han ser ei trend som han ikkje likar.

Av dei tilsette som skal få nye kontor, svarar 68 prosent at leiinga planlegg å legge inn ein god del færre kontorplassar enn tilsette.

– Underdekning av kontorplassar er eit gigantisk arbeidsmiljømessig eksperiment. Vi veit jo ingenting om dei psykososiale utfordringane det kan dra med seg. Det finst ikkje forsking som seier at dette fører til eit betre arbeidsmiljø for dei tilsette, seier Kristensen.

TILLISVALD: Roger Kristensen er hovudtillitsvald i Boligbygg Oslo KF og har jobba med ei spørreundersøkjing blant nesten 1000 kontortilsette.

TILLISVALD: Roger Kristensen er hovudtillitsvald i Boligbygg Oslo KF og har jobba med ei spørreundersøkjing blant nesten 1000 kontortilsette.

Øystein Windstad

Sparing kan bli dyrt

Kristensen i Fagforbundet Oslo peiker på at vi deler meir fagkunnskap om vi sit på einekontor.

– I eit cellekontorlandskap, når du først går til ein kollega, då går du for å spørje eller dele noko innanfor fagfeltet ditt. Medan i eit ope landskap, viser det seg at delinga du gjer i større grad er av meir privat karakter, seier Kristensen.

Og han viser til BI-forskar Lina Lai. Han trur at om fleire blir tvinga til å sitte på heimekontor grunna at det er planlagt for få kontorplassar på jobben, kan det gå ut over lojaliteten til arbeidsgjevaren. Og at fleire sluttar.

Som igjen fører til dyre og tidkrevjande tilsettingsprosessar. Fagforbundet si spørjeundersøking blant 820 kontortilsette i Oslo vil bli offentleg i løpet av mai.

Mange bryt lovkrav om heimekontor

Medråderett = suksess

Ei rekkje arbeidslivsforskarar understrekar at det at tilsette kan vere med å bestemme korleis dei nye kontora skal bli, er avgjerande for om arbeidsmiljøet, trivselen og produktiviteten blir bra.

– Det er viktig å føle på medråderett i endringsprosessar. Så lenge ein passar på det, trur eg det vil gå bra for dei aller fleste, seier Hovden Borge ved STAMI.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy