JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Yrkesskade på heimekontor kan koste deg dyrt. Slik stiller du sterkare

KVA OM DU BLIR SKADD: Har du vore på heimekontor og blir skadd, kan det bli vanskeleg å få erstatning. Dette vil LO, blant andre, gjere noko med.

KVA OM DU BLIR SKADD: Har du vore på heimekontor og blir skadd, kan det bli vanskeleg å få erstatning. Dette vil LO, blant andre, gjere noko med.

Colourbox

Utan avtale risikerer du å gå glipp av erstatning om du blir skadd på heimekontor. Med dette enkle grepet stiller du sterkare, seier LO-advokat Alexander Lindboe.

2023062911023220230629110231

oystein.windstad@fagbladet.no

Kvinna var på veg frå heimekontor til bilen og neste oppdrag i 2018. Då sklei ho på isen, falt og blei skadd slik at ho måtte operere. Ho hadde ikkje individuell avtale om heimekontor. Men ein av føresetnadane for jobben var ein del jobbing frå heimen.

Dette var ein av grunnane til at lagmannsretten meiner ho ikkje skal få yrkesskadeerstatning. Saka ligg no hos Høgsterett som i løpet av hausten skal ta stilling.

Om du er på heimekontor etter eige ønske avgjerande for erstatning

{f1}

Over ein million kan jobbe heime

Rundt 1,2 millionar nordmenn har moglegheit for heimekontor, viser tal frå SSB. Nye tal frå Fagforbundet si undersøking blant medlemmane i juni viser at litt over halvparten har avtale om heimekontor. Om tala er dei same for resten av befolkninga, vil det seie at minst ein halv million arbeidstakarar står utan individuell avtale om heimekontor.

Nesten alle bryt lovkrav om lovkrav om heimekontor

Staten med strenge krav til yrkeserstatning

Advokat Lindboe seier at om du blir skadd på heimekontor, er det fleire ting Nav og Trygderetten ser på:

– Dei ser på kva slags type jobb du har. Om du berre sporadisk jobbar heime eller om arbeidet heime er av fast karakter. Vidare er praksis i dag at dei ser på om det er hensiktsmessig om du jobbar heime den dagen du eventuelt skadar deg. Og slik kan det umogleg vere. Dette er heilt fjernt frå realitetane i dag der det er veldig vanleg med heimekontor, seier Lindboe, som jobbar i LO-advokatene.

Han legg til at individuell avtale ikkje er ein føresetnad for å få yrkesskadeerstatning om du blir skadd heime. Men det gjer at du stiller sterkare.

Folk i opne kontorlandskap har meir sjukefråvær

SPESIALIST: Alexander Lindboe har rundt 15 års erfaring som advokat innan arbeidsrett. Han har bakgrunn frå forbundet Industri Energi og jobbar i dag som advokat for LO. Han seier at avtale om heimekontor ikkje er ein garanti for yrkesskade-erstatning. Men du stiller mykje sterkare i møte med Nav, Trygderetten og staten.

SPESIALIST: Alexander Lindboe har rundt 15 års erfaring som advokat innan arbeidsrett. Han har bakgrunn frå forbundet Industri Energi og jobbar i dag som advokat for LO. Han seier at avtale om heimekontor ikkje er ein garanti for yrkesskade-erstatning. Men du stiller mykje sterkare i møte med Nav, Trygderetten og staten.

Øystein Windstad

Retten meinte heimekontor ikkje var nødvendig

Saka til kvinna som datt på isen og måtte operere kan bli avgjerande for reglane for yrkesskade og heimekontor. Lindboe seier at han og LO er kritisk til statens praksis. Kvinna reiste frå heimekontoret og blei skadd på veg mot det neste oppdraget. To av tre dommarar i lagmannsretten meinte at om ho etter eige ønske var på heimekontor, er ikkje arbeidsgjevar ansvarleg for å dekke skadar som skjer på reise til eller frå heimekontor. Fleirtalet meinte at det må vere nødvendig heimekontor om ulykka skal bli rekna som yrkesskade.

HEIMEKONTOR NØDVENDIG? Blir skadd når du jobbar heime, er staten restriktiv når det kjem til å gje yrkesskadeerstatning. I dag er rettspraksis at om det ikkje var nødvendig med heimekontor, får du ikkje erstatning. Det er dette LO og advokat Lindboe vil at Høgsterett skal forandre.

HEIMEKONTOR NØDVENDIG? Blir skadd når du jobbar heime, er staten restriktiv når det kjem til å gje yrkesskadeerstatning. I dag er rettspraksis at om det ikkje var nødvendig med heimekontor, får du ikkje erstatning. Det er dette LO og advokat Lindboe vil at Høgsterett skal forandre.

Colourbox

Kritisk LO-advokat

Lindboe meiner at når du er på heimekontor og reiser vidare på eit oppdrag, må det reknast som at du er på jobb. Han meiner også at staten sin praksis ikkje heng på greip:

– Praksisen med å fokusere på at reise til jobb ikkje skal gje yrkesskadeerstatning er basert på lover frå 1800-talet. Det har vore eit bevisst val frå lovgjevar at skadar på reise frå heim til eller frå arbeidsstad ikkje er yrkesskadedekka. Det motsette gjeld reiser mellom arbeidsstadar. Då har arbeidet starta og du er «i arbeid, på arbeidsstad, i arbeidstida».

Vil at heimekontor skal reknast som du er på jobb

Lindboe håpar at Høgsterett vil sikre rettane til yrkesskadeerstatning til dei 1,2 millionar arbeidstakarane som kan jobbe heime:

– Kampen står om heimekontor kan reknast som «på arbeidsstad», slik at ein kjem inn under regelen om yrkesskadedekning på reise mellom arbeidsstadar. Praksisen og tolking heng langt etter den teknologiske utviklinga med internett blant anna. Teknologi som gjer at det no har blitt svært vanleg med heimekontor, seier spesialisten i arbeidsrett.

Dette er grepet du kan gjere

Advokat Lindboe rår alle som jobbar på heimekontor til å sikre seg ein kontrakt og individuell avtale om heimekontor. Avtalen bør ha med seg kor mange dagar eller timar i veka du skal jobbe heime. Gjerne kva type arbeid som skal gjerast, arbeidstida og at dette er skal vere ei fast ordning:

– At dette står i ein kontrakt, gjer at det er klare rammer rundt arbeidet. Då blir det lettare å argumentere opp mot staten og forsikringsselskapa. Om du skulle vere så uheldig å pådra deg ei yrkesskade på heimekontor, seier han.

Om du lurer meir på kva som er lurt å ha med i avtale for heimekontor, sjekk ut malen som Arbeidstilsynet har lagt ut på nettsidene sine.

Etterlyser avklaringar

Lindboe har rundt femten års erfaring som advokat på arbeidsrettsfeltet og meiner det svært mykje som må bli klart når det kjem til heimekontor:

– Er det verkeleg slik at kvar arbeidstakar skal vurdere kvar dag om arbeidet strengt tatt kan bli gjort på vanleg arbeidsstad? Dekkjer yrkesskade heile bustaden? Eller er det berre eit rom? Kva om du ramlar ned trappa når du går ned for å ete lunsj, eller om du skader deg når du går ut for å hente posten? Du driv strengt tatt ikkje med ei kjerneoppgåve. Er du då yrkesskada? spør Lindboe.

Han er spent på kva Høgsterett landar på i saka om kvinna som sklei på isen:

– Om Høgsterett avviser denne saka og trygderetten sin praksis fortset, då må lovgjevar på banen for å avklare dette. Det kan ikkje vere slik at du har dårlegare yrkesskadedekning på heimekontor enn på den vanlege arbeidsplassen når arbeidstakar faktisk utfører arbeid i arbeidstida, seier LO-advokaten.

Fakta om avtale for heimekontor

• Det er i dag krav om at alle som jobbar regelmessig på heimekontor skal ha skriftleg avtale

• Det er krav om at avtalen skal innehalde:

- Omfang av heimearbeidet, gjerne med arbeidstimar og dagar i veka

- Arbeidstida som gjeld for heimearbeidet.

- Kor lenge avtalen varer

- Eigarskap til drift og vedlikehald av utstyr.

• Avtalen kan også innehalde:

- Når arbeidstakar skal vere tilgjengeleg for arbeidsgjevar

- Rett og frist til å seie opp avtalen

- Prøvetid for ordninga

- Informasjon om korleis ein lagrar og tek vare sensitive opplysningar

Kjelde: Arbeidstilsynet

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy