JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Foreldre protesterer i fakkeltog: – Får ungar heim med blødande sår frå barnehagen

OPPRØRSLEIAR: Ida Madslien heldt tale og deltok i fakkeltoget I Oslo tirsdag. Ho smilte av oppmøtet, men er ikkje like glad for det ho beskriv som bemanningskrisa i barnehagane.

Privat

Det er så lite folk på jobben at ungar går rundt med sår under bleiene fordi dei ikkje blir skifta nok på. Det fortel foreldre, seier Ida Madslien som leiar aksjonsgruppa Foreldreopprøret.

2024112911340220241129133648

oystein.windstad@fagbladet.no

Denne veka har foreldre og fagforeiningar samla seg i fakkeltog og protest i Oslo og Kristiansand. Dei krev at det skal bli fleire fang å sitte i etter at cherroxa er sett på plass og parkdressen hengt opp:

– Foreldre fortel om blødande sår hos barna fordi dei har gått med bæsj i bleia for lenge, som det har tatt mange dagar å få vekk. Dei fortel om fulle bæsjebleier ved henting, eller bleier som har vore på sidan levering. Bleier som omtrent fell av ungane fordi dei er så tunge, seier Ida Madslien.

Ho har sjølv ungar i barnehage og er leiar for Foreldreopprøret 2024 som har rundt 27.000 medlemmar på Facebook.

Madslien seier ho har opplevd det same med sitt eige barn. Og at fleire venner også har fortalt om sår under bleia, grunna for lite folk og skift.

Dette betyr barnehageforliket for deg som jobbar i barnehage

SKULDER TIL SKULDER: Tilsette og foreldre gjekk side om side og skulder til skulder med krav om auka bemanning i barnehagane.

– Ikkje unik historie

Berit Tevik, tillitsvald i Fagforbundet Barn og oppvekst i Oslo, har sjølv jobba i barnehage. Ho seier slike hendingar kan skje.

– Dette er ikkje naudsynt vis ei unik hending. Det kan kome av for lite folk på jobb. Det kan også kome av at enkelte ungar har meir sensitiv hud som kan lettare gje sår. Det er viktig med individuell tilpassing. Har ein unge spesielle behov, skal dei møtest. Om ein ikkje har nok bemanning, greier ein ikkje å møte dei, seier tillitsvalde Tevik.

Fagbladet har vore i kontakt med ei som har sendt inn historie til Foreldreopprøret, som fortel at barnet hennar etter kvart fekk sår grunna for sjeldan bleieskift.

Ho ønskjer ikkje å stå fram med namn, men vil at det skal bli sett søkelys på situasjonen.

Mette Nord: – Forliket eit steg i rett retning

– Tilsette gjer så godt dei kan

Madslien meiner dei tilsette gjer så godt dei kan:

– Det er viktig for oss å understreke at dette ikkje handlar om dei tilsette, som trass alt gjer så godt dei kan innanfor altfor dårlege rammer. Slik bemanningsnorma er lagt opp i dag, der den ikkje tek omsyn til opningstid, plantid, pausar eller liknande, blir det få timar der det faktisk er full bemanning. I staden ender tilsette opp med å jobbe seg sjuke i eit forsøk på å strekke til, seier Madslien.

Det legemelde sjukefråværet i barnehagar er på rundt ti prosent.

Utdanningsforbundet: – Barnehageforliket løyser ingen ting

FAKLAR: Foreldreopprøret har rundt 27.000 medlemmar. Fleire frå Barnehageopprøret, eit Facebook-gruppe med rundt like mange medlemmer deltok også i fakkeltoget i Oslo tirsdag.

Har samla inn historier

Madslien seier aksjonsgruppa har fått tilbakemelding frå mange foreldre som er både kritiske og skremte:

– Foreldreopprøret har sidan i sommar samla inn historier frå foreldre. Dei har fortalt om konsekvensane av bemanningssituasjonen i dag. Foreldra fortel dei gruar seg til å levere, fordi dei ikkje er sikre på om barna blir sett og får behova møtt i løpet av dagen. Foreldra fortel at dei har funne barnet sitt gråtande ved porten utan at nokon veit kva som har skjedd. Foreldre til større barn fortel at barnet ikkje vil i barnehagen. Fordi det ikkje føler seg trygt.

Madslien meiner det er mogleg å gjera noko med situasjonen.

– Barna våre treng trygge føreseielege dagar der det er nok tilsette til stades, seier Madslien.

Faklar for fleire folk

Tysdag samla rundt 150 folk med faklar seg i Oslo sentrum. Foreldreopprøret, Barnehageopprøret (aksjonsgruppe for tilsette i barnehagar red. anm), Utdanningsforbundet i Oslo og Fagforbundet Barn og oppvekst i Oslo seg i protest.

Eit fleirtal av partia har blitt einige om eit nytt barnehageforlik. Neste år skal dei vedta ei ny barnehagelov.

Madslien meiner regjeringa som har blitt einige med KrF, Venstre, Pasientfokus og Høgre har svikta både barna, foreldra og dei tilsette med å ikkje sørgje for eit lyft i bemanninga i det nye forliket.

Både foreldra og dei tilsette i fakkeltoget meiner at det nye barnehageforliket bommar når dei ikkje aukar bemanninga. Tidlegare har det vore liknande markeringar mellom anna i Larvik, Nittedal, Bergen og Bærum.

• SV, Rødt og Frp trakk seg frå barnehageforliket

Meiner barnehagane er i krise

Tidlegare sa Elise Waagen i Ap at det nye forliket ikkje handlar om meir pengar, men korleis bruke dei pengane ein har. Og korleis barnehagane skal styrast og organiserast. Madslien meiner det ikkje er nok:

– Vi syns det blir for enkelt å gøyme seg bak at forliket og barnehagelova ikkje handlar om pengar. Det er ei bemanningskrise i barnehagane. Folk jobbar seg sjuke i eit forsøk på å dekke opp den dårlege bemanninga. Søkjartalet til utdanninga stuper. Folk flyktar frå sektoren, seier leiaren av Foreldreopprøret.

Krev full bemanning dagen gjennom

Madslien i Foreldreopprøret meiner dette må skje:

– Den beste måten å snu dette på er å sørgje for at det er nok folk på jobb til at dei tilsette faktisk får gjort jobben sin. Vi meiner dei burde ha auka bemanningsnorma, gjort tydeleg lovverket og sagt at den skal gjelde heile opningstida, seier ho.

Ho viser til at eigenrapportering frå barnehagane dokumenterar at fleire barnehagar seier dei har full normert bemanning i mindre enn tre timar om dagen.

Slik at barnehagane oppfyller bemanningskrava på papiret, men ikkje heile dagen.

TILLITSVALD: Berit Tevik jobba sjølv i barnehage frå 2009 til 2015 og er i dag tillitsvald på fulltid for Fagforbundet. Ho heldt tale under fakkeltoget for auka bemanning.

– Eit forlik for mektige lobby-interesser

I likskap med Madslien heldt Berit Tevik i Fagforbundet Oslo tale under fakkeltoget i hovudstaden tysdag.

Ho meiner verken foreldre, barn eller tilsette vil merke noko særleg til det nye barnehageforliket:

– Det er sterke lobbykrefter som har vore i sving her. Spesielt PBL som representerer eigarane av dei kommersielle barnehagane. For meg verkar dette å vere eit forlik for eigarinteressene. Eg trur ikkje det er bra at så sterke kommersielle krefter får styre så mykje av barnehagesektoren, seier Tevik.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy