JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Diettskatt:

Frå no av må du skatte av pengane du får til mat på alle typar jobbreiser

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Colourbox.com

1. januar trådde regjeringas nye diettskatt i kraft. Her er det arbeidsfolk må ut med.

2019010311430020230821171436

tormod@lomedia.no

Nytt av året er at du også må skatte av pengane du får til mat på reiser på dagtid. Skatteetaten har såkalla trekkfrie satsar. Det betyr at du må skatte av alle pengane du får over desse beløpa. Dette er dei nye trekkfrie satsane for:

• reiser på 6 til 12 timar: 200 kroner

• reiser over 12 timar: 400 kroner

Og dette er dei skattefrie satsane om du bur på:

• pensjonat, hybel eller brakke der du ikkje kan lage mat: 161 kroner

• hybel eller brakke der du kan lage mat eller overnattar privat: 89 kroner

• hotell: 578 kroner

(Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frukost, 30 prosent for lønsj og 50 prosent for middag.)

I tillegg har langtransportsjåførar ein eigen skattefri sats på 300 kroner.

Nytt av året er også at desse satsane gjeld både for reiser innanlands og utanlands.

Statsbudsjettet 2019: Regjeringa øker skatten på diett i jobbreiser – igjen

Dette er statens satsar

Staten har eigne satsar for kva beløp tilsette får til å kjøpe seg mat på jobbreiser, som blir forhandla fram med dei tilsette sine hovudorganisasjonar. Det er likevel stor sjans for at dette er dei same beløpa som du får, sjølv om du ikkje jobbar i staten, sidan mange bedrifter i privat sektor bruker desse satsane.

Om du reiser innanlands, over 15 kilometer og reisa varer meir enn 6 timer, får du desse beløpa utan å levere kvittering:

• reiser på mellom 6 og 12 timar: 307 kroner

• reiser over 12 timar uten overnatting: 570 kroner

• reiser over 12 timar med overnatting: 780 kroner

(Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frukost, 30 prosent for lønsj og 50 prosent for middag.)

For reise utanlands har staten ulike satsar for kostgodtgjering for ulike land. Dei varierer frå 360 kroner dagen i Albania til 1.600 dagen i Venezuela.

Siv Jensens nye diettskatt vil ramme 500 000 nordmenn

Dette må du skatte

Om du får beløp tilsvarande statens satsar og har det vanlegaste tabelltrekket på 31 prosent, må du dermed ut med dette i skatt for:

• reiser på 6 til 12 timar: 33 kroner

• reiser over 12 timar: 53 kroner

Og dette må du skatte om du reiser over 12 timar og bur på:

• pensjonat, hybel eller brakke der du ikkje kan lage mat: 192 kroner

• hybel eller brakke der du kan lage mat eller overnattar privat: 214 kroner (gjeld ikkje for pendlarar)

• hotell: 63 kroner

Arbeidsfolk taper 280 millionar kroner på kutt i køyregodtgjeringa

Reiserekning

For å få dei trekkfrie satsane, må du også oppfylle det såkalla legitimasjonskravet. Det betyr at du må lage ei reiserekning. Den må ha med minst denne informasjonen:

• namnet ditt, adressa og underskrifta di

• datoen og klokkeslettet for avreisa og heimkomsten

• formålet med reisa

• kva arrangement du har deltatt på

• namnet og adressa til overnattingsstaden eller utleigaren, og datoane for overnattingar om du har overnatta ulike stadar

• type overnatting: hotell, pensjonat eller ei anna type overnatting du har brukt

• Følg oss på Facebook

• Meld deg på nyhetsbrevet vårt

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Colourbox.com