JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ho er kåra til årets arbeidsgjevar: – Eg fekk tårar i auga

ARBEIDSGIVARPRISEN: Anne-Beth Njærheim er klinikkdirektør somatikk Stord.

ARBEIDSGIVARPRISEN: Anne-Beth Njærheim er klinikkdirektør somatikk Stord.

Øystein Windstad

Klinikkdirektør Anne-Beth Njærheim starta i jobben for eit og eit halvt år sidan. No har dei tilsette og det største forbundet i landet kåra ho til årets arbeidsgjevar.

2022022411034620220225163801

oystein.windstad@fagbladet.no

Klinikkdirektøren gjekk til jobben og trudde ho skulle bli intervjua. Men, då ho runda hjørnet blei ho møtt av blinkande kamera, eigne tilsette og nestleiaren i Fagforbundet:

– Eg fekk tårar i auga og blei mållaus. Eg stod sikkert å gapte også fordi eg hadde ikkje drøymt om dette. Eg gjer jobben min og har aldri tenkt at eg gjer noko anna spesielt enn det, fortel prisvinnaren Anne-Beth Njærheim til Fagbladet. Ho er klinikkdirektør Somatikk Stord i Helse Fonna.

Fagforbundet glade for å behalde Innlandet

OVERRASKA: Anne-Beth Njærheim (t.v.) er kåra til årets arbeidsgjevar. Ho vart overraska av nestleiar i Fagforbundet, Sissel Skoghaug, og plasstillitsvald i medisinsk avdeling på Stord sjukehus, Birgitte S. Steinsland (t.h.).

Jobbar for heiltid

Njærheim fekk Arbeidsgiverprisen 2022 og ein sjekk på 25.000 kr. Sissel M. Skoghaug er nestleiar i Fagforbundet og var med å dele ut prisen:

– Ho er inkluderande, ser og lyttar til alle og tek tilsette og tillitsvalde på alvor. Anne-Beth er god på kommunikasjon og er et godt eksempel på ein leiar som forstår verdien av godt partssamarbeid mellom leiar og tillitsvalde. Ho er oppteken av heile laget og at alle yrkesgrupper og tilsette er viktige for å skape god kvalitet for pasienten. Ho er oppteken av godt arbeidsmiljø og som gjev god kvalitet i tenestene, seier Skoghaug. Njærheim jobbar også målbevisst for heiltid og heile faste stillingar.

Framleis høgt coronoa-sjukefråvær

Oppteken av å sjå dei tilsette

Klinikkdirektør Njærheim har bakgrunn som sjukepleiar innan anestesi.

– Når du gjer jobben, kva er viktig for deg?

– Det som er viktig for meg er ha kontakt med folk. Skal det skje endring er det viktig å snakke med folk og involvere. For å høyre kva dei meiner og tenkjer. Då spør eg om det. I leiargruppa er me opptekne av at dei tilsette skal føle eigarskap. Om det er ei vanskeleg omorganisering eller ei gladsak. Folk har eit heilt anna forhold til ei endring når dei har eigarskap. Samanlikna med om det kjem beskjed om at «frå og med i morgon gjer me det slik».

{s1}

Trur på laget

Arbeidsgivarprisen blir delt ut til helseføretak, avdelingar eller leiarar som legg til rette for medverknad, godt arbeidsmiljø og høg kvalitet i tenestene.

– Kva er det du brenn for å få til på arbeidsplassen?

– At folk skal få faglege utfordringar og trivst på jobb. At når dei går heim for dagen, tenkjer dei at her har me gjort ein god jobb. Og at me jobbar i lag som eit team. Ingen kan gjere noko heilt åleine. Me må gjere ting i lag, seier prisvinnar Njærheim. Ho fortel at ho framleis syns det er rart at ho fekk prisen:

– Det kan høyrast merkeleg ut. Når du treff folk i gangen, så seier du hei. Eller god vakt om dei er på veg til vakt ein ettermiddag. Sjå folk. Det er jo sjølvsagt å respondera. Eg syns det er vanleg folkeskikk og eg kan ikkje forstå at det skal vere så vanskeleg. Men, tydeleg vis er dette noko som er framheva i denne prisen. Eg har ikkje tenkt over at det er noko spesielt.

Viser video av rørt og forfjamsa vinnar

Vanleg vis blir Arbeidsgiverprisen delt ut på den årlege Sykehuskonferansen. I år går konferansen digitalt. 10. mars deltek blant andre helseministeren og Mette Nord på den digitale konferansen som er open for alle. På webinaret vil det blant anna bli vist ein video av då Njærheim utan å ane noko som helst blei møtt med blomster, ein diger sjekk og sine gratulerande kollegaer. Dei tilsette nominerer kandidatar til Arbeidsgiverprisen. Og det er ein jury i Fagforbundet som kårar vinnaren. Kriteria som ligg tilgrunn er desse:

• Arbeidsgjevar har tilrettelagt arbeid som har resultert i betre arbeidsmiljø, effektivitet og kvalitet på tenestetilbodet, gjennom medverknad frå dei tilsette, som også får vere med å bestemme.

• Rett bruk av dei tilsette sin kompetanse, vektlegging på fleirfaglegheit, og tverrfaglegheit som sikrar rett person på rett plass.

• Arbeidsgjevarar som har bidrege til tiltak som er i tråd med Samarbeidsavtalen mellom Spekter og Fagforbundet.

Ingen kan gjere noko heilt åleine. Me må gjere ting i lag.

MEST LEST:
FALLER UTENFOR: – Rusavhengige faller litt utenfor når de blir gamle. Mange har ikke evne til å bo på steder uten tilsyn hele døgnet, sier Ellen-Mari Olsson, spesialhjelpepleier med videreutdanning i psykiatri.

Kathrine Geard

Her kan beboere drikke alkohol og røyke hasj: – De får et litt annet liv

Helsefagarbeidere og hjelpepleiere, renholdere og sykepleiere har i dag særaldersgrense. Arbeidsgiverorganisasjonene Spekter og Virke mener denne ordningene ikke bør videreføres fullt ut.

Helsefagarbeidere og hjelpepleiere, renholdere og sykepleiere har i dag særaldersgrense. Arbeidsgiverorganisasjonene Spekter og Virke mener denne ordningene ikke bør videreføres fullt ut.

Frøydis Falch Urbye

Har du rett til særaldersgrense? Nå vil arbeidsgiverne fjerne hele ordningen

OMSKOLERT: Rune Lundquist gikk fra bruker til medarbeider på Sagatun. – Jeg ble bedre av å hjelpe andre, sier han.

OMSKOLERT: Rune Lundquist gikk fra bruker til medarbeider på Sagatun. – Jeg ble bedre av å hjelpe andre, sier han.

Werner Juvik

Rune skrev avskjedsbrev til barna: – Jobba bort både familie og venner

KOM TILBAKE: – Ja, jeg var syk, men jeg trengte å være blant folk, sier Katherine Carroza-Roos.

KOM TILBAKE: – Ja, jeg var syk, men jeg trengte å være blant folk, sier Katherine Carroza-Roos.

Tre ting hjalp Katherine tilbake på jobb: – Jeg må innrømme at jeg var skeptisk

MISNØYE: Sammen med sine kolleger står Inger Marie Hagen ved OsloMet bak Medbestemmelsesbarometeret. Den viser at mer enn hver femte arbeidstaker gir uttrykk for misnøye med ledelsen.

MISNØYE: Sammen med sine kolleger står Inger Marie Hagen ved OsloMet bak Medbestemmelsesbarometeret. Den viser at mer enn hver femte arbeidstaker gir uttrykk for misnøye med ledelsen.

Kasper Holgersen

Hva er det største problemet på jobben? Jo, det er sjefen

PÅ BØLGJELENGDE: Dei to kollegaene Anne Gro Olesrud Rugaas (36) og Nina Helen Haugan Hansen (38) og er samde om det meste. Og viktigast for begge er at brukarane har gode dagar og opplever meistring når dei er på dagavdelinga.

Marianne Otterdahl-Jense

Full jobb og høgare vidareutdanning: Slik får helsefagarbeidarane Anne Gro og Nina kabalen til å gå opp

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy