JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kan sette ned foten for 12,5 timars vakter: – Veldig inngripande for dei tilsette

KRITISK: Hovudtillitsvald Kjartan Goksøyr i Sykehjemsetaten i Oslo kommune for Fagforbundet. Han seier dei ikkje utan vidare vil gå med på langvakter på helsehusa i Oslo. 

KRITISK: Hovudtillitsvald Kjartan Goksøyr i Sykehjemsetaten i Oslo kommune for Fagforbundet. Han seier dei ikkje utan vidare vil gå med på langvakter på helsehusa i Oslo. 

Yngvil Mortensen

Helsebyråden i Oslo har sett av pengar og vil innføre langvakter i helgene. Skal det skje må blant andre tillitsvalde Kjartan Goksøyr vende tommelen opp.

2025022611100420250226144155

oystein.windstad@fagbladet.no

 

Nyleg kom nyheita om at Byrådet i Oslo vil at dei som jobbar på helsehus, skal jobbe 12,5 timars vakter i helgene.

Bakgrunnen er eit ønske om å gje betre tenester og arbeidssituasjon. Politikarane har sett av 26 millionar kroner.

Samtidig kan tillitsvalde Kjartan Goksøyr i Fagforbundet ifølgje Arbeidsmiljølova sette ein stoppar for planene.

Difor vil helsebyråden ha langvakter i helgene

Skeptisk til langvakter

Goksøyr er hovudtillitsvald for Fagforbundet i Sykehjemsetaten i Oslo. Han seier det er fleire ting som gjer at han er skeptisk til langvakter i helgene.

Blant anna er 62 prosent av Fagforbundet sine medlemmer på helsehusa mot 12,5 timers vakter. Goksøyr seier han skjønar at ein arbeidsgjevar leitar etter løysingar for å dekke bemanning i helgene:

– Det er eit verkemiddel som er veldig inngripande for dei tilsette. Som er krevjande å foreine med livssituasjonen til mange av tilsette.

– Vi har mykje damer, mødrer, som ikkje utan vidare kan vere borte frå morgon til kveld i helgene. Frå forpliktingar elles i livet. Langvakter i helgene passar ikkje alle, seier Goksøyr.

Han meiner løysinga ikkje er lengre vakter men fleire folk på jobb og auka grunnbemanning.

Tillitsvald: – Færre vil jobbe i helse med langvakter.

HELSEHUS: Solvang er eit av fire helsehus i Oslo der helsebyråd  Saliba Andreas Korkunc (H) vil innføre opp mot 12,5 timers vakter på helg.

HELSEHUS: Solvang er eit av fire helsehus i Oslo der helsebyråd  Saliba Andreas Korkunc (H) vil innføre opp mot 12,5 timers vakter på helg.

Jil Yngland / NTB

 

Skal forhandle

I dag skal dei tillitsvalde i Fagforbundet møtast. Neste veke skal dei i møte med Oslo kommune. Goksøyr seier han går inn i forhandlingane med eit ope sinn:

– Vi går inn i desse forhandlingane og høyrer heilt konkret kva kommunen ønsker, legg på bordet og kvifor. Vi skal sjå kva som er råd å bli einige om av vilkår og tiltak. Vi gjer ei konkret vurdering om det er riktig å lage ei sånn avtale på vegner av medlemane våre.

Dette må du tene for å gå av men pensjon når du er 62.

Har sagt ja til langvakter før fordi…

Fagforbundet sine tillitsvalde har sagt ja til langvakter i Oslo tidlegare.

Dei sa ja ved Lamberseterhjemmet fordi dette var eit heiltidsprosjekt der dei blei kvitt ufrivillig deltid og alle tilsette jobbar fulltid, fortel Goksøyr.

Han seier at dei også godtok 12,5 timars vakter ved Tåsenhjemmet. Der valde byrådet å teste ut ein annan driftsmodell der dei har henta inn personell som ikkje har helsefagleg bakgrunn.

Ein av tre tilsette er servicemedarbeidarar som gjer oppgåver som ikkje er helsefaglege. Slik får dei med helsefagleg bakgrunn meir tid til å jobbe med brukarane:

– Då vi har sagt ja til langvakter tidlegare var føresetnaden at det var ein klar og tydeleg gevinst og gulrot for dei tilsette, seier Goksøyr.

Han er klar på at Fagforbundet ikkje vil gå med på vaktordningar som tærer på dei tilsette:

– Vi kan ikkje lage arbeidstidsordningar som pressar folk ut av yrka. Vi treng å rekruttere fleire. Fordi helsepersonell er mangelvare i framtida og allereie no.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy