JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vil innføre 12,5 timars vakter: – Færre vil jobbe i helse

KRITISK: Siri Follerås er leiar av Fagforbundet pleie og omsorg Oslo. Ho trur at spesielt dei som har barn åleine eller som har fysiske plager vil slite veldig med langvakter på helg. 

Leif Martin Kirknes / Gorm Kallestad / NTB

Dei lange vaktene får Fagforbundet til å reagere.

2025022014570520250221103009

oystein.windstad@fagbladet.no

Byrådet Oslo vil ha eit nytt system med vakter på opp mot 12,5 timar i helgene ved dei fire helsehusa i hovudstaden.

Høyres Saliba Andreas Korkunc, byråd for helse, seier målet er betra kvalitet for brukarane og ein betre arbeidskvardag for dei tilsette. Det er sett av 26 millionar kroner til det nye vaktsystemet.

Difor vil helsebyråden ha langvakter på helg.

Helsehusa har fått kritikk for fleire alvorlege avvik. Korkunc seier til Aftenposten at det førre byrådet har betra situasjonen, men at det framleis er utfordringar.

NY VAKT: Saliba Andreas Korkunc (H) er helsebyråd i Oslo. Etter valet i fjor fekk Oslo ei ny "byregjering" med Høgre og Venstre, med støtte frå Krf og Frp.

Ida-Kristin Tvedt

I ein rapport frå Utviklings- og kompetanseetaten blir det peika på at låg bemanning på kveld og helg, kombinert med mange vikarar, svekkjer kvaliteten på pasientbehandlinga.

helsekøane veks – ber minister ta grep.

– Må vere frivillig

Siri Follerås, leiar av Fagforbundet pleie og omsorg Oslo, seier dette er feil medisin og at desse vaktene vil gjere vondt verre:

– Byråden må tenkje seg om fordi vi kjem til å mangle folk når ein driv råkøyr innan pleie og omsorg. Eg trur dei vil gjere seg ein bjørneteneste og slite med rekrutteringa framover med desse langvaktene, seier ho.

Fagforbundet pleie og omsorg Oslo har gjort ei spørreundersøkjing blant medlemmane på helsehusa i hovudstaden.

BJØRNETJENESTE: Siri Follerås sier byråden må tenkje seg om.

Leif Martin Kirknes

Av dei 165 som har svart, er 62 prosent mot vakter på 12,5 timar. 35 prosent er for og 4 prosent har svart «anna». Sjå tala og undersøkinga nedst i saka.

Follerås er kritisk til at Byrådet vil gjere langvakter obligatorisk:

– Det er mange grunner til at folk ikkje vil ha 12,5 timars vakter. Dei aller fleste meiner det må vere frivillig og ikkje obligatorisk. 73 prosent av dei spurte meiner dette, seier Follerås.

Ho fortel at der medlemmar kan kome med kommentarar i undersøkinga har fleire sagt dei vil slutte om det kjem langvakter:

– Det er nokon som heilt konkret har skrive at om dei blir pålagt slike vakter sluttar dei. Fordi det er heilt umogleg å få det til slik livet er. 

Dette må du tene for å gå av med pensjon ved 62 år.

Vil heller auke grunnbemanninga

Follerås seier at denne typen vakter kan passe for dei som er unge og spreke, men ikkje for andre:

– I mange fasar av livet blir desse vaktene vanskelege. Har du eit dårleg kne, eller er du åleine med barn vil desse vaktene bli vanskelege. Det er mange skjær i sjøen og du er avhengig av gode arbeidstidsordningar der du kan få henta deg inn etter å ha jobba kanskje 25 timar i løpet av helga.

Ikkje lov å filme helsearbeidarar utan samtykke.

LENGE: De ansatte på Solvang helsehus kan få lange vakter på jobb i helgene.

Jil Yngland / NTB

Ho meiner den kostbare, men rette medisinen er fleire folk på jobb:

– Vi meiner grunnbemanninga er for låg. Ja, det vil koste pengar å tilsette fleire. Skal du behalde folk til pensjonsalder må du auke grunnbemanninga, seier ho og peikar på at få fullfører jobbløpet heilt ut.

– Ser du på den reelle pensjonsalderen er det ikkje mange som står til dei blir 67 år. Det blir sagt at hadde alle dei som fell frå stått løpet ut, ville det ikkje vore noko problem med bemanning, seier leiaren av Fagforbundet pleie og omsorg i Oslo.

Slit etter satsing på heiltid i helse.

Sjå undersøkinga her

Under kan du sjå tala og informasjonen frå medlemundersøkjinga til Fagforbundet pleie og omsorg i Oslo.

Undersøkinga gjekk til medlemmer på Ullern helsehus, Solvang Helsehus, Solfjellshøgda helsehus og Lilleborg helsehus.

Den er laga ut av nestleiar Bashiruddin Khawaja som har brukt Microsoft Forms og sendt ut spørsmåla via SMS til 360 medlemmer. 165 svarte.

Øystein Windstad

Øystein Windstad

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy