JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kommunane kjøper helsevikarar frå bemanningsbyråa for over 1 milliard kroner

DOBLET: I 2016 brukte norske kommuner 625 millioner på helsevikarer fra bemanningsbyråer. Nå har tallet nesten doblet seg.

DOBLET: I 2016 brukte norske kommuner 625 millioner på helsevikarer fra bemanningsbyråer. Nå har tallet nesten doblet seg.

Anna Granqvist

1,155 milliardar kroner er den samla summen kommunane brukte på helsevikarar frå bemanningsbyrå i fjor.

2019071510040020230821171436

tormod@lomedia.no

Det viser tal henta inn av Norsk Sjukepleiarforbund i samarbeid med Burson Cohn & Wolfe. Det er ein auke frå 1,056 milliardar kroner i 2017.

– Dette er mykje pengar som kommunane heller kunne ha brukt på faste, heile stillingar, noko vi veit gir betre pasientbehandling og sterkare fagmiljø, seier leiar Eli Gunhild By i Sjukepleiarforbundet til eigne nettsider.

Sykepleier Marias (24) mareritt: Nå advarer hun andre mot å tro på det vikarbyråene lover

Talet har nesten dobla seg frå 2012, då kommunane brukte 625 millionar kroner. Det er Oslo, Tromsø og Lillehammer som bruker mest pengar på denne typen innleige. I forhold til innbyggartal, er det Aurland, Moskenes og Hyllestad som bruker mest.

Trondheim bruker mindre

Sjukepleiarforbundet trekk fram Trondheim og Bergen som har klart å redusere innleige av helsevikarar frå bemanningsbyrå.

Trondheim kommune bruker 19 millionar kroner mindre, medan Bergen har redusert desse utgiftene med 13 millionar kroner.

Fagforbundet skjerper tonen mot bemanningsbyråer

Så mykje har kommunane brukt dei siste åra:

2018: 1.156 millionar kroner
2017: 1.057 millionar kroner
2016: 879 millionar kroner
2015: 913 millionar kroner
2014: 885 millionar kroner
2013: 842 millionar kroner
2012: 625 millionar kroner

Desse kommunane bruker mest per innbyggar:

Aurland: 18.870 kroner
Moskenes: 6.796 kroner
Hyllestad: 5.517 kroner
Modalen: 5.475 kroner
Valle: 4.784 kroner
Tysnes: 3.997 kroner
Bremanger: 3.656 kroner
Hasvik: 3.525 kroner
Spydeberg: 3.133 kroner
Nore og Ulvdal: 2.893 kroner

Desse kommunane bruker mest pengar:

Oslo: 81 millionar kroner
Tromsø: 50 millionar kroner
Lillehammer: 41 millionar kroner
Bergen: 40 millionar kroner
Stavanger: 29 millionar kroner
Ålesund: 27 millionar kroner
Eidsvoll: 26 millionar kroner
Vindafjord: 22 millionar kroner
Narvik: 21 millionar kroner
Bodø: 21 millionar kroner

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
DOBLET: I 2016 brukte norske kommuner 625 millioner på helsevikarer fra bemanningsbyråer. Nå har tallet nesten doblet seg.

DOBLET: I 2016 brukte norske kommuner 625 millioner på helsevikarer fra bemanningsbyråer. Nå har tallet nesten doblet seg.

Anna Granqvist