JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kommunen ville sende Nav-brukarar på kommunetorget: – Du kan ikkje la kven som helst ta imot sårbare

ERFARINGAR: Grete Olsen i Fagforbundet Moss og Inger-Lise Skartlien leiar av kommunetorget i Moss delte scene på Fagforbundet sin Landskonferanse.

ERFARINGAR: Grete Olsen i Fagforbundet Moss og Inger-Lise Skartlien leiar av kommunetorget i Moss delte scene på Fagforbundet sin Landskonferanse.

Øystein Windstad

Medarbeidarane på kommunetorget lurte på om også dei måtte bli passa på av vektarar. Slik gjekk det då kommunen ville flytte delar NAV-mottak.

2022111109400820221111102832

oystein.windstad@fagbladet.no

Då Moss og Rygge kommune blei slått saman, kom det også ønske om å slå saman to tenester. Administrasjonen foreslo å legge «drop in»-mottaket til Nav til kommunetorget.

Arbeidet med den samanslåinga, som det ikkje vart noko av, stod i sentrum då hovudtillitsvalgt i Fagforbundet i Moss, Grete Olsen, og kommunetorgleiar Inger Lise Skartlien sto på scena under Landskonferansen til Fagforbundet.

Ein av tre på Nav har opplevd vald eller truslar

Vektarar

Tillitsvalde Olsen fortalde at dei på ein dag kan ha opp mot 90 «drop in» besøk på Nav-kontoret i Moss. Dei fleste av dei går roleg for seg, men enkelte er krevjande. Det er grunnen til at dei har vektarar på Nav-kontoret.

{s1}

Skartlien, som er leiar for ti tilsette på kommunetorget, fortalde at ein del der var uroa for sikkerheita. Og om dei også måtte bli passa på av vektarar, om servicetorget skulle få dei frå Nav som møtte opp utan førehandsbestilt time. Forslaget om å slå saman delar av Nav med kommunen sitt vanlege publikumsmottak blei stoppa etter ein prosess med arbeidsgruppe og analysar.

Lisbeth sin kollega blei knivdrept på jobb for Nav

GOD TONE: Grete Olsen er hovudtillitsvalt i Fagforbundet Moss. Ho delte frå scena at dei var ueinige om enkelte ting under prosessen om samanslåing. Men, tonen og samarbeidet var godt, legg ho til.

GOD TONE: Grete Olsen er hovudtillitsvalt i Fagforbundet Moss. Ho delte frå scena at dei var ueinige om enkelte ting under prosessen om samanslåing. Men, tonen og samarbeidet var godt, legg ho til.

Øystein Windstad

Forskjellar

På kommunetorget i Moss tek dei ti tilsette imot folk som lurer på alt frå kva dei får i løn til kor ein kan søkje statsborgarskap. Det er folk som møter opp, ringer, chattar eller sender epost. Fagforbundet-tillitsvalde Olsen fortel dette om kva drop-in brukarane på Nav spør om:

– Det er sosialhjelp, barnetrygd eller arbeidsavklaringspengar. Ein skal ha hjelp til å finne arbeid. Det er mykje meir direkte opp mot enkeltpersonar enn på eit kommunetorg.

– Kva er det viktigaste som tala mot samanslåing?

– Det er fagkunnskapen dei har på Nav. Du kan ikkje ta kven som helst til å ta imot, rettleie og hjelpe dei som kjem til Nav og er sårbare. Dei har gått mange år på skule for å lære dette. Det er stor forskjell, seier Olsen til Fagbladet.

Fleire Nav-kontor er stengt heile tida

KORT VEG: Trond Finstad er leiar av yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet. Han er oppteken av at Nav-brukarane skal ha kort veg frå resepsjonen og til rett fagperson.

KORT VEG: Trond Finstad er leiar av yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet. Han er oppteken av at Nav-brukarane skal ha kort veg frå resepsjonen og til rett fagperson.

Øystein Windstad

Fryktar sinte brukarar

Olsen fortel at arbeidet med eit nytt Nav-kontor var kome ganske langt, før dei blei ein del av gruppa som skulle sjå på samanslåing. Og fordi dei var kome langt i prosessen med konseptet til Nav-kontoret, gjorde dette ei samanslåing vanskelegare. Både tillitsvalde Olsen og Skartlien understrekar at tonen i arbeidsgruppa var god, også når dei til tider var ueinige. Gruppa endte med eit omforent forslag om ikkje å slå saman mottaka.

Trond Finstad blei nyleg attvalt som leiar yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet. Han har sjølv blitt angripen på jobb i publikumsmottak og trur samanslåing kunne skapt dårleg stemning:

– Vi kjenner til frå fleire undersøkingar at å måtte gå til fleire ledd og ikkje få hjelp med ein gong, frustrerer brukarar. Det kan sette i gang situasjonar med vald og truslar. Det var mi bekymring: Korfor skal ein måtte gå på kommunetorget når ein skal til Nav, seier Finstad som sit i leiinga til Fagforbundet.

Slik vil Nav-tillitsvalde Arne hindre vald på jobben

Fagforbundet kjem med råd til myndigheitene

Han er også medlem av ei gruppe utnemnt av myndigheitene som skal kome med råd til tryggare Nav-kontor:

– Eg har sete i den gruppa som har jobba med sikkerheit etter det tragiske Nav-drapet i Bergen. Der har vi fokus på at Nav-bygg skal ha god førstelinjeteneste og godt fokus på dette. Eg ser for meg at det kan oppstå situasjonar på kommunetorget når brukarar som er frustrerte og treng hjelp går dit og så blir sendt vidare til eit anna bygg i same by. Dei burde vore sendt direkte på Nav, seier Finstad.

Det kan sette i gang situasjonar med vald og truslar. Det var mi bekymring: Korfor skal ein måtte gå på kommunetorget når ein skal til Nav?

Trond Finstad, leiar for yrkesseksjon Kontor og administrasjon i Fagforbundet

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
FAGLEG STYRKE: Nav-kontor skal ha ekstra kompetanse på å ta imot sårbare brukarar. (Biletet er ikkje frå nye Moss kommune.)

FAGLEG STYRKE: Nav-kontor skal ha ekstra kompetanse på å ta imot sårbare brukarar. (Biletet er ikkje frå nye Moss kommune.)

Hanna Skotheim

ERFARINGAR: Grete Olsen i Fagforbundet Moss og Inger-Lise Skartlien leiar av kommunetorget i Moss delte scene på Fagforbundet sin Landskonferanse.

ERFARINGAR: Grete Olsen i Fagforbundet Moss og Inger-Lise Skartlien leiar av kommunetorget i Moss delte scene på Fagforbundet sin Landskonferanse.

Øystein Windstad