Lønnsoppgjeret i privat sektor: Permitterte skal også streike
Håvard Sæbø
Dersom Fellesforbundet-medlemmer i industrien går ut i streik fredag, skal permitterte også stå streikevakt.
tormod@lomedia.no
– Dei som er permittert er også omfatta av ein eventuell streik. Det er eit val vi har tatt, for å passe på at streiken blir effektiv og vanskeleg å omgå, seier forbundssekretær Knut Øygard i Fellesforbundet.
• Fra grasrota: – Vi er ikke fornøyde med applaus, knapper og glansbilder
Dermed må også korona-permitterte Fellesforbundet-medlemmer ved bedriftene som er omfatta av ein streik, gjere seg klar til å ta på streikevestane.
– Alle skal kunne delta i streikeaktivitetar, det er ingen a- og b-medlemmer her, seier han til Magasinet for fagorganiserte.
Dei streikande vil då ikkje ha rett på dagpengar frå Nav. Det slår folketrygdlova fast. Heller ikkje dei som var permittert før streiken skal ha dagpengar dersom dei blir tatt ut i streik, ifølge Nav-reglar.
• Forsker tror vi må forvente moderate oppgjør i flere år
– Då vil dei få streikebidrag som alle andre og vil kunne vere med å delta i streiken. Det er viktig at alle medlemmer blir behandla likt, seier Øygard.
Fristen for å dra tariffoppgjeret i hamn utan konflikt, er midnatt natt til fredag.