Lønsforskjellane aukar: Null lønsvekst for dei med dårlegast løn dei siste ti åra

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Martin Guttormsen Slørdal

Dei ti prosent høgast løna har hatt ein auke i realløn på 15 prosent dei siste ti åra, medan løna til dei ti prosentane på botn har stått stille. – Det bekymrar oss at vi ikkje når dei i gruppene der tillitsvalde og tariffavtaler ikkje er på plass, seier LO-nestleiaren.

07200020190410203756

tormod@lomedia.no

Til våren er det lønsoppgjer. Det er eit såkalla mellomoppgjer, der arbeidstakarane og arbeidsgivarane forhandlar om løn. Onsdag vedtok LO sine krav til lønsforhandlingane. Eit av krava er å løfte dei med låg løn.

Det trengst. Tal frå Teknisk berekningsutval og Statistisk sentralbyrå viser at løna til dei ti prosentane med lågast løn, har stått stille dei siste ti åra.

– Dette skaper auka forskjellar. Det gir igjen grobotn for alvorlege sosiale problem auka konfliktnivå. Til sjuande og sist kan det true heile samfunnsmodellen vår, som byggar på tillit og små forskjellar, seier første nestleiar Peggy Hessen Følsvik i LO til FriFagbevegelse.

Her er LOs krav i lønnsoppgjøret

0 prosent meir i lønn

Omtrent 285.000 kroner var gjennomsnittleg årsløn til dei ti prosentane med lågast løn i fjor, medan dei ti prosentane med høgast løn drog inn i overkant av 1.100.000 kroner i snitt.

I 2008 var tala omtrent 231.000 kroner og 796.000 kroner, før dei ti prosentane på høvesvis botnen og toppen. I 2018 hadde dei dermed hatt ein lønsvekst på høvesvis 23 og 38 prosent.

I perioden fram til 2018 har prisane på varer og tenester auka med 23 prosent, ifølge konsumprisindeksen. Trekk ein frå prisveksten frå lønsauken, har veksten i realløn vore 0 prosent for dei med lågast løn. For dei med høgast løn har auken derimot vore 15 prosent.

Saka held fram under grafen.

Eit anna mål for fordeling av løn, er den såkalla Gini-koeffisienten. Om den er 0, er all løn fordelt heilt likt på alle lønsmottakarar. Om den er 1, går all løn til éin person.

Denne har vekse 9 prosent dei siste ti åra. Trenden over tid er også at forskjellane aukar meir enn gjennomsnittet for OECD-landa, land med økonomiar vi kan samanlikne oss med.

Dette er snittlønna i over 300 yrker

LO: Må få med folk i fagforeininga

– Det bekymrar oss at vi ikkje når dei i gruppene der tillitsvalde og tariffavtaler er på plass, seier LO-nestleiar Peggy Hessen Følsvik.

Sjølv om dei dårlegast løna i offentleg sektor også får stadig mindre å rutte med, er lønsforskjellane klart størst i privat sektor.

– Dette er privat sektor og det er tunge jobbar det er snakk om. Det er dei same jobbane der vi finn dei dårlegaste pensjonsordningane, slår Følsvik fast.

– Dei er karakterisert av få tariffavtaler og dårleg dekning når det gjeld tillitsvalde og fagorganiserte. Sannsynlegvis er den viktigaste grunnen til dette sosial dumping, seier ho.

Saka held fram under bildet.

Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO.

Peggy Hessen Følsvik, første nestleiar i LO.

Tri Nguyen Dinh

– Det er viktig for LO og forbunda å heile tida jobbe med organisering i desse områda og få på plass tariffavtaler. Det er tungt arbeid, men mange av forbunda jobbar godt med dette, seier ho og viser til LOs prosjekt for å verve medlemmer og etablere tariffavtaler i servicesektoren.

– Når dei fleste lågtløna jobbar i bedrifter utan tariffavtale og ikkje er organisert, korleis skal de løfte desse i lønsoppgjeret?

– Det er ei utfordring, sjølvsagt. Samtidig veit vi at tariffoppgjeret er normsettande i arbeidslivet. Sjølv om ein ikkje har tariffavtale, forheld ein seg ofte til satsane i tariffavtalene, svarer LO-nestleiaren.

Nesten hele lønnsveksten forsvant i fjor

Allmenngjering

Fafo-forskar Bård Jordfald har jobba mykje med lågløn. Han trekk fram allmenngjering som løysinga for å løfte dei på botnen av norsk arbeidsliv. Dette vil løfte løna også til dei utan tariffavtale, som kanskje heller ikkje er fagorganisert.

Dette går ut på at delar av ein tariffavtale, som regulerer løns- og arbeidsvilkår forhandla fram mellom arbeidstakarar og -givarar, blir lovbestemt minstenivå for alle som jobbar i bransjen. Det er ei nemnd, med representantar for arbeidstakarane og arbeidsgivarane, som vedtek allmenngjeringa.

Nemnda har sist allmenngjort minsteløna i Fellesforbundets tariffavtale for dei som jobbar på hotell og restaurant, som gjelder frå 1. januar 2018. Dermed har alle i denne bransjen krav på ei bestemt minsteløn etter lova.

– Det blir spennande å sjå om det funkar på same måte som i byggebransjen og reinhald. Vi ser på lønsstatistikken at dei har blitt løfta godt i botn. Allmenngjøring verker, det er det ingen tvil om, seier Jordfald til FriFagbevegelse.

LO: Vanskeleg regelverk

Også Peggy Hessen Følsvik ser på allmenngjering som tiltaket som treffer best, og ventar spent på om lovbestemt minsteløn for dei som jobbar på hotell og restaurant får effekt på dei store tala.

– Samtidig finn ein nok mange som ikkje blir treft, på grunn av sosial dumping. Ein må også jobbe mot arbeidslivskriminalitet, slår ho fast.

– Vil LO kreve allmenngjering i fleire bransjar?

– Det vurderer forbunda til ein kvar tid. Dei ser på heilskapsbildet i kvar enkelt bransje. Regelverket har ikkje blitt enklare med tida – det skal ganske store mengder med dokumentasjon til for. Vi kunne tenkt oss eit enklare regelverk, seier LO-nestleiaren.

Samtidig er såkalla gratispassasjerar baksida ved allmenngjering, fortel ho. Når minsteløna blir lovfesta, ser kanskje færre det som gunstig å vere medlem i ei fagforeining. Dermed blir det vanskelegare å organisere folk.

– Ein er nøydd til å jobbe på fleire frontar, avsluttar ho.

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy