SJUKEHUSET: Nedrebø er også medlem i Fagforbundet på grunn av jobben sin som sjukepleiar. I 2016 var ho ferdigutdanna som sjukepleiar, etter eit ønske om nye utfordringar og meir fagleg bakgrunn som frivillig i Raude Kross. Bussjåfør og sjukepleiar har alltid vore draumeyrka hennar.
Bent Are Iversen
tormod@lomedia.no
Kvardagen har blitt litt meir stressande etter at busstreiken spreidde seg til Vestlandet laurdag.
Sjukepleiar Marit Solveig Nedrebø (48) må køyre barna til skolen sjølv etter at skolebussen slutta å gå.
– Vi måtte sette foten ned, seier Nedrebø om bakgrunnen for streiken.
Ho er nemleg også bussjåfør. Etter at ho vart permittert frå jobben i Firda Billag i mars, har ho jobba som vikar på sjukehuset i Førde.
• Riksmekleren frykter korona-smitte. Nå kaller han inn sjåførene og arbeidsgiverne til møte
Streikar for bransjen
Burde bussjåførane gått ut i streik og skapt fleire problem i ein kvardag allereie prega av koronapandemien?
Nedrebø meiner streiken ikkje var til å hindre, og grunnen er arbeidsgivarane.
Ho viser til avtala mellom fagforbunda og arbeidsgivarane, NHO Transport og Spekter, frå 2006. Den slår fast at lønna i bussbransjen skal opp på eit nivå nærmare industriarbeidarlønna.
Over mange år har derimot lønnsforskjellen auka. Nedrebø meiner det er eit avtalebrot og peikar på at lønna er årsaka til at mange vel bort yrket.
– Vi streikar ikkje berre for kroner og øre, vi streikar også for rekrutteringa til bransjen, seier Fellesforbundet-medlemmet.
• Fem punkter som oppsummerer hvorfor bussjåførene streiker
Kan ikkje vente to år
Ho forventar ikkje å få alt på ein gong, men ein meir handfast plan om korleis sjåførane skal nå opp til industriarbeidarlønna.
Bransjen har ikkje tid til å vente to år til neste hovudoppgjer, meiner ho. Norge treng 1.000 nye bussjåførar årleg for å vege opp for naturleg avgang og auke i talet kollektivreiser.
– På arbeidsplassen min er snittalderen skyhøg, påpeikar Nedrebø.
– No går ingen bussar på grunn av streik, men realiteten om to år kan bli at bussen din ikkje kjem på grunn av mangel på sjåførar, åtvarar ho.
Stolt over jobben
Nedrebø er rivande opptatt av framtida til bransjen ho har vore ein del av i 25 år.
Allereie i 1995 starta ho å køyre buss i Oslo, og midt i den store transportstreiken tre år seinare fekk ho dispensasjon for å ta fagprøva som yrkessjåfør.
– Eg er stolt over å vere bussjåfør og å vere så tidleg ute med å ta utdanning.
Viktig for samfunnet
I dag har ho utdanning innanfor to samfunnskritiske yrke.
Ho trur folk flest har forstått kvifor bussjåførane streikar. Under koronapandemien har jobbar med låg status, som bussjåførar og butikkarbeidarar, fått auka anerkjenning.
– Vi er alle like viktige, anten vi er sjukepleiarar eller bussjåførar, slår ho fast.
Bjørn Viggo Arellano Navarro gikk til slutt opp ti lønnstrinn, men det skjedde ikke uten kamp.
Bjørn A. Grimstad
Alle førsteklassinger får gratis SFO fra høsten 2022. Illustrasjonsfoto/Arkivfoto
Karin E. Svendsen
Stine Ersland
Ingerid Jordal
Privat
21:58 Mot slutten av skiftet er det mindre hektisk. Vidar slår av en prat med en av førstelinjelederne om innspurten på kvelden.
Alf Ragnar Olsen
Statsminister Jonas Gahr Støre sier regjeringen ser på to ulike varianter av makspris, men at det finnes argumenter mot begge løsningene.
Sissel M. Rasmussen