JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nektar å snu: – Unødvendig at det blei ein ny pride-debatt

NØYTAL: Unni Nilsen Husøy er ordførar i Lyngdal kommune og meiner tilsette sine kontor skal vere nøytrale og utan politiske ytringer.

NØYTAL: Unni Nilsen Husøy er ordførar i Lyngdal kommune og meiner tilsette sine kontor skal vere nøytrale og utan politiske ytringer.

Ole Åsmund Brattfjord, Lyngdal kommune

Ordføraren i Lyngdal meiner at prideflagget er ei ytring som ikkje er naudsynt å vise fram på jobb. No vil ho la sjefane å avgjere om tilsette kan ha ulike formar for ytringar på kontora i kommunen.

2024091712293620240917133002

oystein.windstad@fagbladet.no

Nyleg fekk ein tilsett i Lyngdal kommune høyre at han ikkje kunne ha eit prideflagg på kontoret.

Etter det gjekk ein av landets fremste ekspertar på offentleg tilsette sin ytringsfridom ut og sa at prideflagg er heilt greitt.

Lyngdal-ordførar Unni Nilsen Husøy (Frp) står på sitt og seier saka handlar om dette:

– At våre offentlege bygg og kontor skal vere mest mogleg nøytrale. Noko eg i utgangspunktet trudde dei fleste tok som ei sjølvfølge.

Menneskerett-ekspert: – Kan ikkje nekte prideflagg på kontoret.

YTRING: Er regnbogeflagget ei politisk ytring som er innafor på kontoret? Ja meiner ekspert på ytringsfridom ved Norges institusjon for menneskerettigheter. Nei meiner ordføararen i Lyngdal.

YTRING: Er regnbogeflagget ei politisk ytring som er innafor på kontoret? Ja meiner ekspert på ytringsfridom ved Norges institusjon for menneskerettigheter. Nei meiner ordføararen i Lyngdal.

Fredrik Hagen / NTB

– Tilsette og innbyggarar som tok initiativet

Saken er tidlegare omtalt mellom anna i NRK. Husøy seier at det ikkje var ho som fremma forslaget, og at ho støtta ei innstilling frå partssamansett utval:

– Dette er ikkje ei sak eg som ordførar i Lyngdal har funne på. Det var førespurnader frå tilsette og innbyggarar som fekk denne saka til å rulle, seier Husøy.

Ordføraren seier dei etiske retningslinjene er eit ekstra hjelpemiddel for leiarar dersom det skulle oppstå konflikt om kva dei tilsette kan ha på kontoret.

Dette kan du seie som offentleg tilsett.

Meinar dette om prideflagg på jobb

Husøy seier dette ikkje starta som ein diskusjon om regnbogeflagg:

– At dette blei ein ny pride-debatt, synest eg er svært unødvendig. Det var ikkje kommunen sitt utgangspunkt, seier Lyngdal-ordføraren.

Hun er sjølv ikkje ein tilhengar av prideflagg på jobben.

– Personleg meiner eg at prideflagg også er ei ytring som vi ikkje burde vere avhengige av å vise på jobb. Vi som tilsette skal ha respekt for kvarandre og kvarandre sine meiningar. At prideflagg skal kategoriserast på ein annan måte enn andre verdiar, politiske og religiøse symbol, meiner eg blir feil.

Undersøkjing: Sju av ti meiner det ikkje er aksept for kritikk av kommunen.

– Prideflagg er politisk

Husøy meiner regnbogeflagget er ei politisk ytring, blant anna fordi nokon viser til at det handlar om menneskerettar å ha eit prideflagg på kontoret sitt, og at det ikkje er politisk.

– Den tida trur eg vi er langt forbi, og prideflagget har absolutt blitt politisk. Dette er berre mi ærlege meining som politikar. Som ordførar forheld eg meg til vedtaket og dei etiske retningslinjene. Der står det ikkje nemnt noko om pride-flagg. Den vurderinga skal takast av nærmaste leiar, seier Lyngdal-ordføraren.

I denne saka intervjua Fagbladet ein av dei fremste ekspertane i landet på ytringsfridom. Han seier at regnbogeflagg er ei politisk ytring, men at flagget samtidig er innafor ytringsfridomen til dei offentleg tilsette.

Men ordføraren står på sitt:

– For min del er det ikkje aktuelt å revurdere vedtaket.

Over halvparten som jobbar i kommunane veit ikkje om dei kan seie meininga si.

Kor går grensa?

Husøy meiner dei tilsette bør ha fokus på jobb i kommunen og ikkje kva dei står for.

– Kor tenkjer du grensa generelt går med tanke på flagg, plakatar eller andre former for ytringar på offentleg tilsette sine kontor?

– Eg tenkjer at det blir leiarane sitt ansvar å handtere. Personleg meiner eg at eit offentleg kontor skal vere heilt nøytralt, utan noko form for personlege meiningar og ytringar. Tilsette er på jobb, og eg forventar at det er arbeidsoppgåvene som er deira fokus i arbeidstida.

MEST LEST:
UNBOXING: Hjemmesykepleierne synes klærne ser gode og varme ut. – Vi føler oss verdsatt, sier Cathrine Torvund (foran). F.v.: Mirjete Demaku, Vanessa Olsen og Grete Fredheim.

UNBOXING: Hjemmesykepleierne synes klærne ser gode og varme ut. – Vi føler oss verdsatt, sier Cathrine Torvund (foran). F.v.: Mirjete Demaku, Vanessa Olsen og Grete Fredheim.

Marte Bjerke

Får endelig arbeidsklær – på sjefens regning

FRAVÆRENDE: Daværende statsminister Jens Stoltenberg tenker på sykelønna, mens kronsprinsen holder tale under regjeringens middag før Håkon og Mette-Marits bryllup i 2001.

FRAVÆRENDE: Daværende statsminister Jens Stoltenberg tenker på sykelønna, mens kronsprinsen holder tale under regjeringens middag før Håkon og Mette-Marits bryllup i 2001.

Terje Bendiksby / NTB

Mens kronprinsparet gifta seg, tenkte Jens Stoltenberg bare på én ting

Hjelpepleier Unni Betten og sykepleier Amanda Roksvåg setter pris på hverandres innsats på jobb.

Hjelpepleier Unni Betten og sykepleier Amanda Roksvåg setter pris på hverandres innsats på jobb.

Martin Guttormsen Slørdal

Unni kom på jobb da hun var sykmeldt. Det var gull verdt

VIL IKKE MED: Både Gunn Nypen (59) (t.v.) og Mona Pettersen (53) sier de vil bytte arbeidssted dersom den boligen de arbeider på, blir overtatt av en privat operatør.

VIL IKKE MED: Både Gunn Nypen (59) (t.v.) og Mona Pettersen (53) sier de vil bytte arbeidssted dersom den boligen de arbeider på, blir overtatt av en privat operatør.

Berit Baumberger

Kommunen privatiserer omstridt tilbud – nå raser de ansatte

ANGREP HER: Her kom den tiltalte kvinnen først inn. I gangen bak ble helsesekretæren og jordmoren angrepet. Døra mellom de to rommene er satt opp i ettertid.

ANGREP HER: Her kom den tiltalte kvinnen først inn. I gangen bak ble helsesekretæren og jordmoren angrepet. Døra mellom de to rommene er satt opp i ettertid.

Berit Baumberger

Tok tak etter knivangrep: – Vi var nok litt naive. Vi kunne åpenbart gjort mer

UTMELDTE: Etter å ha blitt erklært uønsket av ledelsen i Sporveien AS, meldte det tidligere styret i Helgedagsbetjeningens klubb seg ut av Fagforbundet og inn i Yrkestrafikkforbundet. Nestleder Jan Egil Ødegård (t.v.), leder Stian Haldsrud og sekretær Nils Reichelt (t.h) sier  at de siden april har jobbet for å kunne bli i LO-systemet og Fagforbundet. - Men det viste seg å bli for vanskelig, sier Ødegård.

Jo Straube

Helgeførere i Sporveien melder seg ut i protest

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy