JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Mellom 1500 og 4000 kroner mindre å leve av i månaden

Over 100.000 ramma: Krev at regjeringa gjev meir i trygd

PRESS PÅ REGJERINGA: SV er samarbeidspartiet som sikrar fleirtalet til Ap og Sp-regjeringa. Alle dei tre partia sit no i forhandlingar om revidert nasjonalbudsjett som skal vere klart 14. juni.

Sidsel Valum

I mai fekk tusenvis opp mot 4000 kroner mindre i månaden, då den mellombelse bustøtta og straumstøtta blei fjerna. – Fattigdom er ikkje mellombels, seier Freddy André Øvstegård (SV).

2024060713530720240607135305

oystein.windstad@fagbladet.no

– Dette viser det vi har sagt lenge. Dei lågaste ytingane er for små og må opp. Fattigdom er ikkje mellombels, seier Freddy André Øvstegård og viser til dei mellombelse stønadane som nettopp er tilbake til gamalt nivå.

Øvstegård sit på Stortinget for SV og er leiar av arbeids- og sosialkomiteen. Akkurat no sit SV og regjeringa i forhandlingar om å flytte på pengar. Innan 14. juni skal dei bli einige om revidert nasjonalbudsjett.

Trygdeoppgjeret: – Eg har gråtande folk på telefonen

KOMITELEIAR: Øvstegård er leiar av Stortingets arbeids- og sosialkomite.

Terje Pedersen / NTB

Forhandlar og legg press på regjeringa

Nyleg kom trygdeoppgjeret, og der auka blant anna satsane for arbeidsavklaringspengar med 900 kroner i månaden. Samtidig fekk mange mykje dårlegare råd. Auka bustøtte og straumstøtte som blei ført inn i 2021 då dyrtida slo inn for fullt, blei fjerna i april og mai.

– SV har allereie fått igjennom å auke minsteytingane på arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Vi må auke minstepensjonsnivået og garantipensjonane.

SV slost for alle ordningane for dei som har minst, seier Øvstegård. Han vil ikkje seie noko om korleis det går i forhandlingane med regjeringa og kva dei håpar på konkret og spesifikt.

• Pensjonistleiar slår alarm: – På full fart inn i klassesamfunn med fattige eldre som vil lide

KRITISK: Elisabeth Thoresen leiar organisasjonen AAP-aksjonen som har ei Facebook-gruppe med over 30.000 medlemmar. Ho meiner at det må bli enkelt for folk å få hjelp. At alle dei ulike støtteordningane skal bli slått saman til ei enkelt støtte som er nok til å leve av.

Hanna Skotheim

Tusenvis slit tung

Leiaren for AAP-aksjonen Elisabeth Thoresen fortalde at konsekvensane av at bustøtte og straumstøtte gjekk tilbake til 2021 nivåa har vore katastrofalt for mange.

– Støtta var mellombels, men det er ikkje prisane, sa Thoresen i denne saka. Ho fortalde om at folk som har mista bustøtte og straumstøtte, har ringt ho gråtande. Og fortalt at dei ikkje orkar å leve lenger. SV og Øvstegård er kritiske til at blant anna 45.000 minstepensjonistar lever under fattigdomsgrensa:

Thoresen i AAP-aksjonen meiner dette må til:

– Vi må få eit system som sikrar at folk får ei enkelt inntekt som er nok til å leve eit verdig liv av, seier aksjonsleiaren og viser at det i dag er mange forskjellige trygder og støtteordningar som kan vere uoversiktlege og lite tilgjengelege for mange.

Lengre saksbehandlingstid på AAP: – Folk utan inntekt i månadsvis

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy