JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Misnøgd med pensonistanes oppgjer

Slår alarm om trygda og pensjonistar: – Mange eldre som vil lide

FRYKTER KLASSESAMFUNN: – Stadig fleire med dei lågare pensjonane får større økonomiske problem. Sånn skal vi ikkje ha det i Norge, seier Jan Davidsen, leiar i Pensjonistforbundet.

Øystein Windstad

Over 45.000 minstepensjonistar lever under fattigdomsgrensa. Jan Davidsen i Pensjonistforbundet mener vi er på full fart inn i eit klassesamfunn.

2024053111094820240603093340

oystein.windstad@fagbladet.no

Jan Davidsen er i dag leiar for Pensjonistforbundet som har 257.000 medlemmar. Tidlegare var han leiar av Fagforbundet som i dag har over 400.000 medlemmar.

Der var han med på å sørgje for at tusenvis med lågare løner ikkje enda i fattigdom. Han og Pensjonistforbundet vil ha forhandlingsmakt og sørge for at dei som har minst får meir:

– Vi er utan tvil på full fart inn eit klassedelt samfunn. Stadig fleire med dei lågare pensjonane får større økonomiske problem. Sånn skal vi ikkje ha det i Norge, seier Davidsen.

Han peikar på at dyrtida har forandra spelereglane og føresetnadane for trygdeoppgjeret.

Sjekk kor mykje trygdene og pensjonane aukar her.

Stor gruppe fattige eldre

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser blant anna at vi har 45.000 åleinebuande minstepensjonistar som lever under EU si fattigdomsgrense.

I dag er det rundt ein million pensjonistar og 400.000 som er uføretrygda.

AUKA PENSJON: Jan Davidsen er leiar av Pensjonistforbundet og ønsker å forhandle om pensjon. Slik at ingen pensjonistar skal leve undre fattigdomsgrensa.

Davidsen var leiar for Norsk Kommuneforbund frå 1993 til 2003. Vidare blei han leiar av Fagforbundet frå 2003-2013. Han peikar på debatten på 90-talet om frykta for to-tredjedelssamfunnet med klasseskiller:

– I eit slikt samfunn dreier all politikken seg om dei to tredjedelane og at den siste tredjedelen får klare seg sjølve. Det er dette samfunnet vi er på full veg inn i med begge beina.

– Får dette utvikle seg over tid, vil det skape store forskjellar og store problem for dei med lågare og mindre pensjonar. Då er det mange eldre som vil lide, seier leiaren av Pensjonistforbundet.

• Slik blir auken i pensjonane bestemt.

Vil ha forhandlingsmakt

Kvart år aukar pensjonane i takt med snittet av lønsauke og prisvekst. Når regjeringa har kome fram til ein prosentsats for auka pensjon, er det ferdig snakka utan noko vidare forhandlingar. Det fører til at dei som har hatt høge inntekter, vil få ein god pensjon. Samtidig vil lønsforskjellane frå arbeidslivet bli forsterka.

I dag er det 130.000 einslege minstepensjonistar i landet. Dei får 257.000 å leve for i året. Då Davidsen forhandla på vegner av Fagforbundet, fekk han gjennomslag for at delar av lønsoppgjeret skulle få ein sosial profil.

KOR MYKJE?: Ein einsleg minstepensjonist får 257 040 kr i året.

Illustrasjonsbilde

Desse oppgjera blir av mange forskarar peika på som forklaringa på korfor vi ikkje har ei stor gruppe med arbeidande fattige i Norge. Davidsen og Pensjonistforbundet ønsker ei reform som gjer at når regjeringa kjem fram til sitt tal for pensjonsauke, er vi ikkje like ferdig snakka som i dag. Det er denne reforma han vil bruke for å løfte tusenvis av eldre ut av fattigdom.

Pensjon: – Auken er berre småpengar.

Vil ha sosial profil på pensjonen

Pensjonistforbundet ønsker at deira 257.000 medlemmer skal kunne forhandle med regjeringa om ein sosial profil på pensjonen.

På same vis som då Davidsen forhandla for Fagforbundet, skal pensjonistane kunne forhandle. Blant anna om friske midler til ein pott som skal kunne gå til blant andre minstepensjonistane som lever under fattigdomsgrensa:

– Vi treng å ha ei moglegheit til å forhandle og drøfte kva profil vi skal ha og kva tiltak som kan sikre interessene til dei med lågare pensjonar. Skal vi kunne motverke eit klassedelt samfunn, må vi ha ei heilt anna gjennomtenking av eldrepolitikken. Både når det gjeld nivåa på pensjonen og korleis pensjonen blir regulert.

Lengre saksbehandlingstid på AAP: – Folk utan inntekt i månadsvis.

BESTEMMER: Det er blir opp til partia på Stortinget å avgjere om dei vil gå tilbake til eit pensjonsystem og forhandlingar slik det var før 2011.

Erlend Angelo

Får støtte

Til no har SV, Rødt, Sp og Frp signalisert at dei støttar tanken til Pensjonistforbundet. Gerd Eva Volden er leiar av Pensjonist- og uføreutvalet i Fagforbundet og støttar tanken om forhandlingar av pensjon:

– Vi har grelle historier med folk som ikkje har hatt råd til å fyre og som sat heime i bustadane sine i ti grader i vinter. Det er så mange triste ting du høyrer som ikkje er landet vårt verdig, seier Volden.

Ho understrekar at dei fleste pensjonistar har det bra.

– Men vi får ikkje gjort noko med å jamne ut forskjellane i prosentoppgjeret. Gapet blir ikkje noko mindre. Tenk på at det er tusenvis som har mellom 230-270.000 i årsinntekt og skal klare seg med det, seier Volden.

Fagforbundet vedtok på landsmøtet i 2022 at dei gjennom Pensjonistforbundet skal jobbe for forhandlingsrett for pensjonistane.

130.000 av Fagforbundet sine 410.000 medlemmar er pensjonistar.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy