JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnskompensasjon frå Nav:

Permitterte Torill (51) måtte hente mat hos Frelsesarmeen: – Du står med lua i handa

Nattresepsjonist Torill hadde berre hatt jobben i fire veker. Ho var derfor den første som vart permittert. Som dei fleste lågtlønte har ho ikkje pengar på bok.

Nattresepsjonist Torill hadde berre hatt jobben i fire veker. Ho var derfor den første som vart permittert. Som dei fleste lågtlønte har ho ikkje pengar på bok.

Tormod Ytrehus

Torill skulle få ei utbetaling frå Nav på nesten ei månadslønn. To månader seinare har ho ikkje fått ei krone.

2020052610064220200526100639

tormod@lomedia.no

BERGEN: Klokka ti på kvelden 12. mars møtte nattresepsjonist Torill Evensen opp på arbeidsplassen, Comfort-hotellet på Flesland. Der var både leiinga og tillitsvalde. Ho skjønte kva som skulle skje.

Same dag hadde regjeringa sette inn dei mest omfattande koronatiltaka. Torill hadde berre hatt jobben i fire veker. Ho var derfor den første som vart permittert.

Med lua i handa

Då ho kom heim tidleg på morgonen, sende ho søknad om dagpengar til Nav, men ut månaden måtte ho klare seg på det ho hadde tent i starten av mars. Som dei fleste lågtlønte har ho ikkje pengar på bok.

– Eg gjekk til Frelsesarmeen på slutten av månaden for å hente mat sånn at eg ikkje svalt, fortel Fellesforbundet-medlemmet.

Nav tilbakebetaler trekk i dagpengar. Sånn får du pengane tilbake

For Torill var dette ei rar oppleving. Før ho fekk jobb på hotellet, arbeidde ho nemleg på Matsentralen som fordeler overskotsmaten frå matbransjen til ideelle organisasjonar.

– Du står med lua i handa … For meg som kjenner systemet, er det kanskje ikkje like nedverdigande, men eg fekk kjenne på kjensla av å be om hjelp. Den kjensla er ikkje så kul, seier ho.

Saka held fram under bildet.

UVISSE: – Koronaen og økonomien har gjort noko med humøret til menneske. Eg har kollegaar som ikkje søv, har blitt innadvendte og fått trøbbel med magen fordi livet er usikkert, seier ho.

UVISSE: – Koronaen og økonomien har gjort noko med humøret til menneske. Eg har kollegaar som ikkje søv, har blitt innadvendte og fått trøbbel med magen fordi livet er usikkert, seier ho.

Tormod Ytrehus

Torill meiner alle som treng hjelp skal be om hjelp. Samtidig er det stor forskjell på å søke stønad frå Nav etter å ha bidratt og betalt skatt, og det å be om velgjerd.

– Eg blir sint, for om systema hadde vore på plass, hadde eg slept å gå til det skrittet.

Nav skylder permitterte arbeidstakere ei månedslønn

Ei månadslønn

Systemet ho snakkar om, er den såkalla lønnskompensasjonen frå Nav.

Vi må spole tilbake til 20. mars. Regjeringa hadde foreslått å redusere talet dagar arbeidsgivarar må betale full lønn til permitterte, frå 15 til to dagar.

Permitterte ville tape mange tusen kroner på å måtte gå over på dagpengar tidlegare enn før. Det ville ikkje opposisjonen ha noko av.

Arbeidsgiverne kan ikke garantere at du får feriepengene dine

Stortinget vedtok derfor å sikre permitterte 18 dagar full lønn gjennom ei utbetaling frå Nav. Til saman skulle permitterte få ei månadslønn.

Godt over to månader seinare er framleis ikkje ordninga på plass.

Provoserande

– 18 dagar utan utbetalingar er hårreisande – det er ikkje greitt i det heile, seier konserntillitsvald Merethe Sutton i Choice der Torill Evensen er ein av mange permitterte.

Merethe Sutton fortel at ho har blitt kontakta av mange medlemmer som lurer på når skjemaet frå Nav kjem.

– Folk burde fått dagpengar frå første dag, så kunne Nav heller trekt dagpengane frå lønnskompensasjonen når han er på plass, slår ho fast.

Torill peikar på at bedriftene fekk ei kompensasjonsordning i løpet av eit par veker, der bedriftene sjølv rapporterer inn informasjon.

– Det er utruleg provoserande å sitte som arbeidssøkar og sjå at staten pøsar ut pengar til bedrifter utan krav om dokumentasjon.

– Kvifor kan ikkje dei som lagar regelverket ha same tillit til oss på golvet?

Tør ikkje stole på Nav

Det er uvissa rundt økonomien som er mest slitsam som permittert, fortel ho.

Saka held fram under bildet.

MØTE FOLK: Dagane som permittert er kjedelege, Torill håpar ho får jobben tilbake. I mellomtida går ho turar for å halde seg i aktivitet. – Eg håpar eg treff på nokon som vil slå av ein prat, seier ho.

MØTE FOLK: Dagane som permittert er kjedelege, Torill håpar ho får jobben tilbake. I mellomtida går ho turar for å halde seg i aktivitet. – Eg håpar eg treff på nokon som vil slå av ein prat, seier ho.

Tormod Ytrehus

– Om eg hadde hatt ein dato, hadde eg heilt sikkert fått låne pengar frå vennar eller banken. Men eg vil ikkje sette meg i gjeld utan å vite når eg kan betale tilbake.

Nav seier no at lønnskompensasjonen skal komme i midten av juni, etter at lovnaden først var innan mai månad.

– Eg tør ikkje stole på det.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy