Kritisk til forslag
Pliktår for alle unge: – Undergrev fagarbeid og fører til sosial dumping
KRITISK: Leiar i Fagforbundet, Mette Nord, har ikkje trua på at 19-åringar i pliktår er løysinga på utfordringane i helsevesenet. I dag får vernepliktige ei løn på 221 kr om dagen.
Werner Juvik
Fagforbundet-leiar Mette Nord er kritisk til delar av forslaget om at alle unge skal enten i Forsvaret eller i ei slags sivilteneste: – Du løyser ikkje mangelen på folk i helsevesenet med å ta inn ufaglærte til 221 kroner dagen.
oystein.windstad@fagbladet.no
Skal alle 19-åringar måtte gjere eit pliktår, enten i Forsvaret eller i ei slags sivilteneste? Og om det blir slik, skal ein sende tusenvis av unge inn i helsevesenet?
– Nei, svarar Fagforbundet og Mette Nord på det siste spørsmålet på NRK i Debatten:
– Vi manglar folk i alle bransjar. Det å utsette utdanningane med eitt år vil berre forsterke mangelen på arbeidskraft. Dette er blant anna kokkar, helsefagarbeidarar og reinhaldarar. Alt krev kompetanse for å gjere jobben på ein skikkeleg måte. Det å ta inn billig arbeidskraft til 221 kroner dagen for å løyse desse oppgåvene, det er å undergrave fagarbeid og fører til sosial dumping, sa Fagforbundet-leiar Mette Nord i det direktesende debattprogrammet.
• Nakstad: Dette er krisene som kan påverke helseberedskapen
Vil ruste opp mot Putin
Nord sit i sentralstyret til Ap og møtte på andre sida av bordet partikollega Dag Mossige frå Stavanger Ap. Forslaget kjem frå lokallaget hans og har støtte frå blant andre kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Hovudpoenget med forslaget er å få fleire inn i Forsvaret. Og styrke den sivile beredskapen i lys av eit stadig meir aggressivt Putin-regime og at nabolanda våre rustar opp både sivilt og militært.
I dag er det allmenn verneplikt. Men av eit årskull på 52.000, er det berre 9000 som blir kalla inn til førstegongsteneste. Regjeringa vil auke talet på årlege soldatar til 13.600 innan dei 12 neste åra.
Fleirtalet i den regjeringsnedsette Helsepersonellkommisjonen er positive til at unge i pliktår kan styrke helsevesenet. Les meir om det her på side 281 i rapporten.
• Rapport: Helsearbeidarar må framleis jakte vakter
Trur helsearbeidarar kan stå lenger i jobb
Dag Mossige i Stavanger Ap meiner den planlagde sivile og militære opprustinga ikkje er nok. Han avviser at om det blir slik at unge i pliktår også skal inn i helsevesenet, skal det fortrenge fagfolka som jobbar der i dag:
– Ap vil sjølvsagt aldri tillate at denne typen arbeidskraft skal fortrenge dei som jobbar i dag.
– Korleis skal du klare å hindre det? spurte programleiar Fredrik Solvang.
– Først og fremst med eit godt partssamarbeid. For å snu det på hovudet: Vi har ei komande krise og manglar folk. Veldig mange av medlemmene dine (nikkar mot Nord, journ.anm.) jobbar i deltid fordi det er knallharde arbeidsoppgåver, og det er mange sjukemelde. Dei står ikkje så lenge som dei skal i arbeidslivet.
– Om vi kunne få nokon inn som utfører oppgåver som du ikkje treng fagleg kompetanse på. Då kan du kanskje få dei til å stå lenger i jobb. Dei kan ta heiltid. Og faktisk auke helseberedskapen i Norge av den grunn, sa Mossige som er gruppeleiar for Ap i Stavanger kommunestyre.