JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

25.000 jobbar som støttekontakt

Rune får ikkje bli ansatt: – Vi mistar feriepengar, sjukepengar og forsikring

Øystein Windstad

­Eg tek denne kampen slik at andre skal sleppe å stå i same situasjon, seier Rune Gudmundsen. Han er ein av fleire støttekontaktar som ikkje er tilsett og framleis jobbar på oppdrag.

2024090209441520240902133948

oystein.windstad@fagbladet.no

Rune Gudmundsen har jobba som støttekontakt, eller fritidskontakt som det no heiter, sidan 2018. Han har følgt den same brukaren heile vegen og arbeider tolv timar kvar månad. Han jobbar til vanleg fulltid i Skatteetaten.

Han fann ut at han ville bruke tida si på å hjelpe andre, etter at ungane blei store og flytta ut. Etter ei stund stussa han på kontrakten han har med Skien kommune.

Støttekontakten tok kampen og fekk etterbetalt ein halv million kroner

Vil ta kampen for andre

Gudmundsen jobbar til dagleg med blant anna spørsmål om rett og gale i arbeidslivet. Han meiner kontrakten for bijobben som fritidskontakt er feil:

– Eg tenker at andre er i same situasjon som meg. Når ein skriv ein avtale med ein kommune, trur ein at det er riktig. Ein føreset at det er riktig. Men når ein då finn ut at ting faktisk ikkje er riktig, så tenker eg at andre kanskje ikkje har same tilgang til dommar slik som eg har hatt, seier Gudmundsen.

Han jobbar som representant for Skatteetaten i eit A-krimsenter. På desse sentera jobbar Skatteetaten, politiet og Arbeidstilsynet saman og tverrfagleg med arbeidslivsspørsmål:

– Eg gjer det ikkje for min eigen del i det heile tatt. Eg blir jo med, eg òg, men eg gjer det for at alle som har den funksjonen i kommunen, skal bli likebehandla, og at det skal vere rettferdig. Slik at kommunen må innsjå at vi er arbeidstakarar og ikkje oppdragstakarar.

Avlastar vann over kommunen etter tre år

Viser til dom og ny praksis

Gudmundsen meiner ein dom som gjekk til Høgsterett i 2016, viser at han burde ha vore fast tilsett. Han peikar også på nye reglar peikar på at han skulle ha vore tilsett:

– Fleire dommar og dessutan dei nye beviskrava frå Arbeidsmiljølova frå 01.01.2024, kor arbeidsgjevar har bevisbyrda om det er eit arbeidsforhold eller ikkje. Det står at i tvilstilfelle skal det vere eit arbeidsforhold, seier Gudmundsen. Fagforbundet organiserer ei rekkje støttekontaktar. Tal frå FAFO viser at det er rundt 25.000 som jobbar som fritidskontaktar og avlastarar.

Fagforbundet: – Mange støttekontakter og avlastarar kan ha krav på fast jobb og etterbetaling

– Gjev meg glede

Gudmundsen seier han fekk ei timeløn på 148 kroner i 2018. Og at han gjer jobben fordi han er meiningsfylt:

– Eg prøver å gjere ting som brukaren har glede av. Det kan vere alt frå å gå på fotballkamp, handballkamp, kino, turar i skogen eller å gå ut og ete på restaurant. Ting som dei som jobbar på institusjonen ikkje automatisk har tid til å gjere. Eg ser at berre det å sitte og ete og prate gjev han ei stor glede. Og det gjev meg glede også, seier Gudmundsen.

Støttekontakt vann over kommune i Høgsterett

Kommunen har kontakta KS

Gudmundsen, som har utdanning innan økonomi og jus, fortel han har hatt fleire rundar med Skien kommune, utan at saka har blitt landa:

– Eg har prøvd å ta kontakt med kommunen og få dei til å omgjere dette her på eiga hand. Det har eg ikkje fått noko endeleg svar på enno. Det er sendt vidare til KS. Men det å stå i sånne saker aleine trur eg kjem til å bli frykteleg tungt. Det kan føre til at kommunen vinn fordi eg gjev opp. Då er det fint å ha med andre på laget, om det er mogleg, seier Gudmundsen.

Skien kommune svarar på epost at dei ikkje vil uttale seg om saka no og at dei har sendt ein førespurnad til KS.

Advokaten sine råd til fritidskontaktar

Kjetil Edvardsen er advokat for Fagforbundet og har vunne over fleire kommunar i fritidskontakt-saker:

– Vi har hatt ganske mange saker mot kommunar som stort sett har løyst seg. Kommunane har ikkje funne det tenleg å ta sakene til domstolane, seier Edvardsen, som blant anna vann i ei slik sak mot Ålesund kommune. Det var denne saka som gjekk til Høgsterett.

Edvardsen seier at det avgjerande for om det dreier seg om tilsetjing eller oppdrag er varigheit, omfang og om fritidskontakten kan velje vakter fritt, eller om det er fastsett.

– Kva råd har du til fritidskontaktar?

– Først er det lurt å melde seg inn i ei fagforeining som veit kva ei fagforeining driv med. Etter det råder eg til å gå i dialog med kommunen som er arbeidsgjevar. Gå i dialog, og om det ikkje nyttar, søk juridisk hjelp.

Oppfordrar KS til å ta grep

Advokat Edvardsen meiner KS bør ta tak i saka og avklare den endeleg:

– Eg meiner at KS saman med dei store fagforeiningane kan sette seg ned saman og bli endeleg einige om korleis vi skal gjere dette. Det burde latt seg gjere å lage ein standard på dette, så vi slepp å få dei sakene her. Dei som juridisk har krav på tilsetjing, går glipp av feriepengar, sjukepengar, pensjon, forsikring og automatisk lønsauke ved kvart lønsoppgjer, seier Edvardsen.

Fagbladet har vore i kontakt med KS, som seier at dei skal kome med eit svar snarleg. Fagbladet kjem tilbake med svaret så snart det er klart.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy