JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.
– Denne streiken handla fyrst og fremst om å løyse bemanningskrisa, seier president i NYSNA, Nancy Hagans.

NYSNA

Storkonflikten i New York slutta med full siger til sjukepleiarane

Sjekk dei enorme lønnstillegga: Sjukepleiarar streika mot underbemanning

Sjukepleiarane streika for ny bemanningsnorm. Resultatet vart 19 prosent høgare lønn – og bøter i eiga lomme når sjukehuset bryt dei nye bemanningsreglane.

agnes.bridge.walton@fagbladet.no

Da 7000 sjukepleiarar frå New York State Nurses Association (NYSNA) streika i januar ved to av dei største sjukehusa i New York, var situasjonen på sjukehusa akutt.

«Alle avdelingane er underbemanna», sa sjukepleiar Matt Allen til Washington Post. 

Eitt av sjukehusnettverka, Montefiori, hadde 700 ledige sjukepleiarstillingar da streiken starta, i følge NYSNA.

– Denne streiken handla fyrst og fremst om å løyse bemanningskrisa, seier president i NYSNA, Nancy Hagans.

President i NYSNA Nancy Hagans.

President i NYSNA Nancy Hagans.

NYSNA

Men lønn låg også på forhandlingsbordet. Og 12. januar, etter tre dagar i streik, kunne sjukepleiarane juble over ny kontrakt med heile 19 prosent lønnsauke – samt kontraktsfesta rett til trygge bemanningsnivå på jobb. 

Storbritannia: Sju millioner i helsekø. 500 unødvendige dødsfall hver uke. Midt i den britiske helsestormen står norske Ida (37)

Enorme lønnstillegg 

Lønnsauken på 19 prosent blir fordelt over tre år. Det fyrste året vil sjukepleiarane få eit tillegg på 7 prosent, så 6 prosent i 2024 og 5 prosent i 2025. 

– Når det gjeld lønn hadde vi eit enkelt mål. Lønna må endre seg i takt med prisstiginga, seier Hagans.

Gjennomsnittslønna til ein sjukepleiar i New York var $98,460 i 2021, eller litt over 1,02 millionar norske kroner. Etter lønnsauken vil gjennomsnittslønna ligge på godt over 1,2 millionar kroner i året. 

Minst sju andre sjukehusnettverk i New York har gått med på dei same oppdaterte lønns- og arbeidsvilkåra i kontrakt med NYSNA.

Også i det offentlege helsevesenet i delstaten fekk sjukepleiarane lønnsauke hausten 2022. Startlønna for offentleg tilsette sjukepleiarar i området rundt storbyen New York, der det er høge levekostnadar, gjekk opp til $108,000, omtrent 1,1 millionar kroner. 

Sykepleiere protesterer mot direktørlønn på 34 millioner kroner på «non-profit»-sykehus

Ny bemanningsnorm viktigast

I følge Hagans og NYSNA var det viktigaste streikekravet ikkje lønnsauken, men å få slutt på den systematiske underbemanninga som Hagans seier har pågått over lang tid.

I ei nasjonal spørjeundersøking blant sjukepleiarar frå hausten 2021 svarte berre 15 prosent at bemanningsnivået på arbeidsplassen var trygt for pasientane. 

Ein streikande NYSNA-sjukepleiar som uttalte seg anonymt til Washington Post fortalde at oppgåver som krev tre sett med hender regelmessig blir utført av to. 

Akuttsjukepleiar Benny Matthew sa til same avis at han ofte har ansvar for 15 til 20 pasientar samtidig. Ventetida på akuttmottaket kan vere seks timar eller lenger. Matthew fortel at han slit psykisk med angst og bekymringar rundt pasientsikkerheita. 

Her må helsearbeidere i full jobb få gratis mat for å få økonomien til å gå opp

Siger etter 20 år

– Vi har kjempa for ein lovfesta bemanningsnorm i 20 år, seier Hagans.

I 2021 vann NYSNA den fyrste sigeren: Ein ny bemanningsnorm vart vedteken for heile delstaten New York. Men mange av sjukehusa implementerte den ikkje.

– Derfor gjekk vi til kamp igjen, og vi brukte streikeverktøyet. Sjukehusa var livredde for streik. Etter voteringa, der medlemane våre viste enorm vilje til streik, måtte vi bokstaveleg talt springe etter sjukehusleiinga i gangane for å overlevere streikemeldinga, seier Hagans.

Streiken førte fram. Dei nye kontraktane mellom NYSNA og sjukehusa, som vart vedtekne i januar i år, krev at sjukehusa implementerer lovverket.

Må betale bøter til sjukepleiarane

Dersom ein sjukepleiar møter opp på eit underbemanna skift, kan dei krevje at leiinga møter til mekling. Sjukehusleiinga må også betale bøter til dei som har jobba utan den personaldekninga dei har krav på.

– På fødeavdelinga vil det no vere ein sjukepleiar per fødande kvinne. På intensiven og akuttmottaket skal det også vere ein til ein. På barselavdelinga blir det ein til tre, og så vidare. Dersom sjukehusa bryt lova kan fagforeininga og sjukepleiarane vere vaktbikkjene, klage dei inn, og få utbetalt bøter til eiga lomme. Dette er ein enorm siger, seier Hagans.

Helsekrise 

Streiken i New York var berre den siste i ei bølge av streikar og tøffe forhandlingar i helsesektoren nasjonalt i USA.

Totalt stod sjukepleiarar bak ein firedel av alle store streikar i USA i 2022, og fleire enn 32 000 skal ha streika i løpet av fjoråret.

Tiktok er eit lite vindauge inn i den store helsekrisa USA står overfor. Der legg tusenvis av gråtande, desperate helsepersonell ut filmsnuttar frå kvardagen under emneknaggane “#nursescrying” og “#nursesoftiktok”. 

Under pandemien vart ein allereie pressa arbeidssituasjon uuthaldeleg for mange. 

Sjukepleiarane jobba dag og natt, ofte med døyande eller ekstremt sjuke COVID-pasientar. Mange vart prega og utbrende av den enorme påkjenninga og traumene sit djupt. Tusenvis av helsepersonell fekk sjølve COVID og døde, og fleire enn 100 000 slutta i helsesektoren for godt mellom 2020 og 2021. 

– Vi slit med å rekruttere folk tilbake til yrket, seier Hagans.

– Somme opplever framleis at risikoen for COVID-smitte er til stades og at arbeidsplassane manglar adekvat verneutstyr. Andre slit med helseproblem som kan knyttast til COVID-smitte, og mange har posttraumatiske stressymptom frå den verste tida.

I 2022 svarte fleire enn halvparten av sjukepleiarane i ei undersøking at dei hadde vurdert å slutte i yrket. Konsultentfirmaet McKinsey reknar med at USA kan mangle opp til ein halv million sjukepleiarar i 2025. 

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy