Lønsforhandlingane startar snart

Sjekk kor mange tusen meir i månaden du er venta å få

Lønsforhandlingane i privat og offentleg sektor er snart i gang. Sjekk kor mykje meir du vil få utbetalt om ekspertane får rett.

Dei aller fleste har fått dårlegare råd det siste året. Til våren startar forhandlingane mellom LO og NHO i privat sektor. Etter det startar forhandlingane mellom KS og LO kommune. Forskarar og ekspertar forventar at lønsveksten blir på mellom 4,2-4,7 prosent i år. Statistisk sentralbyrå si prognose er på 4,7 prosent meir i løn i år.

• Alle pensjonistar får etterbetalt fleire tusen kroner av staten

I år er det eit mellomoppgjer. Det betyr at partane berre skal forhandle om kor mykje meir det blir i løn på dei som jobbar i kommunane:

– Det blir barskt i år, seier Pål Skarsbak, leiar for LO kommune. Han leiar forhandlingane på vegner av rundt 167.000 medlemmar i Fagforbundet som jobbar i kommunane.

FORHANDLINGSSTART: Forhandlingsleiar for LO Kommune, og Pål Skarsbakk, dagleg leder av LO Kommune, leiar forhandlingar på vegner av over 160.000 Fagforbundet-medlemmer som jobbar i kommunane.
FORHANDLINGSSTART: Forhandlingsleiar for LO Kommune, og Pål Skarsbakk, dagleg leder av LO Kommune, leiar forhandlingar på vegner av over 160.000 Fagforbundet-medlemmer som jobbar i kommunane.

• Sjekk kor mykje meir pensjonane og trygdene aukar i år

Dårlegare råd

Pål Skarsbak viser til at dei aller fleste har fått mindre å rutte med, og det er eit vanskeleg bakteppe for forhandlingane som skal starte 20. april:

– Det blir krevjande på grunn av den økonomiske situasjonen vi står oppe i. Det er aukande prisar og stigande rente som fører til reallønsnedgang.

• Sjekk kva alle partia på Stortinget vil gjere med straumprisen

Så mykje meir ligg du an til å få utbetalt i månaden

Det kan hende at ekspertane bommar og at lønsoppgjeret ikkje blir på mellom 4,2 og 4,7 prosent. Utgangspunktet for dette eksempelet og utrekninga er at oppgjeret landar ein plass i midten av det ekspertane forventar, på 4,5 prosent lønsauke i år.

• Har du ei årsløn på 500.000 kroner, vil det bety rundt 2063 kr meir utbetalt på konto i månaden.

• Har du ei årsløn på 600.000 kroner, vil du få rundt 2465 kr meir, om prognosane til ekspertane treff.

Tala er medrekna overheng og gliding. Sjå meir om utrekninga i bildet under.

FORVENTA LØNSVEKST: I dette eksempelet kan du sjå korleis lønsauka blir utrekna og kva du vil ende opp med om du har 500.000 eller 600.000 kr i årsløn. Om ekspertane får rett og i sine prognosar og lønsveksten blir på 4,5 prosent i år, vel og merke.
FORVENTA LØNSVEKST: I dette eksempelet kan du sjå korleis lønsauka blir utrekna og kva du vil ende opp med om du har 500.000 eller 600.000 kr i årsløn. Om ekspertane får rett og i sine prognosar og lønsveksten blir på 4,5 prosent i år, vel og merke.

• «Mona» jobbar i Nav og må sjølv søke sosialhjelp

Meir pengar i mai

Fristen for at forhandlingane skal vere landa og ferdig er 1. mai. Om partane blir einige og det ikkje blir streik, betyr det at dei som jobbar i kommunane vil få den auka løna inn på konto 12. mai.

Det er LOs representantskap som vedtek krava i årets lønnsoppgjer. Det skjer 21. februar. Det er dei såkalla frontfaga som forhandlar først og som legg ramma for kva dei andre kan forvente å oppnå i forhandlingane.

Powered by Labrador CMS