JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Straumprisen

Dette seier partia: Slik skal straumrekninga di bli lågare

STRENGARE STYRING?: Ein av dei største forskjellane på partia er kven av dei som vil ta politisk styring over eksporten av norsk straum. Og dei som tenkjer at marknaden på sikt vil ordne opp i dei høge straumprisane.

STRENGARE STYRING?: Ein av dei største forskjellane på partia er kven av dei som vil ta politisk styring over eksporten av norsk straum. Og dei som tenkjer at marknaden på sikt vil ordne opp i dei høge straumprisane.

Kai Hovden

Lurer du på kva dei ulike partia vil gjere for at du skal få betre råd? Sjekk kven som vil sette på handbrekket på straumeksporten eller gje deg meir i støtte.

2023021511092020230217113556

oystein.windstad@fagbladet.no

Nyleg skreiv Fagbladet om kvinna som jobbar fulltid på Nav og som fekk så dårleg råd at ho sjølv måtte søke sosialhjelp. Ein av grunnane var den enorme auken i straumprisen. Alle partia på Stortinget bortsett frå Høgre og KrF har svara på kva dei vil gjere for å minke dei månadlege utgiftene. Nokre parti vil strupe straumeksporten når vi har lite vatn i dammane våre, medan andre vil la marknaden ordne opp.

• Han åtvara mot straumpriskrisa i 2016: No åtvarar han mot lågare løner grunna straumen

Frp

Dagfinn Henrik Olsen er stortingsrepresentant frå Nordland og fortel at Frp vil regulere eksporten:

– Frps ønsker at alle, også bedriftene, skal få 100 prosent straumstøtte for priser over 50 øre kwh, så lenge straumprisane er høge. Vi ønsker og ei strengare regulering av straumeksporten, det er viktig at billig norsk straum blir brukt i Norge.

SKIPPER: Dagfinn Henrik Olsen har bakgrunn som fiskeskipper, sjøkaptein og statslos. Han kjem frå Lødingen i Nordland.

SKIPPER: Dagfinn Henrik Olsen har bakgrunn som fiskeskipper, sjøkaptein og statslos. Han kjem frå Lødingen i Nordland.

Øystein Windstad

• Fagforbundet og Fellesforbundet vil ha makspris på straum

Høgre

Bård Ludvig Thorheim, Stortingsrepresentant for Høgre og medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget vil ha meir utbygging:

– Det viktigaste for å få ned straumprisane, er å bygge ut meir kraft. Konsesjonsbehandlingstida må ned, nettutbygging må forserast og vi må ha rammevilkår som gjer det attraktivt å satse på ny kraftproduksjon. Høgre har fremma ei rekke forslag om dette i Stortinget det siste året. Samtidig er det viktig å ha gode støtteordningar som kan stille opp for hushaldningar og bedrifter når straumprisane er enorme.

VIL IKKJE AVGRENSE: Høgre og Bård Ludvig Thorheim vil ikkje avgrense eksporten av norsk kraft til utlandet når vi har lite vatn i dammane våre. Han og Høgre vil heller satse på raskare utbygging av kraft.

VIL IKKJE AVGRENSE: Høgre og Bård Ludvig Thorheim vil ikkje avgrense eksporten av norsk kraft til utlandet når vi har lite vatn i dammane våre. Han og Høgre vil heller satse på raskare utbygging av kraft.

Leif Martin Kirknes

BREMSE?: Ein av grunnane til at straumrekningane har blitt rekordhøge, er at kraftprodusentane har tappa magasina og sendt straum til utlandet. Når det har vore langt under snittet med vatn i dammane.

BREMSE?: Ein av grunnane til at straumrekningane har blitt rekordhøge, er at kraftprodusentane har tappa magasina og sendt straum til utlandet. Når det har vore langt under snittet med vatn i dammane.

Halvard Alvik / NTB

Venstre

Audun Gotaas Bonde, rådgjevar på Stortinget i Finans og Næringskommiteen svarar på venge av landets eldste parti:

– Vi meiner det er viktig at vi sørger for at dei ekstraordinære inntektene staten får som følgje av auka straumprisar kjem forbrukarane til gode gjennom rause straumstøtteordningar. Venstre har også teke til orde for å vurdere fordeling av straumstøtta slik at dei med lågare inntekter får meir i straumstøtte enn personar med høg inntekt. Vi ønsker å auke bustøtta i område med høge straumprisar, slik at låginntekshushaldningar får hjelp til å handtere rekningane sine og å gje studentane i område med høge straumprisar auka stipend.

• Leiar av den største fagforeininga i landet om straumen: – Noko er riv ruskande gale

KrF

Kjell Ingolf Ropstad er tidlegare leiar av KrF og sit no i Stortingets energi- og miljøkomité:

– Vi føreslår ei forsterka straumstøtte på 100 prosent kompensasjon for straumprisar over 50 øre per kwh for hushaldningane. Straumstøtta er ei tilbakebetaling til folk basert på dei enorme summane staten og kraftselskapa tener på høge straumprisar. Straumstøtte bidreg til å redusere prisveksten. Med KrF sitt nivå på straumstøtte vil inflasjonen reduserast til 6 prosent ifølgje Finansdepartementet, skriv Ropstad og viser til eit spørsmål i Stortinget.

AUKA STØTTE: Kjell Ingolf Ropstad og KrF vil at staten skal ta heile rekninga for alt over 50 åre kwh.

AUKA STØTTE: Kjell Ingolf Ropstad og KrF vil at staten skal ta heile rekninga for alt over 50 åre kwh.

Leif Martin Kirknes

Sp

Ole André Myhrvold sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Regjeringspartiet vil forandre straumeksporten:

– Regjeringa har fått på plass ei rekkje kompensasjonsordningar som reduserer straumrekninga. Desse er viktige umiddelbare tiltak. Likevel er rekninga for høg for folk, organisasjonar og næringsliv. Senterpartiet vil ha på plass strukturelle grep som aukar den nasjonale kontrollen over krafta vår. I dag er eit av problema at høgaste energipris i Europa set straumprisen i Norge. Vi meiner at eit toprissystem kan vere ein god veg å gå. Målet med eit slikt system er å få ein rimeleg straumpris i Norge som ikkje blir sett ut frå prisen på gass i Europa, og at vi tek kontroll over straumeksporten gjennom å ha ein eigen pris på straum som blir eksportert. Å ta tak i dei underliggande årsakene bak dei høge straumprisane er også eit viktig bidrag for å møte den generelt høge prisveksten som tynger mange folk sin kvardag, då straumprisane er ein drivar for prisen på mange varer og tenester.

TO PRISAR: Senterpartiet og Ole André Myhrvold vil ha ein pris på straumen vi brukar i Norge og ein annan pris på straumen me sender til utlandet.

TO PRISAR: Senterpartiet og Ole André Myhrvold vil ha ein pris på straumen vi brukar i Norge og ein annan pris på straumen me sender til utlandet.

Stortinget

MDG

Arild Hermstad er leiar i MDG og fortel dei ønsker å fordele meir:

– Vi vil ha ei meir rettferdig straumstøtte, kor vi deler ut overskotet frå statens auka strauminntekter direkte til folk gjennom ein flat sum som er lik for alle. Det betyr at dei som har lågast forbruk og som ofte har låge inntekter kjem betre ut enn i dag, medan dei med høgt forbruk og oftast høge løner får meir insentiv til å spare. Vi vil dessutan at staten skal ta halvparten av utgiftene for ENØK-tiltak og gje rimelege lån til dette i tillegg, og slik gje fleire sjansen til å kutte rekningane ved å spare straum. I dag er ordningane nesten berre til for dei som har pengar på bok, det er ikkje rettferdig.

LEIAR: Arild Hermstad er leiar av MDG og har bakgrunn som leiar av Fremtiden i våre hender.

LEIAR: Arild Hermstad er leiar av MDG og har bakgrunn som leiar av Fremtiden i våre hender.

Vestland MDG

Ap

Hoda Imad er rådgjevar for Arbeidarpartiet på Stortinget og svarar at Ap vil ha meir kraft og fordeling:

– Prisane i dag er uakseptabelt høge, og Arbeidarpartiet har ei plan for å få dei tilbake til normale nivå. Den sosialdemokratiske løysinga er meir kraft og meir fordeling.

På kort sikt er straumstøtte og andre økonomiske tiltak det som reduserer folk sine straumrekningar raskast. På mellomlang sikt jobbar vi med å opprette ein fastprismarknad. På lengre sikt må vi sikre eit solid kraftoverskot. Norge styrer i dag mot eit kraftunderskot som gjer oss avhengige av kraftimport frå andre land. Det er uhaldbart for energinasjonen Norge. Vi må Bygge meir fornybar energi, meir nett og energieffektivisering. Samtidig verkar det som om våre naboland klarer å få sine straumprisar ned. Det vil vi gje oss mindre prissmitte. Ting tyder no på at dei høge straumprisane vil vere over i løpet av eitt til tre år. Men, føresetnaden er at vi sikrar det norske kraftoverskotet.

•Sjekk kor mykje pensjon og trygder aukar i år

SV

Kirsti Bergstø er stortingsrepresentant frå Finnmark. Ho er nestleiar i SV og er venta å ta over som partileiar i mars. Ho og SV vil ha sterkare politisk styring over straumen:

– Det trengst politisk styring over krafta. SV har klart å betre straumstøtteordninga i forhandlingar med regjeringa, men straumstøtte er først og fremst symptomlindring som er heilt nødvendig for å hjelpe folk med høge rekningar – utan at sjølve problemet blir løyst. Problemet er at vi i dag er underlagt ein europeisk kraftmarknad og importerer høge straumprisar. Difor jobbar vi for at det skal takast strukturelle grep og at vi skal ta tilbake politisk kontroll over krafta. Vi har fått gjennomslag for at det skal greiast ut ein Norgespris på straum. Det er ein start. Vidare vil vi avvikle straumsal-selskapa og opprette eit statleg straumselskap som kan levere gode og trygge straumavtalar til folk. Det er også eit mål å få til eit toprissystem, for å skilje prisen på luksusforbruk frå vanleg straumforbruk. Det bør vere forskjellig pris på å varme opp badet og badebassenget.

NY LEIAR: Kirsti Bergstø er einstemmig innstilt som ny SV-leiar.

NY LEIAR: Kirsti Bergstø er einstemmig innstilt som ny SV-leiar.

Sissel M. Rasmussen

Rødt

Forfattar, tidlegare journalist og stortingsrepresentant for Rødt, Mímir Kristjánsson, svarar dei vil ha sterkare politisk kontroll:

– Rødt ønsker å ta kontroll over kraftmarknaden, og innføre ein makspris for straumprodusentane på 35 øre kWh.

ROGALAND: Mímir Kristjánsson er stortingsrepresentant frå Rogaland i Arbeids- og sosialkomiteen.

ROGALAND: Mímir Kristjánsson er stortingsrepresentant frå Rogaland i Arbeids- og sosialkomiteen.

Ihne Pedersen

• LO lovar at dei med lågast løn skal få størst lønsauke i år

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy