JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Nav-tillitsvalt reagerer på lange køar: «Det er nokon over oss som er komfortable med at det tek tre månader å få behandla ein AAP-søknad»

KREV HANDLING: Janne Håkonsen jobbar som sosialkonsulent i Nav Sagene og er tillitsvalgt i Fagforbundet. Ho er uroa over  fleire månaders ventetid på AAP-søknadar og den store prisauka.

KREV HANDLING: Janne Håkonsen jobbar som sosialkonsulent i Nav Sagene og er tillitsvalgt i Fagforbundet. Ho er uroa over fleire månaders ventetid på AAP-søknadar og den store prisauka.

Øystein Windstad

– Eg skjønar ikkje korfor politikarane er komfortable med fleire månaders behandlingstid om nokon blir sjuke eller arbeidsledig, seier Nav-ansatte Janne Håkonsen. I sine 13 år i Nav meiner ho at ho har sett ei stadig forverring i vilkåra for dei som treng hjelp.

2023012009214820230120111216

oystein.windstad@fagbladet.no

Janne Håkonsen jobbar ved Nav Sagene og behandlar søknadar om sosialhjelp, ei midlertidig støtte som skal hjelpe folk ut av ei knipe. Ho fortel at i bunken på 12 søknadar ho skal sjå på, har 8 aldri søkt kommunen om sosialhjelp før.

Det er fleire nye grupper som stiller seg i Nav-kø no. Tidlegare i januar skreiv Fagbladet om «Mona», som sjølv jobbar i Nav og fekk så dårleg råd i haust at ho måtte søke sosialhjelp.

Single med vanleg løn har ikkje råd å bu i Oslo

OMVISNING: Leiar av Fagforbundet, Mette Nord (til venstre) fekk ei omvisning av sosialkonsulent Janne Håkonsen på Nav Sagene: – Dei som jobbar på Nav møte mange som er fortvila over den vanskelege økonomiske situasjonen. Eg er her for å høyre meir om korleis sitiuasjonen er, seier Nord.

OMVISNING: Leiar av Fagforbundet, Mette Nord (til venstre) fekk ei omvisning av sosialkonsulent Janne Håkonsen på Nav Sagene: – Dei som jobbar på Nav møte mange som er fortvila over den vanskelege økonomiske situasjonen. Eg er her for å høyre meir om korleis sitiuasjonen er, seier Nord.

Øystein Windstad

Fagforeiningsleiar: – Riv ruskande gale

Håkonsen etterlyser tydeleg politisk handling på både saksbehandlingstidene og prisveksten. Ho ser stadig fleire i fullt arbeid som får store vanskar.

Sosialkonsulenten får støtte frå sin eigen topptillitsvald:

– Noko er riv ruskande gale, seier Mette Nord, leiar av Fagforbundet, som har 400.000 medlemmar.

Korleis blir økonomien din i år? Sjekk dei nye reglane

Kommunal-bustad til marknadspris

Håkonsen seier ho har sett store forandringar i samfunnet berre i dei 13 åra ho har jobba i Nav og har sett store forandringar i samfunnet. Blant anna at det har blitt så dyrt å bu i Oslo at ein einsleg sjukepleiar berre har råd til under to prosent av bustadane i Oslo-området.

Sosialkonsulenten seier leigeprisane fører til problem for mange:

– Bustadmarknaden er ein viktig grunn til at folk no kjem fordi dei må ha støtte frå Nav. Og dei som leier kommunal bustad i Oslo må betale marknadspris, seier Fagforbundet-medlemmen (den såkalla «Oslobustøtta» gir alle kommunale leigetakarar i Oslo i bustadar prisa etter prinsippet «gjengs markedsleie» eit fråtrekk i leia på 11 prosent. I tillegg er det mogleg å søke behovsprøvd bustøtte frå kommunen – og statleg bustøtte frå Husbanken, red.anm.).

Ho fortel at det no nesten ikkje er mogleg å leie ei kommunal eittroms leilegheit til under 10.000 kroner i månaden.

Åtvarar: – Dyrare straum vil gje lågare løn

PÅVIRKNAD: Janne Håkonsen deler sine erfaringar som sosialkonsulent på Nav til Fagforbundet-leiar Mette Nord. Nord og Fagforbundet sit i sentralstyret til Ap.

PÅVIRKNAD: Janne Håkonsen deler sine erfaringar som sosialkonsulent på Nav til Fagforbundet-leiar Mette Nord. Nord og Fagforbundet sit i sentralstyret til Ap.

Øystein Windstad

– Fleire kunne blitt sjølvstendige

Ho meiner med andre tiltak kunne fleire ha greidd seg på eiga hand:

– Eg tenkjer at nokon av dei som vi har her som ikkje kjem seg ut av sosialhjelpa, kunne greidd seg sjølv. Dei har ein økonomi der dei eigentleg kunne ha eig eigen bustad og dekka kostnadane til ein eigd bustad. Men, dei kjem seg ikkje inn i marknaden. Trass i at du har krav på sosialhjelp til eit vist punkt, vil ikkje dette vere regna som inntekt når du søker lån.

Sjå kva prisauken betyr for økonomien din

– Eit samlivsbrot unna Nav

Fagforbundet-tillitsvalde Håkonsen summerer opp situasjonen for folk med ei løn under snittet slik:

– Mange i eit lågt lønna yrke er i dag eit samlivsbrot unna Nav, seier ho.

Ho etterlyser ein gjennomgang av ordningane:

– Sosialhjelp er i utgangspunktet ei midlertidig yting. Men kor midlertidig er det viss minstepensjonistane må ha supplering? Om dei på AFP må ha supplering? Det er ikkje midlertidig lenger då. Dette syns eg er trist. Folk skal sikrast mat og tak over hovudet, som siste utveg. Målet vårt er å få folk til å sjølvhjelpne. Samtidig blir det kutta i ytingar for å få folk til å bli sjølvhjelpne. Kva er det vi vil, eigentleg?

Helsefagarbeidar: – Det var vel vår tur, ikkje sant?

BLANT STØRSTE: Nav Sagene, der Janne Håkonsen jobbar, er blant dei aller største Nav-kontora i landet. Oslo kommune er også den kommunen i landet der det er dyrast å leige og eige, samt at Oslo og Sør-Norge har den dyraste straumen.

BLANT STØRSTE: Nav Sagene, der Janne Håkonsen jobbar, er blant dei aller største Nav-kontora i landet. Oslo kommune er også den kommunen i landet der det er dyrast å leige og eige, samt at Oslo og Sør-Norge har den dyraste straumen.

Werner Juvik

Får kjeft for andre sine avgjerder

Håkonsen fortel ho og kollegaene på Nav-kontora har opplevd å få mykje kritikk:

– Noko av det som er provoserande for vi som jobbar her er at du har Nav-skandalar. Som blir knytt til Nav. Men EØS-saka har gått til trygderetten. Folk har blitt fengsla. Er det Nav som har gjort ein feil? Eller er det nokon som har tolka lovene? At feilen skjedde i si tid og oppryddinga ligg langt over Nav, seier sosialkonsulenten.

{f1}

Ho meiner politikarane må ta ansvar for systemet slik det er i dag, og for at det skal bli betre.

Barnehageeigarar: Har blitt millionærar på skattepengar, flyttar til Sveits for å sleppe skatt

Skjønar ikkje ventetidene

Håkonsen fortel det er motiverande å kunne hjelpe folk som har det vanskeleg. Samtidig ser ho saksbehandlingstider som er til hinder for rask hjelp. Ho stussar over korfor politikarane godtek dei lange ventetidene:

– Det er så innmari greitt å kritisere Nav. «Nav er så vanskeleg, Nav svarer aldri på søknadar eller Nav gjer aldri noko». Det er nokon over oss som er komfortable med at det tek tre månader å få behandla ein AAP-søknad. At ein ikkje har personale nok til å få unna søknadane. Det er nokon som syns det er heilt greitt at om du sluttar i jobben din, må du vente atten veker før du får dagpengar. Eg kan ikkje forstå korfor det skal vere slik. Før tok det langt kortare tid, seier tillitsvalde Håkonsen.

Har 500.000 i årsløn og må søke sosialhjelp

Fagforeiningstopp: – Uhaldbar situasjon

Nyleg fekk Håkonsen besøk på Nav Sagene av Fagforbundet-leiar Mette Nord:

– Vi har mange medlemmer i Nav som no møter mange fortvila innbyggarar som har fått det vanskeleg. Eg vil høyre korleis dei tilsette på Nav opplever situasjonen, seier Nord.

– Kva tenkjer du om at enkelte av dine medlemmar som «Mona» må søke sosialhjelp?

– Det er alvorleg, og vi har eit kostnadsnivåa som er krevjande for mange. Det er klart at dei høge prisane rammar dei med lågast inntekter først. Når vanlege lønsmottakarar må gå på Nav for å dekke rekningane, då er noko riv ruskande gale. Det er ein situasjon som er uhaldbar over tid.

Dette vil regjeringa gjere med prisane og fattigdom

– Få kontroll på prisane

– Kva er bodskapen din til regjeringa når det kjem til bustad og straumprisane?

– Få kontroll på prisane. Ein må sjå og vere til stades for dei som treng det mest, seier Fagforbundet-leiar Nord.

Ho seier vidare rammene til dei Nav-tilsette kan vere utfordrande:

– Eg er imponert over dei som jobbar i Nav og medlemmane våre her. Som kvar dag gjer sitt for å legge til rette og bidra for at folk skal kunne leve gode liv. Enten med opplæringstiltak der folk får prøve seg i arbeidslivet, eller legge til rette for at dei som ikkje er i stand til å jobbe kan ha gode liv. Dei gjer ein jobb innanfor rammer som av og til er utfordrande. Eg vil rose dei tilsette som gjer ein kjempejobb, seier Nord.

EØS-saka

EØS-saka i Nav dreide seg om etatens praksis med å straffeforfølgje Nav-brukarar som mottok stønad medan dei budde i eit anna land – noko både Arbeidstilsynet og Navs eigne regelekspertar trudde dei hadde lov til å gjera under EØS-reglane, men som det etter kvart viste seg at ikkje var mogleg. Internrevisjonen til Nav peika på at det internt i Nav vart stilt spørsmål om Nav-fortolkinga av EØS-regelverket fleire gongar, men «uten at spørsmålet vart løfta til riktig nivå eller tatt tak i».

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy