JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Sjukepleiar Eskild har laga ny app med svar på faglege spørsmål: – Alt du treng får plass i lomma

SPENT PÅ RESPONS: – På pleiar.no finn du truleg noko du har bruk for. Last ned på mobilen og putt det i lomma, oppmodar Eskild Hustvedt.

SPENT PÅ RESPONS: – På pleiar.no finn du truleg noko du har bruk for. Last ned på mobilen og putt det i lomma, oppmodar Eskild Hustvedt.

Karin E. Svendsen

Sjukepleiar Eskild Hustvedt utvikla pleiar.no fordi han sjølv trong ei side med til dømes hjelp til kostregistrering og korleis finne god fagleg informasjon. No kan alle i Fagforbundet kjapt finne svar på faglege spørsmål med de.

2019081313141320230821171436

karin.svendsen@fagbladet.no

Eskild Hustvedt arbeider som sjukepleiar. Data er hobbyen hans. Då han kom ut i arbeidslivet, sakna han enkle og gode vegar til svara på alle spørsmåla som dukka opp i arbeidskvardagen.

– Det irriterte meg litt, fortel han.

Dermed nytta han noko av det han kunne av sjukepleie og dataprogrammering og snikra saman ei nettside og ein app som han døypte pleiar.no.

Tilbod til medlemmer

Fagforbundet tykte ideen om ei verktøykasse til bruk for folk i helsesektoren var så god at dei engasjerte Eskild Hustvedt i to månader slik at han kunne vidareutvikle pleiar.no. No er nettsida og appen lansert og tilgjengeleg for alle medlemmar av Fagforbundet.

– Det elektroniske oppslagsverket er ei gåve til alle elevar, studentar og tilsette i helse- og sosialsektoren, meiner Iren Luther, leiar i Fagforbundet yrkesseksjon helse og sosial. Men ho understrekar at ein må vere medlem i Fagforbundet for å få meir enn ein smakebit av pleiar.no.

Mykje fagleg stoff

Pleiar.no inneheld handbok med prosedyrar, medisinsk ordbok og lenkjer til lovverk, undersøkingar og artiklar. Ved å nytte søkjefeltet vil brukaren få opp informasjon frå handboka, ordboka og lenkjene samstundes.

Eskild Hustvedt er sjølv utdanna både hjelpepleiar og sjukepleiar. Dessutan har han i eit par år vore knytt til ei IT-verksemd. Dei tre siste åra har han arbeidd på kreftavdelinga på Haukeland sjukehus i Bergen. Der er han hovudtillitsvald. Han er også med i Fagforbundet si faggruppe for sjukepleiarar.

– Fagforbundet har mykje politisk stoff på nettsidene sine. Pleiar.no har berre reint fagleg innhald, seier han.

For å vere sikker på at innhaldet heile tida er oppdatert, samarbeider Hustvedt med ei gruppe legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

– Vi vil kontrollere alt stoff minst ein gong i året, lover han.

• Sjå korleis innovasjonar endrar kvardagen til pleiarane

Noko for alle

Mannen bak pleiar.no trur ordboka vil ha særs stor verdi for elevar og studentar når dei kjem ut på arbeidsplassen og høyrer det han kallar stammespråk.

– Eg blei sjølv lei av å spørje dei rundt meg då eg var ute i praksis, seier Eskild Hustveit.

Ein av sjukepleiarane som møtte fram til lanseringa av nettsida og appen, var Solveig Håbetsås. Ho er også sjukepleiar og sit saman med Hustvedt i faggruppa for sjukepleiarar i Fagforbundet. Til dagleg arbeider ho på nevrologisk avdeling ved Rikshospitalet i Oslo. Ho ser for seg at både ho sjølv og mange kollegaer kjem til å nytte nettsida dagleg.

Artikkelen held fram under biletet

NYTTIG: – Denne nettsida kjem eg til å bruke kvar dag eg er på jobb, seier Solveig Håbetsås.

NYTTIG: – Denne nettsida kjem eg til å bruke kvar dag eg er på jobb, seier Solveig Håbetsås.

Karin E. Svendsen

– Tenk berre på knuse- og delelista, seier ho og forklarer at dette er ei liste som informerer om korleis alle tablettar skal og kan bli gitt til pasientane. Habetsås veit at mange skriv ut lista, men ho er lang og blir ofte oppdatert.

• Ikkje greitt: Nye kompetansekrav knuser draumen om å bli sjukepleiar

Alt du treng på mobilen

Eskild Hustvedt seier pleiar.no fungerer like godt på mobil som på nettbrett og stasjonær datamaskin. Ein føremon er at når du har lasta ned ei side på til dømes mobilen, blir sida liggjande der også når brukaren er utan tilgang på nett.

Hustvedt garanterer at ingen informasjon utover statistikk som syner bruken av sida, vil komme Fagforbundet eller han sjølv i hende. Han er sikker på at ingen treng vere redd for omsynet til personvern.

Han håper no at medlemmane i helse- og pleiesektoren vil ha nytte av til dømes formlane for utrekning av medikament.

– Det er no det blir moro. Eg håper mange finn det dei treng, men også at dei saknar noko og sender inn forslag til korleis pleiar.no kan bli endå betre.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy