Skatt på personalbillett: Slik er den nye ekstraskatten for tilsette i kollektivtransporten

Ole Palmstrøm

Arbeidsgivarane jobbar no med å finne verdien til jernbanetilsette og bussjåførar sine personalbillettar. Resultatet avgjer kor mykje tusenvis av tilsette må ut med i ekstra skatt.

2019080507140020190807094418

tormod.ytrehus@lomedia.no

Mange bussjåførar og jernbanetilsette har vore forbanna over dei nye skattereglane for personalbillettane dei kan kjøpe til ein billeg penge. For bussjåførane har frikortet vore eit tariffesta gode, forhandla fram framfor auka lønn.

Tidlegare har denne billetten vore skattefri, men i tråd med endringar i skattlegginga av naturalytingar, har regjeringa innført ein ny skatt. Den har blitt utsett fleire gongar, sist i mai etter press frå arbeidsgivarane. No skal den trå i kraft frå 1. januar 2020 (sjå faktaboks).

Ein kan likevel få skattefri personalbillett frå arbeidsgivar til ein marknadsverdi opp til 10.000 kroner til saman. Dei skattefrie grensane for personalrabatt og gåver er nemleg høvesvis 8000 kroner og 2000 kroner.

Det overskytande beløpet skal skattleggast som lønn, og det er arbeidsgivarane som har ansvar for å innrapportere og trekke skatt av personalbillettane.

{f1}

Ingen marknadsverdi

Arbeidsgivarane jobbar no med å finne marknadsverdien til personalbillettane og lage system for å registrere tilsette sine reiser. FriFagbevegelse har tidlegare skrive om full forvirring rundt reglane på dette området.

– Innanfor jernbanen har ein hatt ein fribillett som ein kan køyre med over heile landet. Då har ein ingen marknadspris å samanlikne med. Derfor har det vore vanskeleg å finne ein pris for kva gode ein fribillett er for dei tilsette, forklarer direktør for kommunikasjon og samfunnspolitikk i Spekter, Gunnar Larsen, til FriFagbevegelse.

Det var henvendingar frå nettopp arbeidsgivarorganisasjonen Spekter, som organiserer jernbaneselskapa, som førte til at skatteendringa vart utsett i mai.

Ei anna utfordring er å skille mellom tenestereiser og når jernbanetilsette reiser privat, sidan dei tilsette i jernbanen reiser mykje i jobben, forklarer Larsen. Ei løysing kan vere at dei tilsette registrerer reisene gjennom ein mobilapp, opplyser han.

Byråkrati viktigast

– Er det sannsynleg at de hamnar på ein skattefri verdi under 10.000 kroner?

– Det som er poenget for arbeidsgivar her, er å finne fram til løysingar som gir korrekt verdsetting og ikkje blir for administrativt krevjande, svarer Spekter-direktøren.

Ordninga med fribillettar omfattar nesten 15.000 tilsette og pensjonistar, opplyser Jernbanedirektoratet overfor FriFagbevegelse, i tillegg til billettane for barn og ektefellar av tilsette.

Det er direktoratet som fastset reglane for personalbillettane i avtale med jernbaneselskapa og billettselskapet Entur.

Dei er enno ikkje einige om ei løysing for korleis dei skal verdsette fribilletten, men Jernbanedirektoratet satsar på å finne ei løysing saman med selskapa og Skattedirektoratet over sommaren.

Bussbransjen

Også NHO Transport, som organiserer arbeidsgivarane til bussjåførane, melder om at det er vanskeleg å finne marknadsverdien av frikorta til bussjåførene.

– Utfordringa har vore at frikorta ikkje har same dekning som ordinære årskort for vanlege reisande. Det er dermed om å gjere å finne ein verdi som avspeglar den reelle nytta og bruken til den enkelte arbeidstakar, skriv direktør Jon Stordrange i NHO Transport i ein e-post til FriFagbevegelse.

NHO anslår at 12.000 bussjåførar har tilgang til frikortordninga.

Det er fylkeskommunane eller administrasjonsselskapa deira som utsteder frikorta for busselskapa. NHO har bedd dei, i tillegg til medlemsbedriftene, om å bli einige om ein verdi som svarar til dei tilsette sin reelle bruk av frikortet.

Stordrange trekker fram to eksempel:

Ulike løysingar

I Møre og Romsdal får bussjåførane i dag eit frikort som kan brukast i heile fylket, noko dei færraste har bruk for. Dermed vil det vere meir naturleg å berekne verdien ut frå ei soneinndeling, opplyser han.

I Oslo og Akershus oppstår eit anna problem: Der kan dei med ordinært årskort bruke både tilbodet frå Ruter og Vy sine lokaltog, medan tilsette berre kan bruke buss, trikk og t-bane. Dermed må ein trekke frå verdien av togreisene når ein skal skattlegge frikorta, forklarer NHO-direktøren.

– NHO har vore i løpande kontakt med både Finansdepartementet og Skatteetaten om korleis frikorta kan skattleggast ut frå nytt regelverk. Vi har ønska at skattlegginga skal bli lågast mogleg for arbeidstakarane og enkelt å administrere for arbeidsgivarane.

– Er det sannsynleg at de hamnar på ein skattefri verdi under 10.000 kroner?

– Ja, for dei fleste vil nok verdien bli lågare enn fribeløpet. Men, skatteplikta vil nok slå inn om ein tar ut frikort til ektefelle eller fleire barn, svarer Stordrange som trur den skattemessige verdien vil vere avklart i løpet av hausten.

Får ikkje hjelp

FriFagbevegelse har kontakta hovudstaden sitt administrasjonsselskap, Ruter, som sel personalbillettar til operatørane av buss og bane i byen.

HR-direktør Bjørn Auglend opplyser at dei har spurt Skatt Aust om råd når det gjeld verdsetting av ein billett som ikkje finst i marknaden, men meiner dei ikkje har fått eit godt svar.

– Når ein ser på reisemønster, så reiser 80 prosent av dei som kjøper årsbillett innanfor ei sone. Vi meiner derfor personalbilletten høgst er verdt ei sone, seier Auglend.

p

Ein vanleg årsbillett innanfor ei sone kostar 7500 kroner og hamnar dermed innanfor den skattefrie marknadsverdien av ein personalbillett.

I tillegg vil verdien bli enda lågare når ein trekker frå verdien av reiser med Vy sine lokaltog, som dei tilsette til skilnad frå vanlege kundar altså ikkje har tilgang til.

– Det hadde vore ein fallitterklæring om dette endar med at folk som jobbar i kollektivtransporten, tar bilen til jobb. Så vi håpar på ei løysing på dette, seier Auglend.

Dette er skatt på personalbillett

Skattedirektoratet foreslo i 2016 endringar i regelverket for skattlegging av naturalytingar. Dette er betaling eller gåver i ein form som ikkje er pengar.

Formålet var å gjere regelverket likt for alle, lage skattefrie beløpsgrenser og gi arbeidsgivar ansvar for å trekke skatt av ytingar frå tredjepartar.

Reglane vart vedtekne i revidert nasjonalbudsjett i mai i fjor.

I mars gjorde regjeringa endringar i skattereglane for personalrabattar og gåver. Årsaka var at det vart kjent «at omfanget av personalrabatter er større enn det som tidligere ble lagt til grunn».

• Ein kan få personalrabatt på 100 prosent, framfor maksimalt 50 prosent som opprinneleg foreslått.

• Den skattefrie grensa for personalrabatt er på 8000 kroner, i staden for 7000 kroner.

• Den skattefrie grensa for gåver er 2000 kroner, framfor 1000 kroner.

• Endringa av skattereglane for fribillettar vart utsett til 1. juli sånn at transportselskapa skulle få «tid til å utforme billettordninger som i større grad er i samsvar med den enkeltes private reisebehov og nye skatteregler».

I mai varsla regjeringa at dei utset regelendringane for personalbillettar i transportnæringa fram til 1. januar 2020, slik at næringa kan lage automatiserte system. Sånne digitale system finst enno ikkje for personalbillettar. Dermed måtte arbeidsgivarane ha trekt skatt og innrapportert informasjon til skattemyndigheitene manuelt.

Kjelde: regjeringa.no

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy