Slik får dei pasientane til å ete meir og betre

MATLYST: Lars Yttri (t.v.) og Birger Moene vert servert fiskesuppe av sjukepleiar Asborg Leirdal Kjærvik.

MATLYST: Lars Yttri (t.v.) og Birger Moene vert servert fiskesuppe av sjukepleiar Asborg Leirdal Kjærvik.

Eivind Senneset

Over 35 prosent av sjukeheimsbebuarar står i fare for å utvikle underernæring, seier statistikken. Ved Gaupne omsorgssenter har dei innført lunsj og seinare middag i håp om at pasientane skal ete meir og betre.

2017110312291520171103125445

Ei pirrande lukt med lovnad om god mat brer seg på det vesle kjøkenet på avdeling 1 ved Gaupne omsorgssenter. Rykande heit fiskesuppe og rundstykke er på veg til Birger Moene, og han smiler nøgd. Den varme lunsjen midt på dagen fell kortidspasienten i smak på meir enn ein måte.

– Dette er heilt topp og passar meg mykje betre, seier Moene om den nyinnførte lunsjen klokka 13. Lunsjmenyen består av suppe, som i dag, andre dagar kan det vera ulike typar graut eller eit tradisjonelt brødmåltid med litt ekstra godt pålegg.

I februar la nemleg omsorgssenteret i Sogn og Fjordane om måltidrytmen. Før var det middagen som vart servert klokka 13, no kjem den på bordet klokka 15.30. Men til gjengjeld er det innført lunsj mellom frukost og middag.

(Artikkelen fortsetter under biletet)

SUNNARE: Kjøkkensjef Svein Tore Heltne meinar pasientane får ein betre måltidsrytme med innføring av lunsj midt på dagen, og middag klokka 15.30.

SUNNARE: Kjøkkensjef Svein Tore Heltne meinar pasientane får ein betre måltidsrytme med innføring av lunsj midt på dagen, og middag klokka 15.30.

Eivind Senneset

– Det er ikke greit å servere middag klokka 13 hvis pasienten spiser frokost klokka 11

Innførte lunsj – seinare middag

Måltidsrytmen var ein av grunnane til at leiinga ved Gaupne omsorgssenter bestemte seg for å endre tidspunkta for matserveringa til pasientane sine.

I likheit med Moene tykte både kjøkensjef Svein Tore Heltne, fagleiar Henriette Sandvik og einingsleiar Tone Kjærvik Kveane at det vart for mange timar mellom middag og kveldsmat, samt for få timar mellom frukost og middag.

– Nokre av pasientane rakk rett og slett ikkje å verta svoltne mellom måltida, slik det var lagt opp før, seier Heltne, som kan røpe at omlegginga har vore planlagt og ynskt lenge, av fleire grunnar.

(Artikkelen fortsetter under biletet)

FORNØGDE: Fagleiar ved Gaupne Omsorgssenter Henriette Sandvik (t.v.) og einingsleiar Tone Kjærvik Kveane er særs nøgde med den nye måltidsstrukturen.

FORNØGDE: Fagleiar ved Gaupne Omsorgssenter Henriette Sandvik (t.v.) og einingsleiar Tone Kjærvik Kveane er særs nøgde med den nye måltidsstrukturen.

Eivind Senneset

Ernæring var hovudgrunnen

Ernæring var hovudårsaka til innføringa av lunsj, og utsetjing av middag til seinare på ettermiddagen. Fleire studiar viser nettopp at eldre på sjukeheim eller sjukehus er særleg utsett for å verta underernært. Førekomsten av underernæring blant desse gruppene varierer mellom 10–60 prosent, avhengig av kva metode som er brukt. Blant anna viser ei norsk studie frå 2013 at over 35 prosent av dei undersøkte sjukeheimsbebuarene vart klassifisert i middels eller høg risiko for underernæring, og 21 prosent av pasientane var alt undervektige.

Dette er kjøkensjefen smerteleg klar over.

– Underernæring blant pasientar er ei utfordring, seier Heltne, som meinar at pasientane får ei mykje meir jamn måltidsrytme slik måltida vert lagt opp no.

Kjøkkensjefen ynskte og å få inn eitt til næringsrikt måltid i løpet av dagen, i staden for den tidlegare kaffien med eit kakestykkje som vart servert klokka 16 mellom middag klokka 13 og kveldsmat klokka 18.30.

– Me ynskte å tona ned kaffimat-måltidet, og heller få inn ein lunsj. Før kunne pasientane eta seg mette på kaker som vart servert med ettermiddagskaffien, no vert det meir ordentleg mat i løpet av heile dagen, seier Heltne, som er spent på å sjå effekten på vekta til pasientane.

(Artikkelen fortsetter under biletet)

BETRE FØR: Johan Moene vil helst ha det slik det var før, med middag klokka 13. For han er passar det best, tykkjer han.

BETRE FØR: Johan Moene vil helst ha det slik det var før, med middag klokka 13. For han er passar det best, tykkjer han.

Eivind Senneset

Godt motteke blant dei tilsette

Sandvik fortel at endringa har vorte teke godt imot av dei tilsette. Pleiarane rapporterer at det har vorte rolegare rundt middagsbordet, og at det har hatt positiv innflytelse på pasientar som slit med matlysta.

– Ein anna konsekvens av den endra måltidsrytmen, er at pasientane får lengre tid på aktivitetsstova, og dei tilsette har betre tid på formiddagen.

Omsorgsenteret har ei eiga aktivitetsstove med tilbod om ulike aktivitetar, som til dømes håndarbeid. Denne er open frå 10 til 15.

Ettermiddagsvaktene derimot er naturleg nok vorte travlare for dei tilsette. Som følgje av dette valde leiinga å endre turnusen. Dei har innført ei mellomvakt som går frå klokka 09.30 til 17.00, mellom anna for å klare å servere middag til utebuande brukarar i kantina på omsorgssenteret.

– Personalet har vore veldig flinke og positive, men det er sjølvsagt ting som må justerast etter kvart, seier Henriette Sandvik.

Inne på avdeling 1, får leiarane støtte frå sjukepleiar Asborg Leirdal Kjærvik.

– Me har fått betre tid på dagtid til andre ting, og dagen er vorte mindre stressande, meiner ho.

Slik blir middagsrestene til deilig lunsj

Ikkje alle er like nøgde

Men rundt eit bord inne på ei anna stove sit det fire karar frå den litt eldre garde, som ikkje er udelt positive til omlegginga:

– Eg tykkjer ikkje noko om det. Eg tykkjer det kan vere som det var før, seier Johan Moene. Den tidlegare bonden ynskjer seg tidleg middag og kaffikos klokka 16.

For dei andre herremennene er det ikkje like viktig. Men ein ting er alle me snakkar med, heilt einige om: Sjølve maten – om den vert servert klokka 13 eller klokka 15.30.

– Eg er voldsomt glad i mat, og maten her er god, so eg har det godt, oppsummerer Birger Moene og skrapar ei siste skei med suppe opp av tallerkenen.

VARIERT: Menyen inneheld for det meste tradisjonell, norsk mat, men med innslag av andre kjøken og nyare rettar.

VARIERT: Menyen inneheld for det meste tradisjonell, norsk mat, men med innslag av andre kjøken og nyare rettar.

Eivind Senneset

Gaupne omsorgssenter

• Ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

• Har ei korttidsavdeling med plass til 12 pasientar, i tillegg til 28 omsorgsplassar og 26 omsorgsbustadar.

• Ca. 80 tilsette.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy