TRUR PÅ OPPGANG: Astrid Hoem i AUF seier ho trur Ap vil få auka støtte igjen: – Vi er ikkje partiet som skal ligge på 19-prosent. Vi er partiet som skal forandre samfunnet.
Leif Martin Kirknes
oystein.windstad@fagbladet.no
Arbeidarpartiet har nyleg fått fleire meiningsmålingar på historisk låge 19 prosent. Støre-regjeringa har ikkje lenger fleirtal – om det hadde vore val i dag. AUF-leiar Astrid Hoem meiner Ap må sjå det store bildet:
– Det aller viktigaste er at vi greier å kutte klimagassutslepp. Og greier å halde fokuset på dei store utfordringane vi står framfor. Sjølv vi om ikkje kunne vite at det kom ein pandemi og krig, er vi nøydt til å levere på klima. Vi veit det vil kome ei klimakrise, seier Hoem.
• Derfor har omsorgsyrka høgast sjukefråvær
Skatt mot forskjellar
Auf-leiar Hoem meiner også at det må skattast meir frå dei som tener mest:
– Samtidig veit vi at forskjellen aukar mellom folk. Vi må både få ned forskjellane og sørgje for at det blir billigare med SFO, barnehage og fritidstilbod. Det må også strammast til på toppen. Vi må hente inn meir skattepengar frå dei som har mest frå før. For å minske forskjellane.
• Ap-grasrota: – Leiinga må levere på straum og prisauke
– Vår generasjon må få same sjansen
I dag blir det stadig vanskelegare for unge å få råd til eigen bustad. AUF og Hoem meiner dette er ei av dei store oppgåvene til regjeringa:
– Vi må sørgje for at vår generasjon får dei same moglegheitene som foreldregenerasjonen på bustadmarknaden, arbeidslivet og i utdanning. Det er dei største utfordringane i tillegg til situasjonen med krig og kraftkrise. Det er dei tinga som regjeringa er nøydt til å løyse.
Meiner Ap må vise tydeleg retning
– Har du nokre tankar om korfor det er fleire tusen veljarar som går frå Ap til andre parti?
– Vi har ikkje fått lagt fram eit eige statsbudsjett og styrer etter innretningane etter Høgre-regjeringa. Vi må vere tydelegare på kva vi vil og kva målet vårt er. Det er ei ny retning i politikken. Det må vi viste tydelegare kvar gong me gjer eit politisk vedtak.
Trur folk er føler seg utrygge
– Kva tenkjer du «vanlege folk» er opptekne av i kvardagen?
– Eg trur dei er opptekne av om lommeboka strekk til når reikningene kjem. Om dei kjem seg inn på bustadmarknaden og om dei opplever seg trygge på jobben. Det er så mykje usikkerheit rundt oss. No må vi vere regjeringa som viser at det er moglegheiter. Vi skal vere eit håp for at vi skal Bygge eit samfunn som er meir klimavennleg med mindre forskjellar med større moglegheiter for ungdom, seier Hoem i AUF.
Torsdag skal arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) drøfte pensjon med de parlamentariske lederne.
Jan-Erik Østlie
– Det holder bare ikke. Dette skulle rettes opp i, sier leder i Pensjonistforbundet Jan Davidsen om at uføre alderspensjonister i 1954-kullet og senere ikke har fått tilbake «skjermingstillegget».
Håvard Sæbø
Anita Arntzen
VILLASTRØK: De to barnehagene ble drevet henholdsvis i andre etasje på bygningen til venstre og over garasjen til høyre. Leieforholdene ble avsluttet for over et år siden. Huseieren, som fortsatt benytter huset som bolig og også gjorde det i utleieperioden, har ikke fått kritikk i forbindelse med saken.
Bjørn A. Grimstad
Colourbox.com
Selv om drikkevannsnettet er nedslitt og lekker som en sil, gjøres det nesten ingenting med problemet.
Bjørn A. Grimstad