JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Grunnfjellet sine råd til Ap på 19 prosent:

Leksar opp dei politiske suksessane: – Kom med tydelege og varige løysingar

Helene Skeibrok listar opp det Ap faktisk har fått til i regjering.

Helene Skeibrok listar opp det Ap faktisk har fått til i regjering.

Leif Martin Kirknes

Det må kome klare løysingar til vanlege folk: Straum, matvarer, drivstoff, fastlegeordninga og renta. Og Ap må få betre fram det dei har levert. Det seier fleire av Fagforbundet sine regionsleiarar.

2022081811520020220818120745

oystein.windstad@fagbladet.no

Arbeidarpartiet får ei oppslutning på rekordlåge 19 prosent på meiningsmålingane. Fleire av Fagforbundet sine regionsleiarar har to klare råd til eit Ap som har mista tusenvis av veljarar.

• Sjuk i ferien? Dette krevs for at du skal få ny ferie med løn

– Trygg vanlege folk

Leiaren i Fagforbundet sit i sentralstyret til Arbeidarpartiet. Fagforbundet og dei andre LO-forbunda er regna som grunnfjellet til Ap. Marianne Nilsen Skjønstad er regionleiar av Fagforbundet Vestfold og Telemark:

– Ap må bli tydelegare på varige løysingar, slik at vanlege folk blir trygga: Fastlegeordninga, straum, bensin/diesel-prisar og renteauke, svarar Skjønstad.

TRYGG VANLEGE FOLK: Marianne Nilsen Skjønstad i Fagforbundet Vestfold og Telemark meiner Ap må bli tydelge på løysingar som gjer kvardagen til vanleg folk betre og tryggare.

TRYGG VANLEGE FOLK: Marianne Nilsen Skjønstad i Fagforbundet Vestfold og Telemark meiner Ap må bli tydelge på løysingar som gjer kvardagen til vanleg folk betre og tryggare.

Leif Martin Kirknes

• Ap med 50 millionar i hjelp til studentane

Meine Ap må løyse kvardagsproblema

Ho får støtte frå Helene Harsvik Skeibrok, leiar av Fagforbundet Innlandet:

– Ap må vere klare og tydelege på korleis regjeringa kan bidra med dei utfordringane som folk står oppe i no, med høge straumprisar, drivstoff, matprisar og renter. Regjeringa har kome med fleire gode tiltak allereie, men det er framleis store utfordringar, seier ho og legg til:

– Det er kvardagen til den enkelte folk er opptekne av, og mange har høge forventingar med Ap ved roret. Ap har stor tillit hos mange når det gjeld rettferdig fordeling og små forskjellar. Derav blir au forventningane høge.

GRUNNFJELL: Helene Harsvik Skeibrok er regionleiar i Fagforbundet Innlandet. Saman med resten av fagrøyrsla er ho ein del av Ap sitt grunnfjell. Ho vil ha klare tydelege løysinger frå Ap.

GRUNNFJELL: Helene Harsvik Skeibrok er regionleiar i Fagforbundet Innlandet. Saman med resten av fagrøyrsla er ho ein del av Ap sitt grunnfjell. Ho vil ha klare tydelege løysinger frå Ap.

Birgit Dannenberg

• Har du jobbtelefon? Dette kan sjefen finne ut om deg

– Vis fram det Ap har levert

Trond Helleland er leiar for Fagforbundet Rogaland. Han meiner at Ap og regjeringa har levert mykje god politikk som må løftast fram:

– Det viktigaste er at me snakkar opp alle dei positive vedtaka som kjem våre medlemmar til gode. Eg kan nemne arbeidslivsvedtak, heile stillingar, avvikling av bemanningsbransjen, skattefrådrag på fagforeiningskontingenten med meir. Det er levert mykje bra på kort tid og dette må me synleggjere betre, svarar Helleland i Rogaland.

• Familiar taper fleire tusen i året på prisveksten

Trur mykje har drukna i kriser

Regionleiar Skeibrok i Innlandet meiner ei rekkje saker har drukna i blant anna pandemien og Ukraina-krigen:

– Ap har fått til mykje i regjering. Blant anna oppstart på tannhelsereform med halv pris for dei som er 21 og 22 år. Og gradvis utviding vidare. Gratis kjernetid på SFO for 1.-klassingane. Senking av makspris på barnehage frå hausten. Pensjon frå første krone. Brillestøtte for barn er på plass igjen. Feriepengar til permitterte og arbeidsledige. Høgare skatt på høg formue/inntekt og lågare skatt til dei med lågare inntekt. God sosialdemokratisk politikk er viktig ved kriser – det er viktig å jobbe fram gode politiske saker som trygger kvardagen til folk, seier Skeibrokk i Fagforbundet Innlandet.

• Jo dyrare straum jo meir får Statkraft-sjefen i bonus

Vil ha tydeleg informasjon-strategi

Regionleiar Skjønstad i Vestfold og Telemark peikar på at media set dagsorden, og det gjer at fleire gode vedtak ikkje blir lagt merke til:

– Partiet må lage ein infostrategi som er tydeleg og tryggar vanlege folk dei neste åra. Mange av våre medlemmar og tillitsvalde er bekymra for eigen økonomi og barna si framtid. Dette gjeld også for utviklinga på matvarer og prisauke generelt, seier Skjønstad. NRK sin politiske kommentator Lars Nehru Sand peikar i ein analyse på at tusenvis av Ap-veljarar har gått til Høgre: «Det er ekstra spesielt når Høgre verken i straumdebatten eller i drivstoffdebatten har slått seg opp på tydelege eller enkle løysingar».

• Giske går mot regjeringa sine straum-planar

MEST LEST:
MEDISIN PÅ AGENDAEN: Hjelpepleier May Brit Bang (f.v.), helsefagarbeider Silje Eike og lærling Madelen Mæland henter ut medisin. Det er tre ansatte på vakt på natta. I dag får de hjelp av en lærling i tillegg.

Jan Kåre Næss

På dette sykehjemmet må alle ansatte jobbe nattevakt

Mats Løvstad

Her er to grunner til at årets lønnsøkning blir høy

LÆRES OPP: Sykepleier André Brautereng(t.v.), veileder på utdannelsen,er prøvekanin når helsefagarbeider Robert Husum skal utføre en sykepleieroppgave. Målet er å kunne avlaste sykepleiere.

LÆRES OPP: Sykepleier André Brautereng(t.v.), veileder på utdannelsen,er prøvekanin når helsefagarbeider Robert Husum skal utføre en sykepleieroppgave. Målet er å kunne avlaste sykepleiere.

Kristin Svorte

Her lærer helsefagarbeider Robert (33) å gjøre sykepleier-oppgaver 

EIGD I CANADA: Bekkeberget barnehage på Gjerdrum er eit av over 300 barnehagebygg som det kanadiske investeringsfondet Brookfield no har eigarkontroll over.

EIGD I CANADA: Bekkeberget barnehage på Gjerdrum er eit av over 300 barnehagebygg som det kanadiske investeringsfondet Brookfield no har eigarkontroll over.

Werner Juvik

Desse barnehagane brukar mykje meir på husleige enn andre. Slik skjer det

KOMPETANSE: Helsefagarbeidere og hjelpepleiere har startet på videreutdanningen «medisinske prosedyrer» som nå er i gang ved Fagskolen Innlandet. Piloten skal inngå i fagskole-studiet «Spesialisering innen klinisk helsefagarbeid».

Helsefagarbeidere får ingen garanti for at økt utdannelse vil gi økt lønn  

– Jeg syns det var vanskelig å slutte. Jeg savnet det sosiale ved jobben i mange år. Jeg måtte til slutt godta at sånn var det, forteller Kari-Mette Nymark fra Oslo. Etter å ha prøvd ut mange ulike attføringstiltak for å få fortsette i jobben som hjelpepleier, ga hun til slutt opp.

Yngvil Mortensen

Var hjelpepleier – uføre Kari-Mette mistet pensjonstillegg: – Et ran

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy