Så mange tusen har du tapt dei tre siste åra
Sliter du i dyrtida? – Du vil truleg få dårlegare råd også neste år
TIPS: Magne Gundersen har ei rekkje tips til korleis du kan få bedre råd i denne saka. Til vanleg jobbar forbrukarøkonomen i Sparebank 1 og er også programleiar for Luksusfellen på TV3.
sparebank1/Jonathan Vivaas Kise
Gjennomgangen viser at du har tapt over ei månadsløn om du har bustadlån på to millionar kroner. Sjekk når forbrukarøkonom Mange Gundersen trur du vil få betre råd igjen.
oystein.windstad@fagbladet.no
Forbrukarøkonom og Luksusfellen-ekspert Magne Gundersen trur at vi får betre råd i 2025:
– Eg trur trenden med reallønsnedgang vil snu i 2024. Samtidig vil vi ha høge renter som gjer at det vil bli trongare. Slik sett endå trongare neste år. Eg trur folk vil oppleve at det blir slakkare i 2025, seier Gundersen.
• Fagbladet sin gjennomgang: Sjekk kor mykje du har tapt her
TAPT MÅNADSLØN: Har du to millionar kroner i bustadlån, har du fått tapt over ei månadsløn dei tre siste åra med dyrtid.
Kristin M. Johansen
{f1}
Dette kan du gjere
Gundersen meiner overgangen til det nye året er ein bra sjanse – til å sette seg ned å lage ei plan:
– Det er lurt å lage ei plan for økonomien til neste år. De kan vere eit fint nyttårsforsett. Set opp ei plan for kor mykje du har å rutte ned. Dette er dei nødvendige utgiftene. Pass på å sikre at du ikkje brukar meir enn du har råd til. Ta høgde for at bustadlånet vil stige også neste år. Det er viktigare enn nokon gong å få kontroll på økonomien, seier forbrukarøkonomen. Sjekk ut Gundersen sine 13 sparetips her.
HÅP: Forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 ventar at det blir lysare tider i 2025. Før det rådar han folk til å sjå grundig på økonomien og forbruket.
sparebank1/Jonathan Vivaas Kise
• Tener du mindre enn kollegaene? Sjekk snittløna i 350 yrke
Dette bør politikarane gjere
Auka renter og spesielt straumpris er viktigaste grunn til at vi har fått dårlegare råd i det siste, ifølgje SSB. Forbrukarøkonom Gundersen er kritisk til den politiske handteringa av straum, som han meiner har feila:
– Sjølve prisen i seg sjølv er ille nok. Det blir ekstra ille når prisen er så uforutsigbar og svingar frå dag til dag og time til time. Både bedrifter og personar veit ikkje kva straumen endar på neste månad, seier Gundersen og legg til:
– For nokre månader sidan var det nesten gratis straum i ein periode. Eg treng ikkje gratis straum, men føreseielege prisar utan dei skyhøge toppane. Vi har eit straumsystem som fører til jojo-prisar som vi ikkje er tente med. Vi må få på plass nye mekanismar som sikrar meir stabile prisar, seier Gundersen med ei oppmoding til regjeringa og Stortinget.
Så mykje har du tapt dei tre siste åra med dyrtid
• Du har 720.0000 i årsløn:
Sidan 2021 sit du igjen med 16.087 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 40.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 46.195 kroner.
• Du har 648.000 i årsløn:
Sidan 2021 sit du igjen med 15.443 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 35.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 45.551 kroner.
• Du har 468.000 i årsløn:
Sidan 2021 sit du igjen med 12.594 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 25.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 42.702 kroner.
• Du har 384.000 i årsløn:
Sidan 2021 sit du igjen med 10.097 kroner mindre fordi prisane har ete opp lønsauken. Du har rundt 35 prosent skatt og utbetalt rundt 20.000 kroner i månadsløn. Om du har eit lån på to millionar kroner, har lånet blitt 30.108 kroner dyrare sidan 2021. Samla sett har dyrtida kosta deg 40.205 kroner.
(Kjelde: Fagbladet/SSB)